Høyvendar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gaffelhøyvendar for hestedrift.
Gaffelhøyvendar for traktor.
Moderne høyvendar.

Ein høyvendar er ein reiskap som vert nytta når ein tørkar høy på bakken. Han vert brukt til å snu graset og gjere det luftig slik at sol og luft kan framskunde tørkeprosessen. Høyvendaren vart utvikla som ein hestereiskap.

Dei første høyvendarane vart tekne i bruk i England midt på 1800-talet. Til Noreg kom dei om lag 1870. Høyvendaren har to store hjul, og ei ramme der snumekanismen er festa. Ein høyvendar er laga av metall. I den første tida vart ein del av konstruksjonen laga av tre.

Den vanlegaste høyvendaren har vore gaffelhøyvendaren. Han vart utvikla i Nord-Amerika. Til vanleg har han seks store gaflar som kvar for seg er festa til ein veivaksling og hengd opp i ramma. Når høyvendaren vert køyrd over det tørkande graset, driv hjulakslingen veivakslingen rundt. Gaflane går i ein sirkel, og når dei når bakken vert graset som ligg der kasta opp i lufta. Gaffeltindane er fjørbelasta i fall dei skulle kome nær bakken.

Som hestereiskap fanst det og trommelhøyvendar og vengehøyvendar.

Til bruk på traktor har det vorte utvikla andre typar høyvendarar.

Før høyvendaren kom i bruk vart dette arbeidet gjort med rive og handmakt. Ein rekna med at høyvendaren gjorde same arbeidet som ti personar med rive.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]