Antarctica av Vangelis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Antarctica
Filmmusikk av Vangelis
Utgjeve 1983
Innspelt 1983, Nemo Studios, London
Sjanger Elektronisk, lydspor
Lengd 45:29
Selskap Polydor
Produsent Vangelis
Vangelis-kronologi
Chariots of Fire
(1982)
Antarctica Silent Portraits
(1984)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

Antarctica er eit filmmusikkalbum av Vangelis frå 1983 for den japanske filmen Antarctica (Nankyoku Monogatari) av Koreyoshi Kurahara. I fleire år var albumet berre tilgjengeleg i Japan, men dukka opp i andre land som ein sjeldan og dyr import. I 1988 valte Polydor å gje ut albumet verda over.

Det finst noko musikk i filmen, men ikkje mykje, som ikkje finst på albumet.

Det finst to plateomslag, eit hovudsakleg kvitt og det andre med ei rame som syner hundar frå filmen. På begge versjonane finst det unytta omslaget på baksida av CD-heftet.

Jim Brenholst frå Allmusic skreiv om albumet: «Musikken er særs dynamisk og dramatisk, men skapar ikkje kjensla av kulde og is, slik ein kunne vente. Med kjensler av angst, isolasjon og til og med einsemd, er det faktisk særs god musikk. Det kjennest berre ikkje ut som Antarktis.»[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All musikk komponert av Vangelis.

# Tittel Lengd
1. «Theme from Antarctica»   7:29
2. «Antarctica Echoes»   5:58
3. «Kinematic»   3:50
4. «Song of White»   5:17
5. «Life of Antarctica»   5:59
6. «Memory of Antarctica»   5:30
7. «Other Side of Antarctica»   6:56
8. «Deliverance»   4:30

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Brenholts, Jim. Antarctica av VangelisAllmusic