Whole Lotta Rosie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Whole Lotta Rosie
Singel av AC/DC
frå albumet Let There Be Rock
B-side

Dog Eat Dog

Språk engelsk
Utgjeve August 1977 (EU)[1]
Innspelt 1977
Sjanger
Lengd 5:20
Selskap Atlantic
Komponist Bon Scott, Angus Young, Malcolm Young
Tekstforfattar Angus Young, Bon Scott, Malcolm Young
Låtskrivar(ar)
Produsent
AC/DC-kronologi 
«Let There Be Rock»
(1977)
Whole Lotta Rosie «Rock 'n' Roll Damnation»
(1978)


«Whole Lotta Rosie» er ein song av det australske hardrockbandet AC/DC. Det er det åttande og siste sporet på det fjerde australske albumet deira, Let There Be Rock, gitt ut i Australia i mars 1977. Songen vart skriven av Angus Young, Malcolm Young, og Bon Scott. Det er òg det åttande og siste sporet på den internasjonale versjonen av albumet, gitt ut i juni same år.

Songen kom ut på singel i nokre få land i 1977, med B-sida «Dog Eat Dog». I 1978 vart konsertutgåva frå If You Want Blood You've Got It, som var spelt inn i Glasgow 30. april 1978, òg gitt ut som singel.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Songen handlar om ei overvektig tasmansk kvinne, Rosie, som songaren (Bon Scott) hadde eit eingangsligg med på Freeway Gardens Motel i North Melbourne.[3] I tillegg til å påpeika storleiken til kvinna, synest songaren at ho er ein av dei mest talentfulle elskarane han nokosinne har opplevd.

Det første verset til songen avslører dei store fysiske måla til kvinna (42"-39"-56"), og at ho veg nitten stone, eller 120 kg. På Live from the Atlantic Studios-plata skildra Scott likevel tittelkvinna som «... a Tasmanian devil ... weighs 305 pounds (138 kg)...», ei måling som avvik frå den originale teksten.

I 1998 hugsa Angus Young i eit intervju med magasinet Vox:

Me hadde vore i Tasmania og etter showet sa Bon Scott at han skulle sjekka ut nokre klubbar. Han sa at han hadde komme omtrent 100 meter nedover gata då han høyrde dette ropet: «Hei! Bon!». Han såg seg rundt og såg dette beinet og tenkte: 'Å vel!' Frå det han sa, var det denne Rosie-kvinna og ei veninne av henne. Dei spanderte drinkar på han, og Rosie sa til han: 'Denne månaden har eg lege med 28 kjende menneske,' og Bon sa: "Å ja?! Uansett, om morgonen sa han at han vakna festa mot veggen, han sa at han opna det eine auget og såg henne lena seg over til venen sin og kviskra: '29!' Det er veldig få menneske som vil gå ut og skriva ein song om ei stor feit dame, men Bon sa det var verdig.[4]

.

I 2021 vart kvinna songen vart skriven om identifisert av den britisk-australske AC/DC-biografen Jesse Fink som Rosemaree (eller stilisert som Rose-Maree) Garcia, ein australsk sexarbeidar som trefte Scott ei stund før han drog til England.[5] Rosie vart faktisk fødd i Launceston i Tasmania, budde i St Kilda og døydde i Melbourne-forstaden Prahran i 1979, 22 år gammal.[6]

I 2023 gav Fink ut det første kjende fotografiet av Rosie Garcia.[7]

Tidlig versjon[endre | endre wikiteksten]

Hovudriffet i songen var òg med på ei tidlegare innspeling med ein annan tekst, med tittelen «Dirty Eyes», som vart offisielt gitt ut på Volts, ein del av Bonfire-boksen. «Dirty Eyes» har ein annan akkordprogresjon i refrenget, og dessutan eit langsamare tempo enn «Rosie».

På seinsommaren 1976 vart «Dirty Eyes» først spelt inn av AC/DC, saman med «Carry Me Home» og «Love at First Feel» for ein mogleg EP. Denne innspelinga er kanskje den versjonen som seinare vart gitt ut på Bonfire-boksen. EP-en vart skrota, og «Love at First Feel» vart igjen som for den komande internasjonale utgåva av Dirty Deeds Done Dirt Cheap og «Carry Me Home» vart ei B-side. I dei følgjande månadene vart «Dirty Eyes» omskrive til «Whole Lotta Rosie», og spelt inn under Let There Be Rock-innspelingane i januar-februar 1977.[8]

Då songen vart gitt ut som singel i 1978 var han kraftig redigert, noko som gjorde songen mykje kortare. Ein stor del av gitarsoloen vart utelaten, og dessutan den karakteristiske gitar-band-duellen.

Konsertopptak og framferder[endre | endre wikiteksten]

«Rosie» på Black Ice-turneen i 2008

.

Som ein av dei mest populære songane til AC/DC, har «Whole Lotta Rosie» har vore med på alle dei offisielle konsertalbuma til bandet: tre med Scott If You Want Blood You've Got It (kortversjon som manglar den andre gitarsoloen), Live from the Atlantic Studios, Let There Be Rock: The Movie - Live in Paris, dei to sistnemnde gitt ut i 1997 som del av Bonfire, og òg fire med Brian Johnson (Live, Live: 2 CD Collector's Edition, turnéutgåva av Stiff Upper Lip, og òg på Live at River Plate). Den einaste andre songen som er med på alle desse utgivingane er «The Jack». Ein konsertvideo av «Whole Lotta Rosie» finst òg på DVD-en Family Jewels, frå ein opptreden i 1978 på TV-konsertserien Rock Goes to CollegeBBC, der Scott omtaler Rosie som den «største, feitaste kvinna som nokosinne har utukt».

Songen vart først spelt på scenen i 15. februar 1977 på Perth Entertainment Centre. Sidan den gong har songen vorte spelt på nesten kvar einaste AC/DC-konsert.

Når songen blir framført live, vil publikum vanlegvis ropa «Angus!» mellom kvart av opningsriffa. Dette har opphavet sitt i versjonen som høyrest på If You Want Blood You've Got It.

Dei siste konsertversjonen av «Whole Lotta Rosie» vart akkompagnerte av ein gigantisk, oppblåsbar «Rosie» som ein kan sjå på videoen Live at Donington. Den oppblåsberre Rosie vart først brukt på «The Razors Edge»-turneen i 1990/91. I mars 2005 plasserte magasinet Q live-versjonen frå If You Want Blood ... som nummer 16 på lista si over dei 100 beste gitarspora gjennom tidene.

Rosie vart sett (ved same bord som Brian Johnson) under teiknefilm-introvideoen som vart spelt på Black Ice-turneen. Songen vart òg brukt i prøvespelinga til Brian Johnson som etterfølgjaren til Scott.[9]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«Whole Lotta Rosie» vart spelt inn av Guns N' Roses og kom ut på dei britiske vinylsinglane frå 1987 av «Welcome to the Jungle» og albumet Live from the Jungle frå 1988. Han har òg vorte spelt på konsertane til Guns N' Roses.[10]

Det australske psykedeliske bandet Electric Hippies spelte inn ein versjon i 1995 til det alternative hyllestalbumet Fuse Box.

Han vart òg spelt av W.A.S.P. på den amerikanske versjonen av albumet Still Not Black Enough frå 1996.

Det japanske power metal-bandet Galneryus gav ut ein versjon av songen på deira Voices from the Past EP frå 2007, som er ein EP med 5 coverlåtar.

Ein annan coverversjon, av Steel Panther, vart gitt ut i 2010 på The Metal Forge Volume Two (A Tribute To AC/DC) av Metal Hammer.

Bullet for My Valentine gav òg ut ein versjon av songen som bonusspor i 2013 på albumet Temper Temper.

I andre medium[endre | endre wikiteksten]

Ein liveversjon av denne songen er inkludert på AC/DC Live: Rock Band Track Pack.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

1977 7-tommar singel (Nederland: Atlantic ATL 109 92)
  1. «Whole Lotta Rosie» (Young, Young, Scott) – 3:33 edit
  2. «Dog Eat Dog» (Young, Young, Scott) – 3:35
1977 7-tommar singel (Tyskland: Atlantic 109 92)
  1. «Whole Lotta Rosie» (Young, Young, Scott) – 4:00 edit
  2. «Dog Eat Dog» (Young, Young, Scott) – 3:35
1978 7-tommar konsertsingel (UK: Atlantic HM 4)
  1. «Whole Lotta Rosie» (Young, Young, Scott) – 3:35
  2. «Hell Ain't a Bad Place to Be» (Young, Young, Scott) – 4:30

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1978) Plassering
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[12] 12
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[13] 3
Nederland (Mega Single Top 100)[14] 5
Liste (1980) Plassering
UK Singles (OCC)[15] 36
Liste (2012) Plassering
UK Singles (OCC)[15] 68

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1978) Plassering
Belgia (Ultratop Flandern)[16] 82
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[17] 26
Nederland (Single Top 100)[18] 47

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[19] Sølv 200 000^

xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «AC/DC». 
  2. Ed Rivadavia. «Whole Lotta Rosie review on Allmusic». AllMusic. Henta 23. oktober 2017.  «One of hardrock's all-time greatest moments»
  3. Bon Scott Interview, Bonfire Box Set, Disc 4
  4. Ewing, Jerry. VOX, februar 1998. Album. Nyutgivingar. Blazer of Glory. AC/DC - Bonfire (EMI). S. 78
  5. https://jessefinkbooks.com/blog/f/the-first-photo-of-acdcs-rosie
  6. «Hvem var AC/DCs Whole Lotta Rosie? - Dean Goodman %». 25. mars 2022. 
  7. https://jessefinkbooks.com/blog/f/the-first-photo-of-acdcs-rosie
  8. Englehart, Murray (AC/DC: Maximum Rock & Roll, s. 162).
  9. «AC/DC History». AC/DC - Bedlam in Belgium. Henta 23. september 2006. 
  10. «Guns N' Roses singler». Here Today... Gone to Hell. Henta 24. mai 2023. 
  11. Saulnier, Jason (30. september 2011). «Mark Evans Interview». Music Legends. Arkivert frå originalen 7. november 2012. Henta 24. mai 2023. 
  12. "Ultratop.be – AC/DC – Whole Lotta Rosie" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  13. "Nederlandse Top 40 – week 28, 1978" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40.
  14. "Dutchcharts.nl – AC/DC – Whole Lotta Rosie" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  15. 15,0 15,1 «AC/DC». Official Charts Company. Henta 24. mai 2023. 
  16. «Jaaroverzichten 1978». Ultratop. Henta 120. mai 2023. 
  17. «Top 100-Jaaroverzicht van 1978». Nederlandsk Topp 40. Henta 120. mai 2023. 
  18. «Jaaroverzichten – Single 1978». dutchcharts.nl. Henta 120. mai 2023. 
  19. «British single salstrofé – AC/DC – Whole Lotta Rosie». British Phonographic Industry.  Enter Whole Lotta Rosie in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go