Småting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Småting»
av Hanne Krogh og Benny Borg & Grethe Kausland
Land Noreg
Språk Norsk
Utgjeve 1972
Låtskrivar(ar) Ivar Børsum og Kåre Grøttum

«Småting» er ein song av Hanne Krogh og Benny Borg & Grethe Kausland frå 1972. Songen er skriven av Ivar Børsum og Kåre Grøttum.[1]

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Melodi Grand Prix 1972[endre | endre wikiteksten]

«Småting» deltok i Melodi Grand Prix 1972, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1972 i Edinburgh i Storbritannia. Songen vart framført på norsk av Hanne Krogh med eit lite orkester, og så på nytt av Benny Borg & Grethe Kausland med eit stort orkester. Bidraget vann med 43 poeng.[2][3]

Eurovision Song Contest 1972[endre | endre wikiteksten]

«Småting»
Eurovision Song Contest 1972
Land Noreg
Artist(ar) Benny Borg & Grethe Kausland
Medverkande Carsten Klouman (dirigent)
Språk Norsk
Komponist(ar) Ivar Børsum og Kåre Grøttum
Låtskrivar(ar) Ivar Børsum og Kåre Grøttum
Resultat
Finalepoeng 73
Finaleplass 14
Noreg i Eurovision Song Contest
«Lykken er»
(1971)
«Småting» «It's Just a Game»
(1973)

Etter sigeren i Melodi Grand Prix 1972 fekk «Småting» representere Noreg i Eurovision Song Contest 1972. Benny Borg & Grethe Kausland framførte songen på norsk, og enda på 14. plass med 73 poeng; sju frå Finland, seks frå Irland og Luxembourg, fem frå Spania, Portugal, Malta og Jugoslavia, fire frå Vest-Tyskland, Storbritannia, Sverige, Monaco, Belgia og Nederland, tre frå Frankrike og Austerrike og to frå Sveits og Italia. Carsten Klouman var dirigent.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «MGP 1972» (norsk). OGAE Norge. Henta 6. juli 2014. 
  2. «Norway 1972» (engelsk). esc-history.com. Henta 6. juli 2014. 
  3. «NORWEGIAN FINAL 1971» (engelsk). natfinals.50webs.com. Henta 6. juli 2014.