Beaubourg av Vangelis
| Beaubourg Studioalbum av Vangelis | ||
| Utgjeve | 1978 | |
| Innspelt | Nemo Studios, London, 1978 | |
| Sjanger | Electronica, eksperimentell musikk | |
| Lengd | 39:14 | |
| Selskap | Windham Hill, RCA (LP) # INTS 5158 | |
| Produsent | Vangelis | |
| Vangelis-kronologi | ||
|---|---|---|
| Spiral (1977) |
Beaubourg | Hypothesis (1978)
|
| Meldingar | |
|---|---|
| Karakter | |
| Kjelde | Karakter |
| Allmusic | |
Beaubourg er eit album av den greske musikaren Vangelis frå 1978. Det er heilt synthesizer-basert og særs eksperimentelt, basert på eksperimentelle improvisasjonar. I lag med Hypothesis (spelt inn i 1971 og uoffisielt gjeve ut i 1978) vert det ofte rekna som eit av dei minst tilgjengelege verka til Vangelis. Invisible Connections (1985) vert ofte òg rekna med i denne kategorien, basert på eksperimentell klassisk musikk.
Albumet er meint å reflektere livet i bydelen Beaubourg i Paris, der Vangelis budde tidleg i 1970-åra. Beaubourg er ein musikalsk representasjon av Centre Pompidou i Paris.
Musikken på albumet vart framført med ein eller fleire Yamaha CS-80 og ringmodulator, som han brukar mykje.
Plateomslaget er laga av Vangelis sjølv. Lydteknikar på albumet var Keith Spencer-Allen, som var assistert av Marlis Duncklau.
Allmusic skreiv om albumet at det var «i beste fall vanskeleg å lytte til».[1]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]All musikk komponert av Vangelis
| Nr. | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Beaubourg, Part I» | 18:09 |
| Nr. | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 2. | «Beaubourg, Part II» | 21:05 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Beaubourg (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 6. september 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- 'Vangelis Movements'
- Intervju i 1979
- 'Elsewhere'
- 1 2 McDonald, Steven. «Beaubourg». Allmusic. Henta 5. september 2014.