Shoot to Thrill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shoot to Thrill
Song av AC/DC
frå albumet Back in Black
Utgjeve 25. juli 1980
Innspelt April – May 1980
Sjanger Hardrock
Lengd 5:17
Selskap
Komponist Malcolm Young, Brian Johnson, Angus Young
Tekstforfattar Malcolm Young, Brian Johnson, Angus Young
Låtskrivar(ar)
Produsent Robert John «Mutt» Lange

«Shoot to Thrill» er ein song av det australske hardrockbandet AC/DC. Han er det andre sporet på albumet Back in Black frå 1980. Låten er òg det andre sporet på AC/DC Live og AC/DC Live: 2 CD Collector's Edition, og er inkludert på Iron Man 2-albumet.[1] Sjølv om studioversjonen aldri vart gitt ut som singel, er songen ein fanfavoritt og ein gjengangar på klassiske rockestasjonar.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Den 26. januar 2010 vart det sleppt ein ny musikkvideo til «Shoot to Thrill» med eksklusive opptak frå filmen Iron Man 2. Livekonserten som blir brukt i videoen vart filma i desember 2009 på ein konsert i Buenos Aires i ArgentinaEstadio Monumental, som DVD-en Live at River Plate vart filma frå.[1]

Konsertopptak[endre | endre wikiteksten]

Shoot to Thrill (live)
Singel av AC/DC
frå albumet Live at River Plate
B-side

War Machine (live)

Språk engelsk
Utgjeve 16. april 2011
Innspelt Desember 2009
Spelestad River Plate stadion i Buenos Aires
Sjanger Hardrock
Lengd 5:47
Selskap Columbia
Komponist Malcolm Young, Brian Johnson, Angus Young
Tekstforfattar Malcolm Young, Brian Johnson, Angus Young
Låtskrivar(ar)
Produsent AC/DC
AC/DC-kronologi 
«Money Made»
(2009)
Shoot to Thrill (live) «Play Ball»
(2014)


Det er gjeve ut fleire ulike liveinnspelingar av «Shoot to Thrill» offisielt. Ein versjon, spelt inn frå Razors Edge-turneen, vart gitt ut på albumet Live frå 1992. Ein annan versjon, spelt inn frå Donington-konserten i 1991, vart gitt ut på luksusutgåva av 2009-boksen Backtrack. Ei anna framferd, spelt inn på River Plate stadion i Buenos Aires i desember 2009 vart gitt ut som ein 7-tommars singel i avgrensa opplag (B-sida var ei liveframføring av «War Machine» frå det nemnde showet) til Record Store Day 2011, og promoterte live-DVD-en Live at River Plate, som vart gitt ut i mai 2011.

TYding[endre | endre wikiteksten]

Då han forklarte den lyriske inspirasjonen sin til låten, hugsa vokalist og dåverande låtskrivar Brian Johnson at han hadde lese ein britisk artikkel om ein nabolagspusher som gjekk daglege rundar (nesten som ein mjølkemann) i forstadane til London og selde narkotika til keisame, einsame og deprimerte husmødrer. Desse ruspåverka husmødrene oppsøkte så dei lokale klubbane og barane for å få seg eit heftig utanomekteskapeleg forhold.

Sologitaristen Angus Young har nyleg kommentert at «nedbrytinga» i songen, som hender like etter hovudsoloen (ein dempa og repeterande treakkordsekvens beståande av ein A-dur-treklang, ein G-dur-treklang og ein D-powerakkord som leiar opp til ein bombastisk outro-solo), var inspirert av klimaksa til trioslagsmålet i klassiske, italienske westernfilmen Den gode, den onde og den grusomme av Sergio Leone. I denne banebrytande scena stirer revolvermennene Clint Eastwood, Lee Van Cleef og Eli Wallach på kvarandre midt på ein kyrkjegard frå borgarkrigen i fleire minutt før dei til slutt skyt kvarandre. Young sa at denne sekvensen i songen var designa for å spegla det faktiske soundtrackvalget «Il Triello» av komponisten Ennio Morricone. Begge komposisjonane blir kjenneteikna av ein langsam, stille oppbygning som aukar i spenning til ein dundrande, katastrofal finale.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

AC/DC

Production

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1981) Plassering
US Billboard Top Tracks[2] 60
Liste (2012) Plassering
US Billboard Hot Digital Songs[2] 75

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Italia (FIMI)[3] Gull 15 000*
Mexico (AMPROFON)[4] Platina 60 000^
Storbritannia (BPI)[5] Gull 400 000^
USA (RIAA)[6] Platina 2 000 000^

xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Coverversjoner[endre | endre wikiteksten]

Låten har òg blitt spilt inn av Halestorm på EP-en deira Reanimate 2.0: The Covers.

Bruk i media[endre | endre wikiteksten]

Denne songen har blitt brukt i fleire film- og TV-programm, mellom andre:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 {«AC/DC's Music To Be Featured In 'Iron Man 2'». Blabbermouth.net. 26. januar 2010. Henta 13. februar 2010. 
  2. 2,0 2,1 «Back in Black – Awards». AllMusic. Henta 6. juni 2014. 
  3. «Italian single salstrofé – AC/DC – Shoot to Thrill» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry.  Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter AC/DC in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  4. «Certificaciones – 2020» (på spansk). Asociación Mexicana de Productores de Fonogramas y Videogramas. 
  5. «British single salstrofé – AC/DC – Shoot to Thrill». British Phonographic Industry.  Enter Shoot to Thrill in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  6. «American single salstrofé – AC/DC – Shoot to Thrill». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
  7. «Shows». Wwe.com. Henta 20. mai 2023.