That’s How You Write a Song

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«That’s How You Write a Song»
Song av Alexander Rybak
Land Noreg
Språk Engelsk
Utgjeve 15. januar 2018
Sjanger Pop
Lengd 03:00
Selskap NRK
Låtskrivar(ar) Alexander Rybak

«That's How You Write a Song» ('det er slik du skriv ein song') er ein norsk popsong som er skriven og framført av Alexander Rybak. Songen vart sloppen for digitalt sal og strøyming 15. januar 2018. «That's How You Write a Song» vann Melodi Grand Prix 2018 og var det norske bidraget til Eurovision Song Contest 2018 i Lisboa.[1][2] Der enda songen som nummer 15 av 26 i finalen.

Melodi Grand Prix[endre | endre wikiteksten]

Alexander Rybak framfører «That's How You Write a Song» under finalen i Melodi Grand Prix 2018 i Oslo Spektrum.

Rybak sende inn «That's How You Write a Song» til Melodi Grand Prix 2018, og av over 1 200 innsende bidrag vart songen plukka ut som eit av ti bidrag til finalen i Melodi Grand Prix i Oslo laurdag 10. mars 2018. Songen vart sloppen for strøyming og sal under ein pressekonferanse på NRK Marienlyst 15. januar 2018.[3]

«That's How You Write a Song» var det tiande og siste bidraget ut på scena av ti finalistar i Melodi Grand Prix. I vekene før finalen segla «Who We Are» opp som den store favoritten hos spelselskapa og den norske Grand Prix-klubben, medan «That’s How You Write a Song» låg som nummer to.[4][5] «Moren din» av Vidar Villa var likevel den mest spelte låten av deltakarane på strøymetjenesta Spotify med over éin million avspelingar dagen før finalen i Melodi Grand Prix. «That's How You Write a Song» var berre den femte mest strøymde låten med litt over 150 000 avspelingar.[6]

I finalen i Melodi Grand Prix kjempa dei to førehandsfavorittane «Who We Are» og «That's How You Write a Song» til slutt i ein gullduell, der Rybak fekk flest røyster og vann tevlinga. Dette var andre gongen Rybak vann Melodi Grand Prix, etter å ha vunne med «Fairytale» ni år tidlegare.

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Alexander Rybak framfører «That's How You Write a Song» under ei av prøvene før den andre semifinalen i Lisboa i 2018.

Etter å ha vunne den norske finalen, var «That's How You Write a Song» det norske bidraget til Eurovision Song Contest i Lisboa i mai 2018. Songen deltok i den andre semifinalen torsdag 10. mai, og var det fyrste bidraget ut på scena den kvelden. «That's How You Write a Song» var også bidrag nr. 1 500 som har opptredd i Eurovision Song Contest.[7] Songen vann semifinalen og kvalifiserte seg til finalen laurdag 12. mai.

I finalen var songen det sjuande bidraget ut på scena. Til slutt enda «That's How You Write a Song» på ein 15. plass av 26 finalistar.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«That's How You Write a Song» er ein popsong med engelsk tekst. Songen inneheld scatting, oppkonstruerte stavingar og lydar som skal etterlikna instumentlydar. Rybak spelar òg fele i siste halvdel av songen.

I teksta syng Rybak om at det ikkje er vanskeleg å skrive ein song, og at ein berre må føle det og syngje på melodien heile dagen lang.[8]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Trass ein klår siger i Melodi Grand Prix, nådde ikkje vinnarlåten høgare enn ein 28. plass på norske VG-lista. Dette var den dårlegaste toppnoteringa til ein MGP-vinnerlåt sidan 2014. Etter finalen i Eurovision Song Contest fekk likevel «That's How You Write a Song» nok strøymingar på tenester som Spotify og YouTube til at songen oppnådde platinastatus i september.[9] Per 11. september 2018 hadde låten 6,3 millionar strøymingar på Spotify – det lågaste strøymetalet til ein MGP-vinnar sidan «Stay» i 2012.[10][11]

Liste (2018) Høgaste

plassering

Flag of Belgium (civil).svg Belgia, Flandern (Ultratip)[12] 29
Flag of France.svg Frankrike (SNEP)[13] 128
Flag of Norway.svg Noreg (VG-lista)[14] 28
Flag of Scotland.svg Skottland (Official Charts)[15] 98
Flag of Slovakia.svg Slovakia (Rádio Top 100)[16] 55
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia (Official Charts – download)[17] 100
Flag of Sweden.svg Sverige (Sverigetopplistan)[18] 58

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. NRK. «Her er artistene i MGP 2018». NRK (på norsk bokmål). 
  2. «Alexander Rybak vant årets Melodi Grand Prix». Dagbladet.no (på norsk). 10. mars 2018. 
  3. «Her er årets Melodi Grand Prix-finalister». Dagbladet.no (på norsk). 15. januar 2018. 
  4. Henriksen, Arve (8. mars 2018). «Rebecca er den «ukjente» favoritten». Aftenposten (på norsk bokmål). 
  5. «Odds Norway Melodi Grand Prix 2018». Eurovision World. mars 2018. Arkivert frå originalen |archive-url= requires |archive-date= (hjelp). Henta 9. mars 2018. 
  6. NRK (7. mars 2018). «Vidar Villa knuser odds-favoritten i Melodi Grand Prix». nrk.no (på norsk bokmål). 
  7. «That’s how you write the 1,500th Eurovision song!». Eurovision.tv (på engelsk). 10. mai 2018. 
  8. «Alexander Rybak – That’s How You Write A Song» (engelsk). Henta 11. mars 2018. 
  9. Hyttebakk, Jon Marius. «Platinatrofé for Rybaks MGP-låt». NRK (på norsk bokmål). 
  10. «That's How You Write A Song» (engelsk). 15. januar 2018. Henta 11. september 2018. 
  11. «Stay» (engelsk). 16. januar 2012. Henta 11. september 2018. 
  12. «'That's How You Write a Song' på belgisk utfordrerliste til Ultratop 50». Ultratop.be. 17. mars 2017. Henta 16. mars 2018. 
  13. Hung, Steffen. «lescharts.com - Alexander Rybak - That's How You Write A Song». Henta 17. juni 2018. 
  14. «'That's How You Write a Song' på VG-lista». VG Nett. 17. mars 2017. Henta 16. mars 2018. 
  15. «Official Scottish Singles Sales Chart Top 100 | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 17. juni 2018. 
  16. ds. «'That's How You Write a Song' på offisiell slovakisk radioliste». ČNS IFPI. Henta 26. april 2018. 
  17. «Official Singles Downloads Chart Top 100 | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 10. mars 2018. 
  18. «Sverigetopplistan - Sveriges Officiella Topplista» (på svensk). Henta 21. mai 2018.