Cliff Williams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cliff Williams

Williams i AC/DC i 1982
Fødd14. desember 1949 (74 år)
FødestadRomford, Essex, England
FødenamnClifford Williams
OpphavHoylake, Merseyside, England
Aktiv1966–2016, sidan 2018[1][2]
Sjanger
Instrument
  • Bass
  • vokal
Tilknytte artistar
PlateselskapColumbia
Verka som
  • Musikar
  • songar

Clifford Williams (fødd 14. desember 1949) er ein engelsk musikar, mest kjend som bassist og korvokalist i det australske hardrockbandet AC/DC. Han starta den profesjonelle musikkarrieren sin i 1967 og hadde tidlegare vore med i dei engelske gruppene Home og Bandit. Hans første studioalbum med AC/DC var Powerage i 1978. Williams vart innlemma i den amerikanske Rock and roll Hall of Fame som medlem av AC/DC i 2003. Williams kunngjorde at han trekte seg frå AC/DC i 2016, men kom tilbake på comebackalbumet Power Up i 2020 saman med bandkollegaene Brian Johnson og Phil Rudd. Sideprosjekta hans omfattar mellom anna velgjerdskonsertar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «AC/DC's Cliff Williams Returns to Action with Covers Band». Ultimateclassicrock.com. Henta 28. mai 2023. 
  2. «Is Cliff Williams Back With AC/DC?». Loudwire.com. Henta 28. mai 2023.