Ardabil-provinsen
Utsjånad
| Ardabil | |||
| اردبیل | |||
| Provins | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Region 3 | ||
| Fylke | 10 | ||
| Hovudstad | Ardabil | ||
| Areal | 17 800 km² | ||
| Folketal | 1 270 420 (2016)[1] | ||
| Tidssone | IRST (UTC+03:30) | ||
| • Sommartid | IRST (UTC+04:30) | ||
![]() Ardabil-provinsen 38°15′05″N 48°17′50″E / 38.2514°N 48.2973°E | |||
| Wikimedia Commons: Ardabil Province | |||
Ardabil-provinsen (farsi استان اردبیل, Ostān-e Ardabīl ) er ein av 31 provinsar i Iran. Han ligg nordvest i landet i region 3, ved grensa til Aserbajdsjan, provinsane Aust-Aserbajdsjan, Zanjan og Gilan.[2] Det administrative senteret er byen Ardabil. Provinsen vart skipa i 1993 frå den austleg delen av Aust-Aserbajdsjan.
Klima og geografi
[endre | endre wikiteksten]Mange turistar kjem til regionen for det relativt sett kjøligare klimaet i dei varme sommarmånadane. Vintrane er kalde og temperaturen kan falle til –25 °C.
Det mest kjende naturområdet i provinsen er Sabalanfjella. Store delar av provinsen er grøn og skogkledd.
Byen Ardabil ligg kring 70 km frå Kaspihavet. Provinsen har ei flatevidd 18 011 km² og grensar til Aserbajdsjan.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ardabil Province» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mars 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «جمعیت به تفکیک تقسیمات کشوری» (på persisk). Henta 29. oktober 2023.
- ↑ «همشهری آنلاین-استانهای کشور به ۵ منطقه تقسیم شدند (Provinces were divided into 5 regions)». Hamshahri Online (på persisk). 22. juni 2014 (1 Tir 1393, Jalaali). Arkivert frå originalen den 23. juni 2014.


