Fais que ton rêve soit plus long que la nuit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fais que ton rêve soit plus long que la nuit
Studioalbum av Vangelis
Utgjeve 1972
Innspelt Sonor studios i Paris
Sjanger Electronica
Lengd 30:57
Selskap Reprise, # 54009 (LP)
Produsent Vangelis O. Papathanassiou
Vangelis-kronologi
Sex Power
(1970)
Fais que ton rêve soit plus long que la nuit Earth
(1973)


Fais que ton rêve soit plus long que la nuit er eit album av Vangelis som berre kom ut i Frankrike og Hellas[1] Det vart spelt inn i 1971 og gjeve ut i 1972 med undertittelen Poeme Symphonique. Heile temaet på plata fokuserer på mai 1968 i Frankrike og studentopprøra som fann stad der på den tida.[2] Albumet består av ein collage av musikk, opptak frå opprøra, nyhendemeldingar, protestsongar og parolar. Eit av korstykka vart seinare omarbeidd som «Athenes Ma Ville» på Melina Mercouri-albumet Si Melina m'Etait Contée i 1974.[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Face A: Fais que ton rêve soit plus long que la nuit» (C’est une nuit verte / Celle des barricades / Nuit verte ou rouge ou bleue ou noire / Qu’importe mon ami / Cela importe mon ami / L’espoir de la victoire) 15:25
2. «Face B: Fais que ton rêve soit plus long que la nui» (Le rêve est réalité / Jouissez sans entraves / Vivez sans temps morts / Baisez sans carottes) 15:32

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

På plateomslaget står det oppført følgjande «deltakarar»: Mireille Abadie, Jean-Phillipe Ancelle, Anne Bertholon, Yves Borrini, Said Boussouar, Gabriel Cinque, Christine Combe, Pierre Fabien, Katy Grandi, Gerard Hauducouer, Jean-Marie Hauducouer, Catherine Humbert, Vincent Kaldor, Michelle Lebret, Huguet Maillard, Jean-Pierre Mathieu, Christine Parat, Jacques Pieller, Marie-France Pigeau, Michel Ripoche, Alain Serve, Charles Chalkitis, La Fanfare «La gerbe des Mandolines».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vangelis Collector
  2. 2,0 2,1 Vangelis movements Henta 3. september 2014