Teheran-provinsen
Teheran | |||
تهران | |||
Provins | |||
Land | Iran | ||
---|---|---|---|
Region | Region 1 [1] | ||
Fylke | 16 | ||
Hovudstad | Teheran | ||
Areal | 18 814 km² | ||
Folketal | 13 267 637 (2016)[2] | ||
Tidssone | IRST (UTC+03:30) | ||
- Sommartid | IRDT (UTC+04:30) | ||
Teheran-provinsen 35°42′42″N 51°24′25″E / 35.7117°N 51.407°E | |||
Wikimedia Commons: Tehran Province |
Teheran-provinsen (persisk استان تهران Ostān-e Tehrān) er ein av 31 provinsar i Iran. Han dekkjer eit areal på 18 909 km² og ligg nord for det sentrale platået i Iran.
Provinsen vart plassert i Region 1 der det administrative senteret for regionen vart oppretta i hovudstaden Teheran, då provinsane i Iran vart fordelt i regionar i 2014.[1]
Teheran-provinsen grensa ril Mazandaran i nord, Qom-provinsen i sør, Semnan-provinsen i aust og Alborz-provinsen i vest. Storbyen Teheran er hovudstad både i provinsen og i Iran. I 2004 hadde provinsen 13 bydistrikt, 43 kommunar og 1 358 landsbyar.
Teheran-provinsen er den mest velståande provinsen i Iran og bidrar til kring 29 % av BNP i landet. I tillegg husar han 18 % av alle innbyggjarane i landet. Teheran-provinsen er den mest industrialiserte provinsen i Iran. 86,55 % av innbyggjarane bur i urbane strøk, og 13,5 % på landsbygda.
Provinsen vart viktig då Teheran vart hovudstad for Qajar-dynastiet i 1778. I dag har Teheran meir enn sju millionar innbyggjarar og er blant dei 20 mest folkerike storbyane i verda.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Provinsen Teheran har over 12 mlilionar innbyggjarar og er den tettast folkesette regionen i Iran. Dei største elvane i provinsen er Karajelva og Jajrud.
Fjellkjeder som Alborz strekkjer seg over det nordlege området. Savad Kooh og Firooz Kooh ligg i nordaust, Lavasanat, Qarah Daq, Shemiranat, Hassan Abad og Namak-fjella ligg i sør, Bibi Shahr Banoo og Alqadr ligg i søraust og Qasr-e-Firoozeh-høgdene ligg i aust.
Klimaet i Teheran-provinsen er varmt og tørt, men i fjellområda i nærleiken er det kaldt og halvtørt. I dei høgareliggande områda er det kaldt med lange vintrar. I dei varmaste månadane frå midten av juli til midten av september, er middeltemperaturne kring 28–30 ºC, medan dei kaldaste månadane i desember og januar har ein middeltemperatur på kring 1 ºC, men kan stundom gå så lågt som –15 ºC. Teheran by har moderate vintrar og varme somrar. Årsmiddelnedbøren er kring 200 mm og det meste kjem om vinteren. I alt har provinsen eit halvtørt steppeklima i sør og fjellklima i nord.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tehran Province» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 همشهری آنلاین-استانهای کشور به ۵ منطقه تقسیم شدند
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 «جمعیت به تفکیک تقسیمات کشوری» (på persisk). Henta 29. oktober 2023.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 «جمعيت کشور برحسب جنس در نقاط شهری و روستایی به تفکیک استان (۱۳۹۰)» (på persisk). Henta 29. oktober 2023.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 «جمعیت برحسب جنس به تفکیک سن و استان در سال ۱۳۸۵» (på persisk). Henta 29. oktober 2023.