China av Vangelis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
China
Studioalbum av Vangelis
Utgjeve 1979
Innspelt Nemo Studios, London, 1978
Sjanger Electronica
Lengd 41:17
Selskap Polydor (LP) POLD 5018, (CS) 813653-4
Produsent Vangelis
Vangelis-kronologi
The Dragon
(1978)
China Odes
(1979)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]

China er eit musikkalbum frå 1979 av den greske musikaren Vangelis. Sjølv om han aldri hadde vore i Kina, nytta han kinesiske instrument og komposisjonsstilar på dette konseptalbumet. Det var det første albumet Vangelis gav ut for Polydor Records.

Albumet vart spelt inn i ein veldig produktiv periode i karrieren til Vangelis, der han utforska elektro-akustisk komponering. Vangelis nyttar eit arsenal av synthesizerar og skapar lydeffektar, som damplokomotiv på «Chung Kuo», og forskjellige lydar som minnar om Kina på alle spora.

Songen «The Long March» vart gjeven ut på singel. B-sida var ein annan versjon av songen kalla «The Long March (Part II)». Dette var albumversjonen med tekst i tillegg. Teksten vart skriven og sungen av Orleons Infant School Twickenham.

Filmregissøren Ridley Scott ntyta eit draumeaktig, atmosfærisk klipp frå «The Little Fete» som musikk for reklamefilmen hans «Share the Fantasy» for Chanel No. 5 i 1979. Filmen syner ei kvinne som ligg ved sidan av eit symjebasseng og gjekk på amerikansk fjernsyn til godt ut i 1980-åra. Scott bestilte sidan musikk av Vangelis til filmen Blade Runner i 1982. Under opningsseremonien til Expo 2010 i Shanghai, vart «The Dragon» nytta.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All musikk komponert av Vangelis.

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Chung Kuo»   5:31
2. «The Long March»   2:01
3. «The Dragon»   4:13
4. «The Plum Blossom»   2:36
5. «The Tao of Love»   2:46
6. «The Little Fete»   3:01
Side to
# Tittel Lengd
7. «Yin & Yang»   5:48
8. «Himalaya»   10:53
9. «Summit»   4:30

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Vangelis - synthesizerar, trommemaskin, elektrisk piano («The Tao of Love»), piano («The Long March», «The Plum Blossom», «Himalaya»), forskjellige kinesiske fløyter og strengeinstrument.
  • Michel Ripoche - fiolin på «The Plum Blossom»
  • Yeung Hak-Fun og Koon Fook Man - forteljing på «The Little Fete».
  • Lydteknikarar: Keith Spencer-Allen, Raphael Preston og Andy Hendriksen
  • Plateomslag: Vangelis

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic review

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • China på Vangelis Movements