Chariots of Fire: The Play av Vangelis
| Chariots of Fire: The Play Musikkalbum av Vangelis | ||
| Utgjeve | 23. juli 2012 | |
| Innspelt | 2012 | |
| Sjanger | Filmmusikk | |
| Selskap | Decca Records | |
| Vangelis-kronologi | ||
|---|---|---|
| The Collection (2012) |
Chariots of Fire: The Play | Rosetta (2016)
|
Chariots of Fire: The Play er eit musikkalbum av den greske musikaren Vangelis med musikk frå teateroppsetninga til Mike Bartlett av filmen Chariots of Fire. Albumet vart gjeven ut i Europa 23. juli 2012.
Skodespelet nytta både musikk som opphavleg var med i filmen og gjeve ut på albumet Chariots of Fire i 1981, men òg ny musikk komponert av Vangelis for teaterversjonen. Skodespelet vart ein stor suksess og gjekk både på Hampstead Theatre i London, før det flytta til Gielgud theater i West End.[1]
Det nye albumet inneheld eit spor som var direkte henta frå filmmusikkalbumet («Abraham's Theme»), eit spor som var noko oppdatert for skodespelet, og eit spor frå filmmusikkalbumet som kom i ei ny drakt, med fleire synthesizerar og redigering.[1] I tillegg var den religiøse «Jerusalem», som ikkje er skriven av Vangelis med. Denne songen er nytta i både filmen og skodespelet og inspirerte til tittelen til filmen. Alle dei andre spora har med nykomponert musikk, i alt elleve spor. Dei inneheld stundom referansar til tema som vart nytta i filmen, men er ofte heilt nye komposisjonar.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle spor skrivne av Vangelis, utanom «Jerusalem» av Hubert Parry.
| Nr. | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Chariots of Fire» (tidlegare utgjeven, lett oppdatert) | 3:29 |
| 2. | «Physical Energy» | 3:13 |
| 3. | «Home in the Glen» | 3:52 |
| 4. | «Eric's Theme» (oppdatert) | 4:06 |
| 5. | «Abraham's Theme» (tidlegare utgjeven) | 3:02 |
| 6. | «Harold's Despair» | 2:25 |
| 7. | «Belief» | 4:11 |
| 8. | «Ballard» | 3:10 |
| 9. | «Aspiration» | 8:09 |
| 10. | «Eric's Pleasure» | 5:07 |
| 11. | «Lord Lindsay» | 1:36 |
| 12. | «At The Starting Blocks» | 3:56 |
| 13. | «Epilogue» | 4:26 |
| 14. | «After the Race» | 4:37 |
| 15. | «Jerusalem» (tidlegare utgjeven) | 3:05 |