Casanova av Supergruppa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Casanova»
Singel av Supergruppa
Land Noreg
Språk Norsk
Utgjeve 1977
Låtskrivar(ar) Svein Strugstad og Dag Nordtømme

«Casanova» er ein song av Supergruppa frå 1977. Songen er skriven av Svein Strugstad og Dag Nordtømme.[1]

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Melodi Grand Prix 1977[endre | endre wikiteksten]

«Casanova» deltok i Melodi Grand Prix 1977, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1977 i London i Storbritannia. Songen vart framført på norsk av Supergruppa i semifinalen «Midt-Norge», som omfatta Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal. Bidraget vann med 601 poeng, og gjekk vidare til finalen.[2][3] «Casanova» vart framført av på norsk av Anita Skorgan i finalen, og vann med 91 poeng.[2][4]

Eurovision Song Contest 1977[endre | endre wikiteksten]

«Casanova»
Eurovision Song Contest 1977
Land Noreg
Artist(ar) Anita Skorgan
Medverkande Carsten Klouman (dirigent)
Språk Norsk
Komponist(ar) Svein Strugstad
Låtskrivar(ar) Dag Nordtømme
Resultat
Finalepoeng 18
Finaleplass 15
Noreg i Eurovision Song Contest
«Mata Hari»
(1976)
«Casanova» «Mil etter mil»
(1978)

Etter sigeren i Melodi Grand Prix 1977 fekk «Casanova» representere Noreg i Eurovision Song Contest 1977. Bidraget vart framført på norsk av Anita Skorgan, og enda på 15. plass med 18 poeng; fem frå Italia og Belgia, tre frå Luxembourg, to frå Portugal og Storbritannia og eitt frå Sverige. Carsten Klouman var dirigent.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «MGP 1977» (norsk). OGAE Norge. Henta 29. juli 2014. 
  2. 2,0 2,1 «Norway 1977» (engelsk). esc-history.com. Henta 29. juli 2014. 
  3. «NORWEGIAN SEMI-FINALS 1977» (engelsk). natfinals.50webs.com. Henta 29. juli 2014. 
  4. «NORWEGIAN FINAL 1976» (engelsk). natfinals.50webs.com. Henta 29. juli 2014.