Språkregelen som krevar at alle land syng på eit av sine nasjonalspråk, vart gjenninnført i 1977. Sidan Vest-Tyskland og Belgia allereie hadde vald song, fekk dei lov til å synge på engelsk. Songen til Austerrike inneheld òg litt engelsk. Førre gong språkregelen hadde vore nytta, var i 1972. Tevlinga skulle opphavleg vorte halden 2. april, men vart utsett som fylgje av streik mellom BBC sine kameramenn og teknikare.
Tunisia skulle delteke i Eurovision Song Contest dette året, men trekte seg. Jugoslavia trekte seg frå tevlinga og kom ikkje attende før i 1981.