Pete Ham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pete Ham
Fødd27. april 1947(1947-04-27)
FødestadSwansea, Wales
Død24. april 1975 (27 år)
DødsstadSurrey, England
FødenamnPeter William Ham
OpphavStorbritannia, Wales
Aktiv1961–1975
Sjanger
Instrument
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka som

Peter William Ham (27. april 194724. april 1975) var ein walisisk songar, låtskrivar og gitarist. Han er mest kjend som solovokalist og låtskrivar i rockebandet Badfinger, med hitsongar som «No Matter What», «Day After Day» og «Baby Blue». Han var òg medlåtskrivar av balladen «Without You», som vart ein stor hit for Harry Nilsson og som sidan er blitt spelt inn av mange andre artistar. Ham vann to Ivor Novello-prisar for songen i 1973.

Ham tok livet av seg i 1975 etter ein depresjon knytt til bandet og problema dei hadde med plateselskapet og manageren deira.

Død[endre | endre wikiteksten]

Warner Bros. Records saksøkte manageren til Badfinger, Stan Polley, etter Polley hadde forsvunne med eit forskot og bandet stod utan pengar. Ham trudde at han hadde tapt alt av pengar og hengde seg i garasjen sin berre tre dagar før han fylte 28 år. Han etterlét ei melding til den gravide kona og sonen hennar og sa at han elska dei og skreiv vidare «Eg vil ikkje få lov til å elske og stole på alle. Det er best sånn. PS Stan Polley er ein sjellaus jævel. Eg vil ta han med meg.»[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Clark, Nick (26. april 2013). «Badfinger: last act in a rock'n'roll tragedy». The Independent.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]