Safe in New York City

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Safe in New York City
Singel av AC/DC
frå albumet Stiff Upper Lip
B-side

«Cyberspace»
«Back in Black» (live)

Utgjeve 28. februar 2000
Innspelt September – oktober 1999
Studio The Warehouse (Vancouver)
Sjanger Hardrock
Lengd 3:59
Selskap
Låtskrivar(ar)
Produsent George Young
AC/DC-kronologi 
«Stiff Upper Lip»
(2000)
Safe in New York City «Satellite Blues»
(2001)


«Safe in New York City» er ein song av det australske rockebandet AC/DC frå albumet Stiff Upper Lip frå 2000. Songen, som vart skriven av medlemmene og brørne Angus og Malcolm Young, vart gitt ut som singel den 28. februar 2000.[1][2] Han vart produsert av den eldre bror deira George og bandet.[1] Songen nådde 21. plassen på den amerikanske Billboard Mainstream Rock-lista.[3].

Videoen til songen, regissert av Andy Morahan,[4] viser bandet spela i ein travel tunnel i byen, omgitt av væpna politimenn. Promo-CD-singelen inneheldt ein liveversjon av songen, som vart spelt inn 13. september 2000 på America West Arena i Phoenix i Arizona. Denne liveversjonen vart seinare gjenutgitt ni år seinare i plateboksen Backtrack.

Låten fekk ny aktualitet etter 11. september-åtakaWorld Trade Center i New York. Angus Young sa at sjølv om teksten opphavleg var meint å gjera narr av Rudy Giuliani sin påstand om at han hadde rydda opp på Manhattan: «er New York for meg ein by der du aldri kan føresjå kva som kjem til å skje.»[5] Låten vart seinare inkludert på 2001 Clear Channel-lista, ei liste over «lyrisk tvilsame» songar.

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Angus Young, Malcolm Young;[2] utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLengd
1.«Safe in New York City» (LP-versjonen)3:59
2.«Cyberspace» (ikkje på album)2:57
3.«Back in Black» (A. Young, M. Young, Brian Johnson)
(konsertopptak frå Plaza De Toros, Madrid))
4:07

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 {Hung, Steffen. «AC/DC - 'Safe in New York City'». Australske Charts Portal. Hung Medien. Henta 14. august 2014. 
  2. 2,0 2,1 {{«'Safe in New York' på APRAs søkemotor». Australasian Performing Right Association (APRA). Henta 14. august 2014.  Merk: Det kan hende at brukaren må klikka på "Søk på nytt" og oppgi detaljar ved "Skriv inn ein tittel:", t.d. Safe in New York, eller ved "Utøver:" ACDC
  3. «Awards by Stiff Upper Lip». allmusic. Henta 19. desember 2013. 
  4. mvdbase.com - AC/DC - "Safe in New York City"
  5. Stiff Upper Lip 2004 nyutgjeving CD booklet, pg 12