Stjernebiletet Kjølen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Kjølen (fleirtyding).
Kjølen
Kjølen
Latinsk namn Carina
Forkorting Car
Genitivsform Carinae
Symbologi Frå skipet Argo Navis
Rektasensjon 9 h
Deklinasjon −60°
Areal 494 kvadratgrader
nr. 34 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
5
Sterkaste stjerne Canopus (α Car)
(−0,7. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +20° og −90°

Kjølen (frå latin Carina) er eit stjernebilete på den sørlege himmelhalvkula. Det var tidlegare ein del av det større stjernebiletet Argo Navis (skipet Argo) fram til stjernebiletet vart delt i tre delar. Dei to andre er Akterstamnen og Seglet.

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjernebiletet Kjølen slik det er for det nakne auga.

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Kjølen inneheld Canopus, ei kvit superkjempe som er den nest mest lyssterke stjerna på nattehimmelen med storleiksklasse −0,72, 313 lysår frå jorda. Alfa Carinae, som Canopus formelt heiter, er ei variabel stjerne som varierer med storleiksklasse 0,1. Det tradisjonelle namnet kjem frå den mytologiske Canopus, som var ein navigatør for Menelaus, kongen av Sparta.[1]

Det finst fleire stjerner over storleiksklasse 3 i Kjølen. Beta Carinae, tradisjonelt kalla Miaplacidus, er ei blåkvit stjerne med storleiksklasse 1,7, 111 lysår frå jorda. Epsilon Carinae er ei oransje kjempestjerne med liknande lyssterke som Miaplacidus med storleiksklasse 1,9. Ho ligg 630 lysår frå jorda. Ei anna lyssterk stjerne er den blåkvite Theta Carinae som har storleiksklasse 2,7 og ligg 440 lysår frå jorda. Theta Carinae er òg det mest prominente medlemmet av hopen IC 2602. Iota Carinae er ei kvit superkjempe med storleiksklasse 2,2, 690 lysår frå jorda.[1]

Eta Carinae er den mest prominente variable stjerna i Kjølen. Ho har ein masse som er kring 100 gonger så stor som sola og er 4 millionar gonger meir lyssterk.[1] Dei uvanlege trekka vart først oppdaga i 1677, då storleiksklassen brått auka til 4, og vart lagt merke til av Edmond Halley.[2] Eta Carinae ligg innafor NGC 3372, ofte kalla Carinatåka.[1] Ho hadde eit langt utbrot i 1827, då ho vart forsterka til storleiksklasse 1, og fall til storleiksklasse 1,5 i 1828. Det mest markante utbrotet gjorde Eta Carinae like lyssterk som Sirius. Ho vart forsterka til storleiksklasse −1,5 i 1843. Sidan 1843 har Eta Carinae vore relativt roleg, og har hatt ein storleiksklasse mellom 6,5 og 7,9.[2] I 1998 blussa ho til igjen, men denne gangen berre til storleiksklasse 5,0. Eta Carinae er ei dobbeltstjerne, med ei følgjestjerne som krinsar rundt med ein periode på 5,5 år. Dei to stjernene er omgjeve av Homunculuståka, som består av gass som vart kasta ut i 1843.[1]

Det finst fleire langt mindre markante, variable stjerner i Kjølen .l Carinae er ein kefeide som er kjend for lyssterken sin. Ho er den mest lyssterke kefeiden og ein kan sjå variasjonen med det nakne auga. Ho er ei gul superkjempe med ein minste storleiksklasse på 4,2 og ein største på 3,3. Perioden er 35,5 dagar.[1]

To lyse Mira-variabel-stjerner ligg i Kjølen: R Carinae og S Carinae. Begge stjernene er raude kjemper. R Carinae har ein minste storleiksklasse på 10,0 og ein største på 4,0. Perioden er 309 dagar og ho ligg 416 lysår frå jorda. S Carinae er liknande, med ein minste storleiksklasse på 10,0 og ein største på 5,0. Men S Carinae har ein kortare periode – 150 dagar og ligg lengre frå jorda med ein avstand på 1300 lysår.[1]

Kjølen har fleire dobbeltstjerner. Upsilon Carinae er ei dobbeltstjerne med to blåkvite kjemper, 1600 lysår frå jorda. Hovudstjerna har storleiksklasse 3,0 og den andre storleiksklasse 6,0. Det er mogeleg å skjelne dei to komponentane frå kvarandre i små amatørteleksop.[1]

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

Carina er kjend for Carinatåka, NGC 3372,[3] som vart oppdaga av den franske astronomen Nicolas Louis de Lacaille i 1751, og som består av fleire stjernetåker. Carinatåka er samla sett ei kolossal emisjonståke som ligg kring 8 000 lysår unna og er 300 lysår brei med enorme område for stjernedanning.[4] Den samla storleiksklassen er på 8,0.[2] Han har òg ein massiv tilsynelatande diameter, meir enn 2 grader.[1] Det sentrale området vert kalla Nøkkelholtåka, namngjeven i 1847 av John Herschel. Nøkkelholet er kring sju lysår breitt og består hovudsakleg av ionisert hydrogen, ed to store stjernedannande område. Homunculuståka er ei planetær stjernetåke synleg for det nakne auga, som vert kasta ut frå den uregelmessige variable stjerna Eta Carinae, den mest massive synlege stjerna som er kjend. Eta Carinae er så massiv at har nådd den teoretiske øvre grensa for kor massiv ei stjerne kan vere, og er derfor ustabil. Ho er kjend for utbrota sine. I 1840 var ho ei kort stund ei av dei mest lyssterke stjernene på himmelen under eit særleg kraftig utbrot, som skapte Homunculuståka. På grunn av denne ustabiliteten og dei mange utbrota, vert Eta Carinae rekna som ein av dei fremste kandidatane for ein supernova dei neste hundretusen åra, fordi ho har nådd slutten av den estimerte ein millionar år lange levetida.[5]

Sidan Mjølkevegen går gjennom Carina, er det mange opne hopar i stjernebiletet, innslutta i eit rikt stjernefelt. NGC 2516 er ein open hop som er både stor - omtrent ein halv kvadratgrad, og lys, synleg for det nakne auga. Ho ligg 1100 lysår frå jorda og inneheld kring 80 stjerner. Den mest lyssterke av desse er ei raud kjempe med storleiksklasse 5,2. NGC 3114 er ein annan open hop som er omtrent like stor, men denne er kring 3000 lysår frå jorda. Ho er meir laus og lyssvak enn NGC 2516, og den mest lyssterke stjerna er berre av 6. storleiksklasse. Den mest markante opne hopen i Kjølen er IC 2602, som òg vert kalla «Dei sørlege Pleiadane». Han inneheld Theta Carinae, og fleire andre stjerner som er synlege for det nakne auga. I alt inneheld hopen kring 60 stjerner. Dei sørlege Pleiadane er særleg stor for ein hopen hop, med ein diameter på kring éin grad. Som IC 2602, er NGC 3532 synleg for det nakne auga og har ein liknande storleik. Han har kring 150 stjerner som er arrangert i ei uvanleg form, omtrent som ein ellipse med eit mørkt, sentralt område. Fleire markante, oransje kjemper er av dei mest lyssterke i hopen, av 7. storleiksklasse. Bak denne hopen ligg Chi Carinae, ei gulkvit stjerne med storleiksklasse 3,9, mykje lenger unna enn NGC 3532.[1]

Carina inneheld òg kulehopen NGC 2808. Epsilon Carinae og Upsilon Carinae er dobbeltstjerner som er synlege i små teleskop.

Ein galaksehop er 1E 0657-56, Patronhopen. Med ein avstand på 4 milliardar lysår (raudforskyving 0,296), er denne galaksehop kalla opp etter sjokkbølgja som ligg i rommet mellom galaksane i hopen. Dette liknar sjokkbølgja ein ser kring ei geværkule i overlydsfart. Baugsjokket trur ein kjem av mindre galaksehopar som flyttar seg i galaksehopen med ein relativt fart på 3000–4000 km/s i høve til den store hopen. Fordi denne gravitasjonsvekselverknaden har pågått i hundrevis av millionar av år, har den vesle hopen blitt øydelagd og vil etter kvart bli slukt av den større hopen.[5]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: Sky map 9h 00m 00s, −60° 00′ 00″