Hopp til innhald

Songen Rock or Bust

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rock or Bust
Singel av AC/DC
frå albumet Rock or Bust
B-side

Play Ball

Utgjeve 17. november 2014
Innspelt Mai til juli 2014
Studio The Warehouse (Vancouver)
Sjanger Hardrock
Lengd 3:03
Selskap
Låtskrivar(ar)
Produsent Brendan O'Brien
AC/DC-kronologi 
«Play Ball»
(2014)
Rock or Bust «Rock the Blues Away»
(2015)


«Rock or Bust» er ein song av det australske hardrockbandet AC/DC, gjeven ut som den andre singelen og det første sporet frå albumet med same namn i 2014. Han var skriven av Angus Young og Malcolm Young. Songen vart gjort tilgjengeleg for nedlasting 17. november 2014, som ein oppfølgjar til den første offisielle singelen frå albumet, kalla «Play Ball».

AC/DC-trommeslagaren Phil Rudd var ikkje med på videoinnspelinga til singelen, og vart erstatta av walisaren Bob Richards, som tidlegare hadde spelt med Man, Adrian Smith, Asia og Shogun.[1]

Songen vart nominert til prisen for årets låt ved APRA Music Awards i 2015.[2]

Salslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (2014) Plassering
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[3]66
Belgia (Ultratip Flandern)[4]55
Belgia (Ultratip Vallonia)[5]28
Frankrike (SNEP)[6]42
Tyskland (Media Control AG)[7]47
Sveits (Schweizer Hitparade)[8]55
US Hot Rock & Alternative Songs (Billboard)[9]29
US Rock Airplay (Billboard)[10]28
US Mainstream Rock (Billboard)[11]8
  1. «AC/DC Release 'Rock or Bust'-video, Minus Drummer Phil Rudd». billboard. 24. november 2014. Henta 13. desember 2014.
  2. «APRA's Shortlist Of The Top Aussie Songs Of 2014 Is Hereng of the Year!». Music Feeds. 15. januar 2015. Henta 28. april 2022.
  3. "AC/DC – Rock Or Bust – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  4. "Ultratop.be – AC/DC – Rock Or Bust" (på nederlandsk). Ultratip. ULTRATOP & Hung Medien / hitparade.ch.
  5. "Ultratop.be – AC/DC – Rock Or Bust" (på fransk). Ultratip. ULTRATOP & Hung Medien / hitparade.ch.
  6. "Lescharts.com – AC/DC – Rock Or Bust" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
  7. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  8. "AC/DC – Rock Or Bust – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien.
  9. "AC/DC Chart History (Hot Rock & Alternative Songs)". Billboard. Retrieved 11. desember 2014.
  10. "AC/DC Chart History (Rock Airplay)". Billboard. Henta 11. desember 2014.
  11. "AC/DC Chart History (Mainstream Rock)". Billboard. Retrieved 11. desember 2014.