Radreinskar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Radreinsking i potetåker.

Radreinskar er ei jordbruksmaskin som blir nytta for mekanisk fjerning av ugras i potet- og grønsakåkrar. Dei smuldrar overflata og skjer av eller riv opp ugrasplanter[1]. I nokre vekstrar, som til dømes potetåkrar, fyller dei òg jord attåt plantene.

Traktormonterte radreinskarar er i dag ofte monterte i trepunktsopphenget, bak på traktoren. Dette gjer at føraren må vri seg rundt for å overvaka reiskapen. På traktorar som har frontmontert trepunktsoppheng kan reiskapen monterast der, slik at føraren slepp å vri seg rundt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. E. Glemmestad, Maskiner i landbruket, Landbruksforlaget, 2. utg., 1974.