Burusjaski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Burusjaski
Klassifisering Burusjaski
Bruk
Tala i  Pakistan
Burusjaskitalande i alt 87 000 og aukande (Ethnologue 2000[1])
Språkkodar
ISO 639-3 bsk
Dei to dialektane av burusjaski i det nordlege Pakistan

Burusjaski [buˈɾuɕaski] er eit språk som vert prata i Karakorumfjella i nordlege Pakistan av i underkant 100 000 menneske. Det er korkje i slekt med dei indoariska (dardiske) grannespråka shina og khowar, eller det austiranske språket wakhi. De fleste forskarar ser burusjaski som eit isolert språk, som ikkje er beslekta med noko anna kjend språk i verda.

Sosiolingvistisk tilstand[endre | endre wikiteksten]

Utbreiinga til språket i oransje
Utbreiinga til språket i oransje

Burusho – talarane av burushaski – lever i den nordvestra delen av Gilgitdistriktet i det nordlege Pakistan, i Hunza- og Nager-området på båe sider av elva Hunza i Hunzadalen og i Yasin-dalen, som ligg 100 kilometer unna. Yasindialekten avvik tydeleg frå Hunza-Nagar-dialekten (fonetisk, leksikalsk, delvis òg morfologisk), men det rår full ymsesidig forståing dialektane i mellom.

Det genetisk isolerte språket burusjaski skil seg ikkje bare i ordforråd og formverk frå alle andre språk i verda, men det er òg språktypologisk spesielt, framfor alt i den komplekse verbalmorfologien og i nominalmorfologien. I tillegg til dei gamle lånorda frå dei dardiska grammespråka (framfor alt frå shina, men òg frå khowar) og i nokre tilfelle frå det sino-tibetansk balti når no alt fleire urduord og engelske omgrep burusjaski. Den mellomste generasjonen av talarar har mista ein del av det gamle ordforrådet og dei yngre beherskar ofte ikkje lengre den komplekse morfologin og syntaksen. Talet på dei som snakkar burusjaski har auka noko att under det seinaste tiåret og innstillinga dei fleste burushoar har til språket sitt er samanlagt positiv; dei går ut i frå at barnet deira skal læra seg burusjaski og føra det vidare.[2] Dei fleste burushoar føretrekker stadig morsmålet som kommunikasjonsmiddel, sjølv om fleste burushoane er fleirspråklege og òg beherskar khowar, shina eller urdu.

Forskingshistorie[endre | endre wikiteksten]

Dei første milepælane i utforskinga av burusjaski er arbeida av G. W. Leitner og J. Biddulph i slutten av 1800-talet. Neste viktige bidrag var D. L. R. Lorimers The Burushaski Language 1935-38, utgjeve på Institutt for samanliknande kulturforsking i Oslo. Det inneheldt ei stor ordliste og ein grammatikk over burusjaski. Viktige nyare arbeida inkluderer Hermann Berger, som har gjort omfattande analysar og framstilt grammatikk og ordbok for Yasin-dialekten (1974) og for Hunza-Nagar-dialekten (1998).

Slektskap med andre språk[endre | endre wikiteksten]

Den dene-kaukasiske hypotesen[endre | endre wikiteksten]

Burushaski har vorte sett på og vert enno sett på av sine viktigaste utforskarar som eit isolert språk. Likevel har det vorte gjort forsøk på å knyte burusjaski til andre språk eller språkgrupper, i første hand med baskisk og de nordkaukasiska språka. Ei enno vidare råme trekker til dømes B. Blažek og Bengtson (1995) med ei innordning av burusjaski i den hypotetiske makrofamiljen sino-kaukasiska språk eller dene-kaukasiska språk, som unntatt de sinotibetanska språka omfattar så å seia alle eurasiska restspråk, som baskiske, kaukasiska, hurritisk, urarteisk, sumerisk, jenisejiske språk, nahali og burusjaski, og dessutan i ein utvida versjon til og med med dei nordamerikansk Na-denespråka. Ingen av desse hypotesane har til no fått noko alvorleg aksept, det har ikkje vore mogleg å rekonstruere eit truverdig ordforråd for desse språkfamiliane. Dermed vert burusjaski stadig vurdert som eit isolert språk.

Den jenisejska hypotesen[endre | endre wikiteksten]

Ein interessant nyare tese sin kan bli tolka som ein meir avgrensa del av den meir omfattande dene-kaukasiske hypotesen: van Driem (2001) viser til ein nær typologisk men òg materiell slektskap i verbalmorfologin (særleg i personprefiksa) mellom burusjaski og ket, eit jeniseispråk. Van Driem konstruerer ut av dette ein ''karasuk''-familie, som skulle bestå av på eine sida jeniseispråka, og på den andre sida burusjaski. Han ser samanheng mellom denne hypotetiske lingvistiske eininga og ein forhistorisk sentralasiatisk kultur, ”karasuk-kulturen”. Som ei følgje av motsette vandringsrørsler under det andre årtusendet f.Kr. skal dei noverande jeniseifolka ha kome til Sibir og burushoane til Karakorum. Burusho-folkevandringa skal då under lang tid ha vore parallell med den dardiska bruppa blant indoariane, som kunne forklare dei talrike tidlege lånorda frå dei dardiska språka. Dermed skulle burusjaski ikkje vera eit språk som vart snakka før dei indoariska språka i det indiske området. Ei innvandring skulle ha skjedd parallelt i tida med de indoariska innvandringane under andre årtusendet f.Kr., og folket kan etter denne modellen ha nådd det noverande bosetjingsområdet først under første tusenåret f.Kr. Leksikalsk er det ikkje mogleg å argumentere for eit slektskap mellom jenisejspråka. Dei morfologiska samsvara van Driem gjev framlegg om er ikkje heller uomstridde, men framfor alt er dei mindre relevant for teoriar om genetisk slektskap, så lenge ordforrådet ikkje viser noko samsvar språka i mellom.

Den indoeuropeiske hypotesen[endre | endre wikiteksten]

I juni 2012 vart det publisert ei utsegn frå Macquarie University som hevdar at det finst sterke bevis for å områ at burushaski er av indoeuropeiskt opphav, med opphav i frygisk.[3] Eit nummer av Journal of Indo-European Studies (2012:40) vert heilt via til desse undersøkingsresultata.

Språklege kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Vesentlege drag i burushaski er eit fireklassesystem hos substantiv og ein yttarst komplisert verbalmorfologi med eit posisjonssystem med elleve posisjonar (båe vert forklart nedanfor). Følgjande oversyn gjeld for Hunza-Nager-dialekten og er basert på Hermann Bergers omfattande grammatikk frå 1998.

Burushaskis foneminventar er ganske stort, men ikkje ekstremt stort (34 konsonantar, 5 vokalar). Det inneheld – liksom dei dardiska språka – òg retroflekse konsonantar (konsonantar som vert danna med tilbakebøygd tungespiss mot den harde ganen, jf. uttale av austnorske ord som kart, her skrive med eit punktum under bokstaven, til dømes ţ). Vokalane er /a, e, i, o, u/, som finst i korte og lange versjonar, og for dei lange versjonane er det fleire variantar.

Nominalmorfologi[endre | endre wikiteksten]

Genus[endre | endre wikiteksten]

Burusjaski har fire genus:

  • m > mannlege menneskelege vesen, gudar og andar
  • f > kvinnelege menneskelege vesen og andar
  • x > dyr, ord for teljelege gjenstandar
  • y > abstrakte vesen, væsker, uteljelege gjenstandar

Forkortinga "h" (human) vert nytta som samanfatning av m- og f-klassene, "hx" som samanfatning av m-, f- og x-klassene. Substantiv i x-klassa beskriv typisk teljelege ikkje-menneskelege vesen eller ting, til dømes dyr, frukter, steinar, egg, mynt; substantiv i y-klassa derimot beskriv i regel uteljelege ikkje-menneskelege vesen eller objekt, til dømes ris, væsker, pulveriserte stoff, eld, vatn, snø, ull etc.

Denne inndelinga er likevel ikkje utan unntak, òg teljelege objekt kan tilhøyra y-klassa, til dømes ha, "hus". Interessante er òg ord som med små tydingsskilnader kan vera såvel x som y, til dømes tyder bayú i x-klassa "salt i bitar", i y-klassa tyder det ”salt i pulverform”. Frukttre vert forstått som kollektivum og tilhøyrer y-klassa, medan fruktene deira derimot, som teljelege einingar, tilhøyrer x-klassa. Same gjenstand vert av og til handsama som x eller y avhengig av materialet dei er framstelte av. Til dømes vert stein og tre rekna som x, metall og lær som y. Artikkel, adjektiv, talord og andre attributt kongruerer med klassa hos det substantivet som de bestemmer.

Pluraldanning[endre | endre wikiteksten]

Substantiv i burusjaski har to numerus: singular og plural. Singular er den umarkerte forma. Plural blir kjenneteikna med suffiks, som som regel er avhengig av substantivets genus:

  • h-klassa > vanlege pluralsuffiks: -ting, -aro, -daro, -taro, -tsaro
  • h- og x-klassene > vanlege pluralsuffix: -o, -išo, -ku, -iko, -juko; -ono, -u; -i, -ai; -ts, -uts, -muts, -umuts; -nts, -ants, -ints, -iants, -ingants, -ents, -ondts
  • y-klassa > vanlege pluralsuffix: -ng, -ang, -ing, -iang; -eng, -ong, -ongo; -ming, -čing, -ičing, -mičing, -ičang (Nagar-dialekt)

Visse substantiv tillèt to eller tre ulike pluralsuffiks, medan andre finst berre i plural uten særskilt suffiks, til dømes bras ”ris”, gur ”veit”, bishké ”dyrhår” (såkalla pluralia tantum), og ytterlegare andre har same form i singular og plural: til dømes hagúr ”hest(ar)”. Adjektiv har sine eigne pluralsuffiks og bruken av dei er avhengig av klassa hos det substantivet som dei bestemmer, til dømes dannar burúm ”kvit” x pl. burúm-išo, y pl. burúm-ing.

Nokre døme på pluralbildning i burusjaski

  • wazíir (m), pl. wazíirting ”vesir, statsråd”
  • hir (m), pl. hirí ”mann” (trykkendring)
  • gus (f), pl. gushíngants ”frue” (trykkendring)
  • dasín (f), pl. dasíwants ”jente, ugift kvinne”
  • huk (x), pl. hukái ”hund” (trykkendring)
  • tilí (x), pl. tilí ”valnøtt”
  • tilí (y), pl. tiléng ”valnøtttre”

Kasusdanning[endre | endre wikiteksten]

Burushaski er eit ergativt språk. Det har fem primære kasus:

Kasuset Suffiks Funksjon
Absolutiv umarkert Subjekt til intransitive verb og direkte objekt til transitive verb
Ergativ -e Subjekt til transitive verb
Obliquus -e; -mo (f-kl.) Genitiv; basis for sekundære kasusendingar
Dativ -ar, -r Dativ, allativ
Ablativ -um, -m, -mo Separativ (kor frå?)

Kasussuffiksa vert i plurar lagt til etter pluralsuffikset, til dømes Huséiniukutse ”Husseins folk” (ergativ plural). Genitivendinga er berre i singular av f-klassa /-mo/, elles alltid /-e/ (altso identisk med ergativendinga). Dativendinga /-ar/, /-r/ vert i singular av f-klasse likso lagt til obliquus, elles til absolutiv. Døme:

  • hir-e ”mannen sin”, gus-mo ”kvinna si”
  • hir-ar ”til mannen”, gus-mu-r ”til kvinna”

Genitiven står før det substantivet som han utgjer bestemming til: Hunzue tham ”emiren av Hunza”.

Endinksgane for sekundære kasus vert danna frå eit sekundært kasussuffiks (ofte beskrive som ”infix”) og ein av dei primære endingane /-e/, /-ar/ og /-um/. Her står /-e/ for lokativ (svarer på spørsmålet ”kvar?”), /-ar/ for terminativ (svarar på spørsmålet ”kor til?”) og /-um/ for ablativ-separativ (svarar på spørsmålet ”kor frå?”). Infiksa og grunntydingane deira er

  1. /-ts-/ ”på”
  2. /-ul-/ ”i”
  3. /-aţ-/ ”på, med”
  4. /-or-/ ”ved” (berre i Hunza-dialekten)

Derav får vi følgjande ”samansette” eller sekundære kasus:

Infix Lokativ Terminativ Separativ
-ts- -ts-e ”på” -ts-ar ”til” -ts-um ”frå”
-ul- -ul-e ”i” -ul-ar ”inn i” -ul-um ”ut ur”
-aţ- -aţ-e ”på , med” -aţ-ar ”opp på” -aţ-um ”ned frå”
-or- -al-e ”ved” -al-ar ”burt til” -or-um ”burt frå”

De regelbunde endingane /-ul-e/ og /-ul-ar/ er forelda og vert i dag oftast erstatta med /-ul-o/ og /-ar-ulo/.

Pronominalprefix og pronomen[endre | endre wikiteksten]

Nomen for kroppsdelar og slektskapsnemningar opptrer i burusjaski obligatorisk med eit pronominalprefiks. Man kan altso ikkje seia heilt enkelt ”mor” eller ”arm” på burusjaski, det må vere ”armen min”, ”mora di”, ”faren hans” etc. Til dømes tyder rota mi ”mor”, men ho kan ikkje opptre isolert, i staden heiter det:

  • i-mi ”mora hans”, mu-mi ”mora hennar” (3f sg.), u-mi ”mora deira” (3h pl.), u-mi-tsaro ”mora deira” (3h pl.).

Pronominal- eller personprefiksa rettar seg etter person, numerus og – i tredje person – etter genus. Ei oversyn over grunnformene vert gjeve i følgjande tabell over pronominalprefiksa:

Person / nominalklasse Singular Plural
1. person a- mi-, me-
2. person gu-, go- ma-
3. person m i-, e- u-, o-
3. person f mu- u-, o-
3. person x i-, y- u-, o-
3. person y i-, e-

Personlege pronomen i tredje person skil mellom ei ”fjern” og ei ”nær” form, til dømes khin ”han, den her” (her i nærleiken) men inn ”han, han der” (der borte). I obliquus finst det dessutan så kalla kortformer.[4]

Talord[endre | endre wikiteksten]

Talsystemet i burushaski er vigesimalt, altso basert på eininga 20. Til dømes heiter 20 altar, 40 alto-altar (2 gangar 20), 60 iski-altar (3 gangar 20) etc. Grundtalen er 1 hin (eller han, hik), 2 altán (eller altó), 3 iskén (eller uskó), 4 wálto, 5 čundó, 6 mishíndo, 7 thaló, 8 altámbo, 9 hunchó, 10 tóorumo (òg toorimi og turma) og 100 tha.

Døme på samansette tal:

11 turma-hin, 12 turma-altan, 13 turma-isken osb., 19 turma-hunti; 20 altar, 30 altar-toorimi, 40 alto-altar, 50 alto-altar-toorimi, 60 iski-altar osb, 21 altar-hik, 22 altar-alto, 23 altar-iski osb.

Verbalmorfologi[endre | endre wikiteksten]

Generelt[endre | endre wikiteksten]

Burushaskis verbalmorfologi er yttarst kompleks og formrik, og kan samanliknast med sumerisk, baskisk, ket eller visse nordkaukasiska språk. Mange lydbrigde (assimilasjonar, syneres, aksentendringar) gjer nestan kvart verb morfologiskt unikt. Her kan berre nokre grunnprinsipp vert angjeve.[5]

Dei finitte verbformene i burusjaski dannar blant anna følgjande kategoriar:

Kategori Moglege former
tempus/aspekt presens, futurum, imperfektum, perfektum, pluskvamperfektum
modus kondisjonalis, tre optativar, imperativ, konativ
numerus singular, plural
person 1., 2. og 3. person (i imperativ berre 2. person)
genus dei fire genusa f, x og y (berre i 3. person)

Hos mange transitive verb vert det markert ikkje berre subjektet, men òg det (direkte) objektet, begge med pronominalprefiks, som viser kategoriane numerus, person og – i tredje person – genus. Alle verba har negerte former, og visse intransitive verb dannar morfologisk sekundære transitiv-former. De infinitte verbformene - det inneber i burusjaski absolutivum for fortid og notid (samanliknbar med partisipp), perfektum partisipp og to infinitivar – har alle kategoriar hos de finita formene utom tempus og modus. Infinitte former dannar saman med hjelpeverb perifrastiska (samansette) former.

Dei 11 posisjonane til dei finitte verbformene[endre | endre wikiteksten]

Alle verbformer lar seg beskriva gjennom eit komplisert, men regelbunde, posisjonssystem. Berger skil samanlagt mellom 11 posisjonar (òg kalla ”slots”), som likevel ikkje alle kan bli fylt i ei enkelt verbform. Visse posisjonar viser alternative innhald (nedanfor kjenneteikna med A/B/C). Verbalstammen står i posisjon 5. Før stammen finst det altso fire posisjonar for prefiks, og deretter seks posisjonar for suffiks. Følgjande tabell gjev eit oversyn. Særskild viktige posisjonar vert framheva.

  • Posisjonane til verbformene (slots) i burusjaski
Posisjon Affiks og tydinga deira
1 Negasjonsprefiks a-
2a/b d-prefiks (danning av intransitiver) / n-prefiks (absoluttprefiks)
3 Pronominalprefiks: Subjekt for intransitive verb, objekt for transitive verb
4 s-prefiks for danning av sekundære transitivar
5 VERBALSTAMME
6 Pluralsuffiks -ya- på verbalstammen
7 Presensstammeteikn -č- (eller š, ts..) for danning av presens, futurum, imperfektum
8a/b Pronominalsuffiks for 1. sg. -a- (subjekt) / bindevokal (uten tyding)
9a m-suffiks: dannar m-partisipp og m-optativ frå den enkle stammen /
9b m-suffiks: dannar futurumet og konditionalis frå presensstammen /
9c n-suffiks for markering av absolutt (jfr. posisjon 2) /
9d š-suffiks for danning av š-optativ og -iš-infinitiv /
9e infinitivsending -as, -áas / optativsuffix -áa (direkte på stammen)
10a pronominalsuffix for 2:a og 3:e person og 1:a pl. (subjekt. Sjå nedan for former) /
10b Imperativändelser (til den reine stammen) /
10c Former av hjelpeverbet ba- for danning av presens, imperfektum, perfektum og pluskvamperfektum
11 Nominala fleksjonsendingar og partiklar

Danning av tempus og modus[endre | endre wikiteksten]

Danninga av tempus og modus skjer med bruk av de ulike posisjonane på ganske kompliserte måtar. Preteritum, perfektum, pluskvamperfektum og konativ verta då danna frå den enkle stammen; presens, imperfektum, futurumet og konditionalis frå presensstammen, som oppstår gjennom ei utviding av den enkle stammen i posisjon 7 (oftast med -č-). Direkte frå stammen vert optativ og imperativ avleitt. Samanlagt framgår følgjande skjema:

Danning av tempus og modusen av dømeverbet her "gråta", uten prefiks:

  • Tempus frå den enkle stammen
Grammatisk kategori Danning Form og omsetjing
konativ stamme + personsuffiks her-i "han kjem snart å grina"
preteritum stamme [+ bindevokal] + m-suffiks + personsuffiks her-i-m-i "han grein"
perfektum stamme [+ bindevokal] + hjelpeverb i presens her-u-ba-i "han har grine"
pluskvam-perfektum



stamme [+ bindevokal] + hjelpeverb i preteritum her-u-ba-m "han hadde grine"
  • Tempus frå presensstammen = stamme + presensteikn
Grammatisk kategori
Danning Form og omsetjing
futurum stamme + presensteikn [+ bindevokal + m-suffiks] + personending her-č-i-m-i ”han kjem å grina”
presens stamme + presensteikn + bindevokal + hjelpeverb i presens her-č-u-ba-i ”han grin”
imperfektum stamme + presensteikn + bindevokal + hjelpeverb i preteritum her-č-u-ba-m ”han grein (ofte)”
kondisjonalis stamme + presensteikn + bindvokal + m-suffiks (utom 1. pl.) + če her-č-u-m-če ”... skulle grina”,
kondisjonalis stamme + presensteikn + bindevokal + ending 1 pl. + če her-č-an-če ”vi skulle grina”
  • Optativ og imperativ
Grammatisk kategori Danning Form og omsetjing
áa-optativ stamme + áa (i alle personar) her-áa ”... skal.. grina”
m-optativ stamme + [bindvokal] + m-suffiks her-u-m ”... skal.. grina”
š-optativ stamme + (i)š + personändelse her-š-an ”dei skal grina”
imperativ singular stamme [+ é ved ändelsebetonade verb] her ”gråt!”
imperativ plural stamme + in her-in ”gråt!”

Markering av subjekt og objekt[endre | endre wikiteksten]

Markering av subjektet til verbforma og objekt skjer gjennom pronominale prefiks og suffiks i posisjonane 3, 8 og 10 på følgjande måte:

Affikstype Posisjon Funksjon
Prefiks 3 direkte objekt ved transitivt verb, subjekt ved intransitivt verb
Suffiks 8/10 subjekt ved transitivt og intransitivt verb

Personprefiksa er identiske med pronominalprefiksa ved nomen (obligatoriske ved kroppdelar og slektskapsnemningar, sjå ovafor). Formene av prefiksa (posisjon 3) og suffiksa (posisjonane 8 og 10) er forenkla samanfatta i dei følgjande tabellane:

  • Pronominalprefiks (posisjon 3)
Person / nominalklasse Singular Plural
1. person a- mi-
2. person gu- ma-
3. person m i- u-
3. person f mu- u-
3. person x i- u-
3. person y i-
  • Pronominalsuffiks (posisjonane 8 og 10)
Person / nominalklasse Singular Plural
1./2. person -a -an
3 person m -i -an
3. person f -o -an
3. person x -i -ie
3. person y -i

Her følgjer nokre døme på konstruksjonar i preteritum av det transitive prefigerande verbet phus ”binda” for forklaring av samspelet av prefiks og suffiks:

  • i-phus-i-m-i > han batt han (fylte posisjonar: 3-5-8-9-10)
  • mu-phus-i-m-i > han batt ho
  • u-phus-i-m-i > han batt dei (pl. hx)
  • mi-phus-i-m-i > han batt oss
  • i-phus-i-m-an > vi batt / dokker batt / dei batt han
  • mi-phus-i-m-an > dokker batt / dei batt oss
  • i-phus-i-m-a > eg batt / du batt han
  • gu-phus-i-m-a > eg batt deg

Pronominalaffia vert òg nytta når substantiv tar subjektet eller objektet si rolle, til dømes hir i-ír-i-mi ”mannen døydde”. Ved intransitive verb kan subjektfunksjonen markerast både gjennom eit prefiks og eit suffiks – altso dobbelt. Døme:

  • gu-ir-č-u-m-a ”du kjem til å døy” (futurum)
  • i-ghurts-i-m-i ”han sokk” (preteritum)

Pronominalprefix opptrer ikkje ved alle verb og i alle tempus. Visse verb nyttar aldri personprefiks, andre alltid, atter framføra berre under bestemte omstende. Pronominala prefiks målfører ved intransitiva verb ofte ein forsettleg aktivitet av subjektet, medan ikkje-prefigerade former beskriv ei handling som ikkje skjer med viljen til subjektet. Døme:

  • hurúţ-i-m-i ”han sette seg” (frivillig handling uten prefiks)
  • i-ír-i-m-i ”han døydde” (ufrivillig handling med prefiks)
  • ghurts-i-mi ”han gjekk under vatn frivillig: han dykka” (uten prefiks)
  • i-ghurts-i-m-i ”han gjekk under vatn ufrivillig: han sokk” (med prefiks)

d-prefikset[endre | endre wikiteksten]

Ei rekkje verb opptrer – attåt grunnforma si – med eit d-prefiks (posisjon 2), som før konsonant vert utvida med ein ”harmonisk” vokal. Den eksakte semantiska funksjonen av denne d-danning har ikkje vorte forklart. Til primære transitiver dannar d-prefikset, alltid uten pronominalprefix, regulære intransitivar.[6] Døme:

  • i-phalt-i-mi ”han braut opp det” (transitiv)
  • du-phalt-as ”verta brote opp, eksplodera“ (intransitiv)

Meir informasjon om verbalmorfologien og andre delar av grammatikken finst i litteraturen (framfor alt H. Berger 1998).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Noter[endre | endre wikiteksten]

  1. https://www.ethnologue.com/18/language/bsk/
  2. Backstrom 1992
  3. Cracking the code on the origins of a new European language Arkivert 2014-04-30 ved Wayback Machine., Macquarie University 17 juni 2012
  4. For detaljar sjå H. Berger 1998.
  5. Utförligare framstilling finst i Hermann Berger 1998, Grammatikk, 103-173.
  6. Berger 1998:I:110

Webkjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ernst Kausen, Burushaski. (doc) (Basis for tyskspråkiga Wikipedias artikkel)
  • Dick Grune, Burushaski - An Extraordinary Language in the Karakorum Mountains. (pdf)

Trykte kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Backstrom , Peter C.: Burushaski. i: Languages of Northern Areas. Sociolinguistic Survey of Northern Pakistan. Bd 2. Islamabad 1992, 2002 (Repr.).
  • Berger, Hermann: Die Burushaski-Sprache von Hunza und Nager. 3 Bde. 1. Grammatik. 2. Texte mit Übersetzungen. 3. Wörterbuch. Harrassowitz, Wiesbaden 1998, ISBN 3-447-03961-2
  • Berger, Hermann: Das Yasin-Burushaski (Werchikwar). Grammatik, Texte, Wörterbuch. Harrassowitz, Wiesbaden 1974. ISBN 3-447-01625-6
  • Blazek, Vaclav: Lexica Dene-Caucasia. Central Asiatic J. vol. 39, s. 11-50, 161-164, 1995. (Lexikala jämförelser av burushaski med baskiska, kaukasiska och jenisejska språk, sino-tibetanska språk och na-denespråk)
  • Čašule, Ilija. 2003b. "Evidence for the Indo-European Laryngeals in Burushaski and Its Genetic Affiliation with Indo-European". Journal of Indoeuropean Studies. 31/1-2 : 21-86.
  • Čašule, Ilija. 2004. "Burushaski-Phrygian Lexical Correspondences in Ritual, Burial, Myth and Onomastics". Central Asiatic Journal. 48/1: 50-104.
  • Čašule, Ilija. 2009. "Burushaski Shepherd Vocabulary of Indo-European Origin". Acta Orientalia. 70: 147-195.
  • Čašule, Ilija. 2009. Burushaski as an Indo-European "Kentum" language. Languages of the World 38. Lincom GmbH
  • van Driem, George: The Languages of the Himalayas. Brill, Leiden 2001. ISBN 90-04-10390-2
  • Kausen, Ernst: Burushaski. Gießen 2005. (Se även webblänk.)
  • Lorimer, David Lockhart Robertson: The Burushaski Language. Bd 1. Introduction and Grammar. Bd. 2 Histories, Bd. 3: Dictionary. Instituttet for Sammenlignende Kulturforskning. Aschehoug, Oslo 1935.
  • Morgenstierne, Georg. 1945. Notes on Burushaski Phonology. Norsk Tidsskrift for Sprogvidenskap 13: 61–95.
  • Morin, Yves Charles et Etinne Tiffou: Dictionnaire complémentaire du bouroushaski de Yasin. Etudes bouroushaski 2, SELAF # 304, Peeters/SELAF, Paris 1989. (Ergänzung zu Berger und Tiffou)
  • Tiffou Etienne et Jurgen Pesot: Contes du Yasin - Introduction au bourou du Yasin, Etudes bouroushaski 1, SELAF # 303, Peeters/SELAF, Paris 1989. (Weiterführung aufbauend auf Grammatik von Berger)
  • Willson, Stephen R.: Basic Burushaski Vocabulary. Studies in Languages of Northern Pakistan. Bd 6. Islamabad 1999.
  • Willson, Stephen R.: A Look at Hunza Culture. Studies in Languages of Northern Pakistan. Bd 3. Islamabad 1999.