Direct av Vangelis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Direct
Studioalbum av Vangelis
Utgjeve 18. oktober 1988
Sjanger Elektronisk, synth-pop
Lengd 57:38 (LP), 66:16 (CD)
Selskap Arista
Produsent Vangelis
Vangelis-kronologi
Invisible Connections
(1985)
Direct Themes
(1989)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]

Direct er eit studioalbum frå 1988 av den greske musikaren Vangelis. Vangelis flytta til eit nytt plateselskap, Arista og introduserte ei ny retning i musikken til Vangelis mot eit meir popformat. Etter Mask (1985) og Invisible Connections (1985) var det ein kort pause i arbeidet til Vangelis, då han flytta frå London til Hellas, og var involvert i teaterarbeid.

I plateomslaget står det at Vangelis kalla albumet «Direct» for å syne korleis han komponerte musikk. Innspelingsprosessen gjekk føre seg slik at så mykje som mogeleg vart spelt inn samstundes, med få lydopptak oppå kvarandre. Denne prosessen vart i stor grad utført ved hjelp av eit spesiallaga midisystem designa for Vangelis av teknikarane Bill Marshall og Pete Kellock, i tillegg til den kommersielt tilgjengelege Zyklus MPS som òg var utvikla av Marshall og Kellock.[2]

Albumet er nesten heilt instrumentalt, og det vert hovudsakleg nytta synthesizerar og trommemaskinar. Operavokalen på «Glorianna» vert sungen av den greske mezzo-sopranen Markella Hatziano. Den mannlege stemma på «Intergalactic Radio Station» er teknikaren Casey Young.

Albumet vart gjeve ut både på LP og CD, men to songar, «Dial Out» og «Intergalactic Radio Station», finst ikkje på LP-utgåva.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All musikk komponert av Vangelis.

# Tittel Lengd
1. «The Motion of Stars»   4:17
2. «The Will of the Wind»   4:41
3. «Metallic Rain»   6:10
4. «Elsewhere»   5:39
5. «Dial Out» (berre på CD-utgåva) 5:20
6. «Glorianna (Hymn a la Femme)» (med Markella Hatziano) 4:20
7. «Rotation's Logic»   3:27
8. «The Oracle of Apollo»   3:55
9. «Message»   7:07
10. «Ave»   5:04
11. «First Approach»   4:58
12. «Intergalactic Radio Station» (berre på CD-utgåva) 7:44

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Vangelis – arrangør, komponist, alle instrument, produsent
  • Markella Hatziano - vokal på spor 6
  • Casey Young - stemme på spor 12
  • Nicos Despotidis – lydteknikar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Brenholts, Jim (2011). «Direct - Vangelis | AllMusic». allmusic.com. Henta 8. september 2014. 
  2. «Synthesizer occult: Zyklus and Direct Sequencer». Henta 8. september 2014.