Hvor er du?

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Hvor er du?»
Singel av Jahn Teigen og Anne-Karine Strøm
Land Noreg
Språk Norsk
Utgjeve 1974
Selskap Polydor Records
Låtskrivar(ar) Frode Thingnæs og Philip Kruse
Produsent Johnny Sareussen

«Hvor er du?», òg kjend som «The First Day of Love», er ein song av Jahn Teigen og Anne-Karine Strøm frå 1974. Songen er skriven av Frode Thingnæs og Philip Kruse.[1]

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Melodi Grand Prix 1974[endre | endre wikiteksten]

«Hvor er du?» deltok i Melodi Grand Prix 1974, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1974 i Brighton i Storbritannia. Songen vart framført på norsk av Jahn Teigen med eit lite orkester, og så på nytt av Anne-Karine Strøm med eit stort orkester. Bidraget vann med 48 poeng.[2][3]

Eurovision Song Contest 1974[endre | endre wikiteksten]

«The First Day of Love»
Eurovision Song Contest 1974
Land Noreg
Artist(ar) Anne-Karine Strøm
Medverkande Anne Lise Gjøstøl (støttevokalist), Bjørn Kruse (støttevokalist), Philip Kruse (støttevokalist) og Frode Thingnæs (dirigent)
Språk Engelsk
Komponist(ar) Frode Thingnæs
Låtskrivar(ar) Philip Kruse
Resultat
Finalepoeng 3
Finaleplass 14
Noreg i Eurovision Song Contest
«It's Just a Game»
(1973)
«The First Day of Love» «Touch My Life (with Summer)»
(1975)

Etter sigeren i Melodi Grand Prix 1974 fekk «Hvor er du?» representere Noreg i Eurovision Song Contest 1974. Teksten vart skriven om, og songen fekk tittelen «The First Day of Love». Anne-Karine Strøm framførte songen på engelsk, og enda på 14. plass med tre poeng; eitt frå Sverige, eitt frå Monaco og eitt frå Belgia. Frode Thingnæs var dirigent. 17 bidrag deltok i tevlinga, men «The First Day of Love» var eitt av fire bidrag som fekk tre poeng og enda dimed sist.

Dette var fyrste gong eit norsk bidrag vart framført utan noko tekst på norsk. Strøm og hennar tre støttevokalistar, Bjørn Kruse og Philip Kruse, hadde alle representert Noreg i Eurovision Song Contest 1973 med songen «It's Just a Game», då som gruppa Bendik Singers.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «MGP 1974» (norsk). OGAE Norge. Henta 8. juli 2014. 
  2. «Norway 1974» (engelsk). esc-history.com. Henta 8. juli 2014. 
  3. «NORWEGIAN FINAL 1974» (engelsk). natfinals.50webs.com. Henta 8. juli 2014.