Ilam-provinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ilam-provinsen
استان ایلام
Provins
Kallenamn: Brura i Zagros
Land  Iran
Region Region 4
Fylke 10
Høgd 36 moh.
Hovudstad Ilam
Areal 19 086 km² [1]
Folketal 557 599  (2011)[2]
Folketettleik 29 / km²
Grunnlagd 1973[3]
Tidssone IRST (UTC+03:30)
 - Sommartid IRST (UTC+04:30)
Postnummer 69311–69991[4]
Retningsnummer +98 84
Språk persisk, kurdisk, arabisk
Kart
Ilam-provinsen
33°38′18″N 46°25′21″E / 33.6384°N 46.4226°E / 33.6384; 46.4226
Wikimedia Commons: Ilam Province
Nettstad: www.portal-il.ir

Ilam-provinsen (farsi استان ایلام) er ein av 31 provinsar i Iran. I 2014 vart han plassert i Region 4.[5] Han ligg vest i landet, ved grensa til Irak. Provinshovudstaden er byen Ilam og han dekkjer ei flatevidd på 19 086 kvadratkilometer, inkludert byane Ilam, Mehran, Dehloran, Darreh Shahr, Sarable, Eyvan, Abdanan og Arkwaz. Ilam-provinsen grensar til tre andre iranske provinsar og Irak, med Khuzestan i sør, Lurestan i aust, Kermanshah-provinsen i nord og Irak i vest med 425 kilometer felles grense. Folketalet i provinsen er kring 600 000 innbyggjarar (estimat frå 2015)

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Ilam-provinsen dekkjer eit areal på 19086 km², kring 4,1 % av landet.[6]

Frå nordvest til søraust formar Zagrosfjella terrenget i området. Dei to viktigaste fjellryggane er Kabir Kuh og Dinar Kuh. Landskapet omfattar ørkenar i dei vestlege fylka Mehran og Dehloran ved grensa til LIrak, med særs varme somrar og milde vintrar, og særs lite nedbør, medan fjellområda i aust, som Abdanan og Darreh Shahr er mildare med meir nedbør, hovudsakleg som regn, sjølv om det ikkje er uvanleg med snø heller. Dei nordlege områda har på grunn av høgda kalde vintrar og milde somrar og får mest nedbør i provinsen. På grunn av det varierte landskapet er det nomadiske folk vanlege i området.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «اقلیم استان ایلام». پورتال سازمان هواشناسی کشور (på persisk). سازمان هواشناسی کشور. Henta 17. september 2015. [daud lenkje]
  2. Selected Findings of National Population and Housing Census 2011 Arkivert 2013-05-31 ved Wayback Machine.
  3. «تاریخچه استان ایلام». تبیان (på persisk). موسسه فرهنگی و اطلاع رسانی تبیان. 14. januar 2004. Henta 7. mars 2021. 
  4. «کدپستی ۵ رقمی مناطق استان ایلام». سامانه پیامک برتر (på persisk). سامانه پیامک برتر. Henta 7. mars 2021. [daud lenkje]
  5. «همشهری آنلاین-استان‌های کشور به ۵ منطقه تقسیم شدند (Provinces were divided into 5 regions)». Hamshahri Online (på persisk). 22. juni 2014. Arkivert frå originalen den 23. juni 2014. 
  6. 6,0 6,1 «اقلیم استان ایلام». Iran Meteorological Organization. [daud lenkje]