Chariots of Fire av Vangelis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Chariots of Fire
Filmmusikk av Vangelis
Utgjeve April 1981
Innspelt 1981
Sjanger Filmmusikk, elektronisk musikk
Lengd 42:03
Selskap Polydor
Produsent Vangelis
Vangelis-kronologi
See You Later
(1980)
Chariots of Fire Antarctica
(1983)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]

Chariots of Fire er eit filmmusikkalbum av den greske musikaren Vangelis (Vangelis Papathanassiou) frå 1981 for den britiske filmen Chariots of Fire. Filmen vann fire Oscarprisar, mellom anna for beste film og beste musikk.

Albumet toppa Billboard 200 i fire veker. Opningstemaet i filmen (kalla «Titles» på albumet, men elles kjend som «Chariots of Fire») vart gjeven ut som singel i 1981 og toppa Billboard Hot 100 i USA i ei veke, etter å ha klatra jamt og trutt i fem månader. «Titles» nådde òg 12. plassen i Storbritannia, medan albumet nådde femteplassen og låg 107 veker inne på albumlista. Singelen nådde 21. plassen i Australia.[2]

Ein ny stil[endre | endre wikiteksten]

Filmregissøren Hugh Hudson valde Vangelis til å skrive musikk til filmen, etter å ha blitt imponert av albuma Opera Sauvage og China. Han hadde òg arbeidd med Vangelis på ein reklamefilm i Paris i 1970-åra.[3] Vangelis spelte alle instrument, inkludert synthesizerar, akustisk piano, trommer og perkusjon, og spelte inn musikken i studioet sitt, Nemo Studio i London, som han hadde sett opp i 1975.[4] Musikken hans, som hovudsakleg var elektronisk, var ein ny stil for filmmusikk. Bruken av synthesizerar i filmmusikk, utanom bakgrunnsteppe, gjorde at regissørar, produsentar og studio kunne høyre tidlege versjonar av fulle lydspor til flimane sine, og dette hadde røter i Chariots of Fire.

«Han [Vangelis] fortel oss om korleis han produserte musikken for Chariots of Fire. Om det låge budsjettet det hadde. Korleis han heile tida endra retning i tråd med forfattaren til soga. Berre når filmen var heilt ferdig, byrja han i røynda å skrive musikken for det. Såg filmen tre gonger, før han byrja å arbeide.» — Vangelis intervju til magasinet Music Maker i september 1982 [5]
«Eg ønskte ikkje å lage periodemusikk. Eg prøvde å skrive musikk som var moderne og samtidig kompatibel med tida filmen føregjekk på. Men eg ønskte ikkje å gå for ein fullstendig elektrisk stil.» — Vangelis-intervju i American Film i september 1982 [6]

Nesten all musikken på albumet er spelt inn på ny, og høyres annleis ut enn musikken ein høyrer i filmen, ofte med rikare arrangement, særleg på sporet «Titles». Den andre delen av albumet er ein lang suite som inneheld musikk frå og inspirert av filmen.[4] Fleire av dei originale temaa frå filmen kom ikkje med på albumet.

«Ei plate er noko anna enn ein film. Det må vere forskjellar - i det minste av kunstnariske årsaker.» — Vangelis-intervju til magasinet Neumusik i august 1981 [7]

Sjølv om Vangelis hadde skrive filmmusikk før, inkludert naturdokumentarane for Frédéric Rossif, var Chariots of Fire den første store filmen han skreiv musikk for, og det gav han eit umiddelbart gjennombrot som komponist, sidan «Titles» vart ein internasjonal hit og endra retninga til karrieren hans.

«Det er sjeldan ein komponist tenkjer på det mest suksessrike verket sitt som sitt beste. Eg er ikkje noko unntak til det. Eg syns for eksempel musikken min til Mutiny on the Bounty er langt meir interessant enn Chariots of Fire.» — Vangelis-interjvu til avisa De Telegraaf den 15. juni 1991 [8]

Ytterlegare informasjon[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til den originale musikken til Vangelis, omfattar albumet eit arrangement av «Jerusalem», sungen av Ambrosian Singers, slik han vart framført i 1978 i gravferda til Harold Abrahams, hendinga som starta og sluttar filmen. Det kjende korverket frå 1916 er skriven av Sir Hubert Parry frå eit William Blake-dikt.

Vangelis tileigna musikken til faren Ulysses Papathanassiou som hadde vore ein sprinter.

Trass i at Vangelis sjeldan held konsertar, spelte han «Chariots of Fire» live i Los Angeles i USA (7. november 1986), Roma i Italia (17. juli 1989, som ekstranummer), Rotterdam i Nederland (18. juni 1991), og Aten i Hellas (Mythodea-konsertane 13. juli 1993 og 28. juni 2001, som ekstranummer, og 1. august 1997)[9]

Fleire spor på albumet finst på offisielle samlealbum av Vangelis: Themes (1989), Best Of Vangelis (1992), Portraits {So Long Ago, So Clear} (1996) og Odyssey - The Definitive Collection (2003).[10]

Noko musikk frå filmen kom ikkje med på albumet til Vangelis. Ein av dei er bakgrunnsmusikken til løpet Eric Liddell gjer i Dei skotske høglanda. Titetlen på stykket er «Hymn,» og kjem frå albumet Opéra sauvage i 1979.

Regissør Hugh Hudson ønskte først å bruke «L'Enfant» frå Opéra sauvage som musikk for den kjende løpesekvensen i sakte film på stranda. Vangelis overtydde han derimot til å skrive ein ny song. Dei to songane har ein liknande intro.

Rettssak[endre | endre wikiteksten]

I 1985 saksøkte den greske komponisten Stavros Logaridis Vangelis for plagiat (EMI mot Warner Brothers), og hevda at tittelsporet var eit plagiat av songen «City of Violets» (1977) — som har noko liknande instrumentering og akkordprogresjon. Vangelis demonstrerte korleis han hadde skrive songen på synthesizerane sine i retten og vann saka.

Saka gjekk heilt til høgsterett i London High Courts i 1987, og vart omtalt som ein prøvesak for saker som omhandla sampling, brot på opphavsrett og liknande.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All musikk komponert av Vangelis, utanom Jerusalem av Hubert Parry.

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Titles»   3:33
2. «Five Circles»   5:20
3. «Abraham's Theme»   3:20
4. «Eric's Theme»   4:18
5. «100 Metres»   2:04
6. «Jerusalem»   2:47
Side to
# Tittel Lengd
7. «Chariots of Fire»   20:41

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Vangelis — all instrument
  • Ambrosian Singers — kor (spor 6)
  • John McCarthy — kordirigent (spor 6)
  • Raphael Preston — lydteknikar
  • Raine Shine — lydteknikar
  • John Walker — lydteknikar

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1981–82) Plassering
Australia (Kent Music Report)[11] 5
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[12] 11
Canada (RPM)[13] 2
Tyskland (Media Control Charts)[14] 39
New Zealand (Recorded Music NZ)[15] 6
Nederland (MegaCharts)[16] 9
UK Albums Chart (Official Charts Company)[17] 5
US Billboard 200[18] 1

Bruk i andre media[endre | endre wikiteksten]

«Titles» frå Chariots of Fire er brukt i mange filmparodiar, fjernsynsshow og andre stader, òg som inspirasjonsmusikk for idrettsfolk. Nokre av desse er:

  • Temasongen vart spelt då Apple Inc. sin dåverande styreformann Steve Jobs intoduserte den første Macintosh-maskinen den 24. januar 1984 ved ei teknologimesse.
  • I filmen Madagascar frå 2005 når sebraen Marty og løva Alex spring i sakte film.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mills, Ted. «Chariots of Fire». Allmusic. Henta 5. september 2014. 
  2. Steffen Hung. «Forum - One Hit Wonders (General: Music/Charts related)». australian-charts.com. Henta 7. september 2014. 
  3. Daily Telegraph 2. november 1982]
  4. 4,0 4,1 Dennis Lodewijks' Elsewhere
  5. Vangelis interview to Music Maker magazine, September 1982
  6. Vangelis interview to American Film magazine, September 1982
  7. Vangelis interview to Neumusik magazine, issue 5, August 1981
  8. Vangelis-intervju til avisa De Telegraaf, 15. juni 1991
  9. Dennis Lodewijks' Elsewhere
  10. Dennis Lodewijks' Elsewhere
  11. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, New South Wales: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  12. «Discographie Vangelis». austriancharts.at (på German). Hung Medien. Henta July 28, 2013. 
  13. «50 Albums». RPM (Toronto) 36 (15). May 22, 1982. Henta July 28, 2013. 
  14. «Discographie Vangelis». charts.de (på German). Hung Medien. Henta July 28, 2013. 
  15. «Discography Vangelis». charts.org.nz. Hung Medien. Henta July 28, 2013. 
  16. «Discografie Vangelis». dutchcharts.nl (på Dutch). Hung Medien. Henta July 28, 2013. 
  17. «Vangelis» (select «Albums» tab). Official Charts Company. 
  18. «Chariots of Fire [Original Score] – Awards». AllMusic. Rovi Corporation. Henta July 28, 2013. 
  19. «National Lampoon's Vacation». IMDb.com. Henta 7. september 2014.