Blade Runner av Vangelis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Blade Runner
Filmmusikk av Vangelis
Utgjeve 1994
Innspelt 1982, Nemo Studios, London
Sjanger Ambient, elektronisk
Lengd 57:39
Selskap EMI (Atlantic Records in the US)
Produsent Vangelis
Vangelis-kronologi
1492: Conquest of Paradise
(1992)
Blade Runner Voices
(1995)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[1]

Blade Runner er eit filmmusikkalbum av Vangelis for Ridley Scott-filmen Blade Runner i 1982. Det er stort sett ein mørk, melodisk kombinasjon av klassiske komposisjonar og synthesizerar som speglar den futuristiske film noir-stilen til Scott. Sidan premieren av filmen er det gjeve ut to offisielle album med musikk som ikkje var med i filmen og nye komposisjonar i liknande stil. Ei orkesterutgåve av av filmmusikken vart gjeven ut i 1982 av New American Orchestra. Det originale filmmusikkalbumet kom først i 1994 med vokal frå Demis Roussos og saksofonsolo av Dick Morrissey på «Love Theme». Sporet «Memories of Green» frå albumet See You Later frå 1980 var òg med på albumet. Ei ny utgåve frå 2007 inneheld ei plate med ny musikk som var inspirert av filmen.

I filmen kan ein òg høyre «Ogi No Mato» av den japanske gruppa Ensemble Nipponia, og harpespelaren Gail Laughton sin «Pompeii 76 A.D.» (frå Harps of the Ancient Temples). To songar som vart nytta mykje i arbeidskopien av filmen er «If I Didn't Care» av The Ink Spots og «Quran» av Brian Eno & David Byrne, som begge ikkje var med i kinoversjonen av Blade Runner.

Det originale filmmusikkalbumet kom ut over eit tiår etter filmen, i 1994, trass i at musikken vart godt motteken av fansen og kritikarane og vart nominert i 1983 for ein BAFTA og Golden Globe for beste filmmusikk. Det var òg lovnader om eit filmmusikkalbum frå Polydor Records i rulleteksten på slutten av filmen. Samleplata Themes frå 1989 inneheld nokre spor frå filmen, men det var først to år seinare, etter at regissørversjonen av filmen kom i 1992 at filmmusikkalbumet endeleg kom ut.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Den første utgåva[endre | endre wikiteksten]

Blade Runner
Filmmusikk av New American Orchestra
Utgjeve 1982
Sjanger Ambient
Lengd 33:38
Selskap Full Moon
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]

Den første offisielle utgåva av albumet (på LP, kassett og CD) var ei nytolking av New American Orchestra i 1982. Det vart omtalt som ei «orkesterutgåve av musikken komponert for filmen av Vangelis», og bestod av jazz-inspirert, orkestrerte versjonar av dei viktigaste spora frå filmen, men ikkje den originale musikken.

New American Orchestra-versjonen
# Tittel Lengd
1. «Love Theme»   4:12
2. «Main Title»   5:01
3. «One More Kiss, Dear»   4:00
4. «Memories of Green»   4:50
5. «End Title»   4:17
6. «Blade Runner Blues»   4:38
7. «Farewell»   3:10
8. «End Title Reprise»   3:08
33:16

I 1989 gav Vangelis ut Themes, eit samlealbum med musikk som ikkje tidlegare var gjeven ut frå fleire av filmane han hadde skrive musikk til, i tillegg til musikk som ikkje var knytt til filmar. Albumet inneheld «End Titles», «Memories of Green» og «Love Theme» frå Blade Runner, og var første gong dei originale versjonane av desse vart gjevne ut.

Offisielle Vangelis-utgåver[endre | endre wikiteksten]

1994-utgåva[endre | endre wikiteksten]

I 1994 kom den offisielle utgjevinga av Vangelis-musikken ut på East West (Warner Music) i Storbritannia og Atlantic Records i USA. Albumet nådde topp 20 i Storbritannia.

Denne utgjevinga kom med eit hefte med stillbielte frå filmen. På side tre er det ei liste over medverkande og dei følgjande orda av Vangels:

Det meste av musikken på dette albumet kjem frå innspelingar eg gjorde i London i 1982, medan eg arbeidde med musikken til filmen BLADE RUNNER. Eg kunne ikkje gje ut desse innspelingane på den tida, så det er med stor glede eg kan gjere det no. Somme av stykka på albumet vil vere kjend for deg frå den originale musikken til filmen, medan andre opptrer her for første gongen. Å sjå attende på dei mektige og stemningsskapande bileta til RIDLEY SCOTT, gjorde meg like stimulert som før, og eg kompilerte denne musikken på ny, ei fornøyeleg oppleving. (VANGELIS Aten, april 1994)[3]

Dei fleste av spora på albumet er frå filmen, men fleire vart skrivne av Vangelis, men ikkje nytta i sjølve filmen. Andre komposisjonar som finst i filmen er ikkje med på denne utgåva.

All tekst skriven av Peter Skellern tekst på «One More Kiss, Dear», all musikk komponert av Vangelis.

# Tittel Lengd
1. «Main Titles»   3:42
2. «Blush Response»   5:47
3. «Wait for Me»   5:27
4. «Rachel's Song»   4:46
5. «Love Theme»   4:56
6. «One More Kiss, Dear»   3:58
7. «Blade Runner Blues»   8:53
8. «Memories of Green»   5:05
9. «Tales of the Future»   4:46
10. «Damask Rose»   2:32
11. «Blade Runner (End Titles)»   4:40
12. «Tears in Rain»   3:00
57:53

2007-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Blade Runner Trilogy, 25th Anniversary

Blade Runner Trilogy, 25th Anniversary
Filmmusikkalbum av Vangelis
Utgjeve 10. desember 2007
Sjanger Ambient, electronica
Selskap Universal Records
Produsent Vangelis
Vangelis-kronologi
Alexander
(2004)
Blade Runner Trilogy, 25th Anniversary El Greco Original Motion Picture Soundtrack
(2007)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg [4]

Ein trippel-CD frå 2007 kom ut samstundes med ei samling av fem DVDar som markerte 25-årsjubileet til filmen. Det inneheld den originale CDen frå 1994 i lag med to bonus-CDar, som begge består av original musikk av Vangelis. Den andre plata inneheld meir musikk frå filmen, som ikkje tidlegare var gjeven ut, men framleis ikkje all musikken til dømes hovudtemaet i starten av filmen. Den tredje plata inneheld nytt materiale inspirert av Blade Runner.

25-årsjubileumsutgåva - Plate 2
# Tittel Lengd
1. «Longing»   1:58
2. «Unveiled Twinkling Space»   1:59
3. «Dr. Tyrell's Owl»   2:40
4. «At Mr. Chew's»   4:47
5. «Leo's Room[sic]» (feilaktig tittel, skulle vore Leon) 2:21
6. «One Alone» (bonusspor) 2:23
7. «Deckard and Roy's Duel»   6:16
8. «Dr. Tyrell's Death»   3:11
9. «Desolation Path» (bonusspor) 5:45
10. «Empty Streets»   6:16
11. «Mechanical Dolls»   2:52
12. «Fading Away»   3:32
43:17

Den andre plata med musikk frå filmen som ikkje tidlegare var gjeven ut, inneheld òg to bonusspor. Den eine, «Desolation Path», er ein litt annleis versjon av «Alternate Love Theme/I Dreamt Music».[5] Dette sporet vart opphavleg nytta i arbeidsutgåva av filmen, under kjærleiksscenen mellom Deckard og Rachel.

25-årsjubileumsutgåva - Plate 3
# Tittel Lengd
1. «Launch Approval»   1:54
2. «Up and Running»   3:09
3. «Mail from India»   3:27
4. «BR Downtown»   2:27
5. «Dimitri's Bar»   3:52
6. «Sweet Solitude»   6:56
7. «No Expectation Boulevard»   6:44
8. «Vadavarot»   4:14
9. «Perfume Exotico»   5:19
10. «Spotkanie z matką»   5:09
11. «Piano in an Empty Room»   3:37
12. «Keep Asking»   1:29
48:14

Piratkopiplater[endre | endre wikiteksten]

På grunn av forseinkinga og den dårlege reproduksjonen av musikken frå Blade Runner, vart det laga mange piratkopiplater i løpet av åra. Eit lydband dukka opp i 1982 på science fiction-messer og vart populær, sidan dei originale innspelingane ikkje kom ut. I 1993 gav «Off World Music, Ltd.» ut ein pirat-CD som var meir omfattande enn den offisielle CD-versjonen til Vangelis frå 1994. Ei plate frå «Gongo Records» inneheld mykje det same, men litt meir. The Deck Definitive Edition kmo kring 2001 med 27 spor. I 2003 kom to andre piratkopiplater, «Esper Edition» og «Los Angeles – November 2019». Den doble «Esper Edition» inneheld spor frå den offisiell utgjevinga, Gongo-plata og sjølve filmen. «2019» var ein enkel CD som nesten utelukkande bestod av lyd frå filmen i tillegg til noko lyd frå dataspelet frå Westwood kalla Blade Runner.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Johnson, Zac (2011). «Blade Runner - Vangelis | AllMusic». allmusic.com. Henta 8. september 2014. 
  2. Eder, Bruce (2011). «Blade Runner (Not O.S.T.) - New American Orchestra | AllMusic». allmusic.com. Henta 8. september 2014. 
  3. Vangelis (1994). Blade Runner soundtrack (CD liner notes). Warner Music UK. 
  4. Jurek, Thom (2011). «Blade Runner Trilogy - Vangelis | AllMusic». allmusic.com. Henta 8. september 2014. 
  5. Yahoo Groups/Blade Runner Soundtrack

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Blade Runner på NemoStudios.co.uk – synthesizer-oppsett, innspeling og bilete frå studio.
  • Bladezone.com – Visions In Sound av Bentley Ousley