Big Gun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Big Gun
Singel av AC/DC
frå albumet Last Action Hero: Music from the Original Motion Picture
B-side

«Back in Black» (live)

Utgjeve 24. mai 1993
Sjanger
Lengd 4:24
Selskap ATCO
Tekstforfattar Angus Young
Låtskrivar(ar)
Produsent Rick Rubin
AC/DC-kronologi 
«Dirty Deeds Done Dirt Cheap» (live)
(1992)
Big Gun «Hard as a Rock»
(1995)


«Big Gun» er ein song av det australske rockebandet AC/DC. Han vart gitt ut som singel i mai 1993 frå soundtracket til Arnold Schwarzenegger-filmen Last Action Hero, og dessutan under reprisar av talkshowet The Savage Nation som songklipp. Han vart seinare gitt ut i 2009-boksen Backtrack. Han vart den første songen deira som gjekk til topps på den amerikanske Billboard Album Rock Tracks-lista i 1993. Ved APRA Music Awards i 1995 vart songen kåra til mest avspelte australske song utanlands.[1] AC/DC har berre spelt låten live éin gong under øvingar i 1996, men aldri på ein offisiell konsert.[2]

I tillegg til den verdsomspennande utgivinga på soundtracket til Last Action Hero, var songen å finna på iTunes saman med resten av soundtracket, noko som i ein periode gjorde han til den einaste songen av AC/DC på iTunes. Seinare vart han likevel fjerna frå iTunes saman med «Two Steps Behind» av Def Leppard. Låten kom deretter tilbake til iTunes saman med heile AC/DC-katalogen, sjølv om han framleis ikkje er tilgjengeleg som eit spor på soundtracket til Last Action Hero. I staden kan han kjøpast som ein song frå raritetsboksen til AC/DC frå 2009, Backtrack.

Kritisk mottaking[endre | endre wikiteksten]

Larry Flick frå Billboard komplimenterte «Big Gun» som ei «frisk innspeling», og noterte at produsenten Rick Rubin her «gir bandet eit nytt sound med ein tett, radiovenleg tone utan at det går ut over gitarangrepet eller dei forvitra brøla til Brian Johnson. Albumrockarar, vêr på vakt.»[3] Andy Martin frå Music Week gav låten fire av fem poeng og kåra han til Pick of the Week i kategorien Rock. Han uttalte at «denne kan ikkje mislykkast i å bli ein hit» og «ein hit er garantert.»[4] Sam Wood frå Philadelphia Inquirer meinte at med «Big Gun» har «testosteronterroristane AC/DC komme med den sterkaste singelen sidan 'For Those About to Rock (We Salute You)' - noko som ikkje bør overraska, sidan han er ein tilnærma omskrivning av hitten deira frå 1981.»[5]

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Den tilhøyrande musikkvideoen til «Big Gun» vart regissert av David Mallet og vart sleppt 24. mai 1993, same dag som singelen vart send ut på amerikansk albumrock-radio.[6][7] Han byrjar med at Schwarzenegger (som sin film-i-film-karakter Jack Slater) bryt opp ei inngangsdør til ein AC/DC-konsert. Medan han går rundt blant publikum og på scena og observerer kvar bandmedlem, sparkar Angus baseballcapsen mot han. Når Schwarzenegger tek på seg capsen, blir kleda hans forvandla til den karakteristiske skuleuniformsdrakta til Angus og hans karakteristiske Gibson SG. Deretter byrjar han å imitera Angus sine krumspring på scena gjennom heile videoen, inkludert ei scene der Angus Young faktisk klatrar opp på ryggen til Schwarzenegger og rir rundt på scena på skuldrene hans medan han held fram med å spela gitarakkordar. Videoen inneheld òg ein ung Shavo Odadjian, den framtidige bassisten i det armensk-amerikanske alternativ metal-bandet System of a Down.

Videoen likna på videoen til «You Could Be Mine» (gitt ut for å promotera Terminator 2: Judgment Day), der Schwarzenegger (som T-800) interagerte med Guns N' Roses.

Videoen vart gitt ut på Family Jewels Disc 3, ein del av plateboksen Backtrack i 2009. Han vart ikkje gitt ut på den opphavlege Family Jewels, fordi han inneheld scener frå filmen og derfor hadde lisensieringsproblem.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  • CD maxi-singel (USA)
  1. «Big Gun» (Angus Young, Malcolm Young) – 4:25
  2. «For Those About to Rock (We Salute You)» (Live in Moscow) (Brian Johnson, Young, Young) – 6:42
  3. «Back in Black» (Live in Moscow) (Johnson, Young, Young) – 4:26
  • CD maxi-singel (Storbritannia)
  1. «Big Gun» (Young, Young) – 4:25
  2. «For Those About to Rock (We Salute You)» (Live in Moscow) (Johnson, Young, Young) – 6:42
  3. «Shoot to Thrill» (Live at Donington) (Johnson, Young, Young) – 5:45

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Dette var den siste låten med trommeslagaren Chris Slade, før han forlét AC/DC eit år seinare slik at Phil Rudd kunne venda tilbake til bandet.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Vekesliste for «Big Gun»
Liste (1993) Plassering
Australia (ARIA)[8] 19
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[9] 23
Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[10] 35
Canada (Canadian Hot 100)[11] 5
Finland (Suomen virallinen lista)[12] 4
Frankrike (SNEP)[13] 14
Tyskland (Media Control AG)[14] 20
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[15] 19
Nederland (Mega Single Top 100)[16] 18
New Zealand (RIANZ)[17] 3
Noreg (VG-lista)[18] 8
Sverige (Sverigetopplistan)[19] 11
Sveits (Schweizer Hitparade)[20] 5
UK Singles (Official Charts Company)[21] 23
US Billboard Hot 100[22] 65
US Mainstream Rock (Billboard)[23] 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Årsliste for «Big Gun»
Liste (1993) Plassering
Tyskland (Official German Charts)[24] 87
New Zealand (Recorded Music NZ)[25] 29

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «1995 APRA MUSIC AWARD WINNERS». APRA AMCOs. Henta 5. juli 2019. 
  2. «AC/DC Concert History», ACDC Bootlegs
  3. Flick, Larry (29. mai 1993). «Single Reviews» (PDF). Billboard: 91. Henta 26. oktober 2020. 
  4. Martin, Andy (26. juni 1993). «Market Preview: Rock - Pick of the Week» (PDF). Music Week: 10. Henta 29. januar 2023. 
  5. Wood, Sam (6. juli 1993). «The Music from Some Summer Movies». Philadelphia Inquirer.
  6. {Russell, Deborah (22. mai 1993). «Sony in Overdrive For 'Hero' Tie-Ins». Billboard] 105 (21): 122. Henta 8. juli 2018. 
  7. AC/DC - «Big gun», mvdbase.com
  8. "Australian-charts.com – AC/DC – Big Gun". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.
  9. "AC/DC – Big Gun – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  10. "Ultratop.be – AC/DC – Big Gun" (på fransk). Ultratop 40. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  11. "AC/DC Album & Song Chart History" Canadian Hot 100 for AC/DC. Prometheus Global Media.
  12. Pennanen, Timo (2021). «AC/DC». Sisältää hitin - 2. laitos Levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla 1.1.1960–30.6.2021 (PDF) (på finsk). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. s. 9. Henta 12. juli 2022. 
  13. "Lescharts.com – AC/DC – Big Gun" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
  14. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  15. "Nederlandse Top 40 – week 36, 1993" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40.
  16. "Dutchcharts.nl – AC/DC – Big Gun" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  17. "Charts.org.nz – AC/DC – Big Gun". Top 40 Singles. Hung Medien.
  18. "Norwegiancharts.com – AC/DC – Big Gun". VG-lista. Hung Medien.
  19. "Swedishcharts.com – AC/DC – Big Gun". Topp 60. Hung Medien.
  20. "AC/DC – Big Gun – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien.
  21. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  22. "DC?f=379&g=Singles AC DC Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for AC DC. Prometheus Global Media.
  23. "AC DC Chart History (Mainstream Rock)". Billboard. Retrieved 20. mai 2023.
  24. «Top 100 Single–Jahrescharts 1993» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 19. mai 2020. 
  25. «End of Year Charts 1993». Recorded Music NZ. Henta 3. desember 2017.