CHOBA B CCCP

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Choba B CCCP)
Hopp til navigering Hopp til søk
Снова в СССР
Studioalbum av Paul McCartney
Utgjeve 31. oktober 1988
Innspelt 20–21. juli 1987
Studio Hog Hill i Sussex
Sjanger Rock and roll
Lengd 47:54
Selskap Melodija (Μелодия)
Produsent Paul McCartney
Paul McCartney-kronologi
All the Best!
(1987)
Снова в СССР Flowers in the Dirt
(1989)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Encyclopedia of Popular Music3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]
The Essential Rock Diskografi4/10[3]
MusicHound4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[4]
The Rolling Stone Album Guide3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[5]

Снова в СССР (transkribert Snova v SSSR, som tyder Attende i USSR igjen); òg kjend som The Russian Album) er det sjuande studioalbumet til Paul McCartney under hans eige namn, opphavleg gjeve ut i 1988 i Sovjetunionen. Albumet består berre av coverversjonar, hovudsakleg gamle rock and roll-songar (liknande John Lennon sitt Rock 'n' Roll frå 1975). Med ein ekstra song i tillegg kom det ut internasjonalt i 1991.

Bakgrunn og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Etter den dårlege mottakinga av det førre albumet hans, Press to Play i 1986, brukte McCartney det første halve året av 1987 på å planleggje det nye albumet sitt. I mars spelte han inn nok songar til eit album med produsenten Phil Ramone, men dette resulterte berre i singelen «Once Upon a Long Ago» med B-sida «Back on My Feet», som berre kom ut i Storbritannia i november det året.[6]

Etter ei rekkje jammar med forskjellige britiske musikarar, der dei spelte somme av favorittsongane hans frå 1950-åra, valte McCartney å spele desse songane live i studio. I løpet av to dagar i juli 1987, spelte McCartney inn tjue songar.[7]

Andre songar som vart spelte inn desse dagane, men som ikkje kom med på Melodija-albumet var «I'm in Love Again» (som kom på den seinare internasjonale utgåva) og «I Wanna Cry» (ein original song) som vart B-sida til McCartney-singelen «This One» i 1989, i tillegg til «It's Now or Never» på New Musical Express-albumet The Last Temptation of Elvis i 1990.[8] Ein versjon av Beatles-songen «I Saw Her Standing There» vart òg spelt inn men ikkje gjeven ut.[9]

Albumtittelen og omslaget[endre | endre wikiteksten]

Tittelen «Снова в СССР» er russisk for «Back in the U.S.S.R.», namnet på ein Beatles-song frå 1968.[10] Albumet er òg blitt kalla Back in the USSR og Russian Album.[10]

Plateomslaget vart designa av Michael Ross.[11] Den russiske utgåva inneheld notat skrivne av Roy Carr frå New Musical Express, omsett til russisk.[8]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom ut i Sovjetunionen den 31. oktober 1988. Det første opplaget med 11 songar på 50 000 eksemplar vart raskt utseld. Ei ny utgåve med fleire songar kom ein månad seinare.

Kort tid etter utgjevinga byrja albumet å dukke opp for sal utafor Sovjetunionen til prisar frå 100 til 250 amerikanske dollar i USA og opp til 500 pund i Storbritannia.[7] Albumet vart omsider gjeve ut internasjonalt i 1991 og nådde då 63. plassen i Storbritannia og 109. plassen i USA. Tittelen vart då feilskrive СНОВА Б СССР (Б er i det kyrilliske alfabetet ein B i det latinske alfabetet, medan ein B er ein V).

Sjølv om albumet ikkje kom ut på den vestlege marknaden i starten, vart over halvparten av songane gjevne ut som B-sider til singlar frå 1987 til 1989: «Midnight Special», «Don't Get Around Much Anymore», «Lawdy Miss Clawdy» og «Kansas City» kom ut på forskjellige utgåver av «Once Upon a Long Ago», «I'm Gonna Be a Wheel Someday» og «Ain't That a Shame» på «My Brave Face» og den redigerte versjonen av «I'm in Love Again» på «This One»-singelen.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

11-sporsutgåva
Side ein
# Tittel Lengd
1. «Kansas City»   4:02
2. «Twenty Flight Rock»   3:03
3. «Lawdy, Miss Clawdy»   3:17
4. «Bring It On Home to Me»   3:14
5. «Lucille»   3:13
6. «Don't Get Around Much Anymore»   2:51
Side to
# Tittel Lengd
7. «That's All Right Mama»   3:47
8. «Ain't That a Shame»   3:43
9. «Crackin' Up»   3:55
10. «Just Because»   3:34
11. «Midnight Special»   3:59
13-spors-utgåva
Side ein
# Tittel Lengd
1. «Kansas City»   4:02
2. «Twenty Flight Rock»   3:03
3. «Lawdy, Miss Clawdy»   3:17
4. «Bring It On Home to Me»   3:14
5. «Lucille»   3:13
6. «Don't Get Around Much Anymore»   2:51
7. «I'm Gonna Be a Wheel Someday»   4:12
Side to
# Tittel Lengd
8. «That's All Right (Mama)»   3:47
9. «Summertime»   4:57
10. «Ain't That a Shame»   3:43
11. «Crackin' Up»   3:55
12. «Just Because»   3:34
13. «Midnight Special»   3:59
CD-utgåve
# Tittel Lengd
1. «Kansas City»   4:02
2. «Twenty Flight Rock»   3:03
3. «Lawdy, Miss Clawdy»   3:17
4. «I'm in Love Again» (Bonusspor på den internasjonale i 1991) 2:58
5. «Bring It On Home to Me»   3:14
6. «Lucille»   3:13
7. «Don't Get Around Much Anymore»   2:51
8. «I'm Gonna Be a Wheel Someday»   4:12
9. «That's All Right Mama»   3:47
10. «Summertime»   4:57
11. «Ain't That a Shame»   3:43
12. «Crackin' Up»   3:55
13. «Just Because»   3:34
14. «Midnight Special»   3:59

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

20. juli
21. juli

Salslister[endre | endre wikiteksten]

År Land Liste Plassering
1991 Japan Oricon-lista (Topp 100)[12] 48
Storbritannia UK Albums Chart (Topp 75)[13] 63
USA The Billboard 200[14] 109

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ruhlmann, William. «Choba B CCCP – Paul McCartney : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 23. mai 2018. 
  2. Larkin, Colin (2006). The Encyclopedia of Popular Music (4th edn). New York, NY: Oxford University Press. s. 1257. ISBN 0-19-531373-9. 
  3. Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Diskografi. Edinburgh, UK: Canongate. s. 696. ISBN 978-1-84195-827-9. 
  4. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 730. ISBN 1-57859-061-2.
  5. Randall, Mac; Brackett, Nathan; Hoard, Christian (eds) (2004). The New Rolling Stone Album Guide (4th edn). New York, NY: Simon & Schuster. s. 526. ISBN 0-7432-0169-8.
  6. Perasi, Luca. Paul McCartney: Recording Sessions (1969–2013 (2013) s. 263
  7. 7,0 7,1 Kozinn, Allan. «Smuggling Pop LP's Out of the U.S.S.R., Thanks to McCartney» New York Times 12. januar 1989: C19
  8. 8,0 8,1 Calkin, Graham. «Choba B CCCP». Jpgr.co.uk. Henta 23. mai 2018. 
  9. Weiner, Allen. The Beatles: The Ultimate Recording Guide (1992) s. 250
  10. 10,0 10,1 Womack, Kenneth (2014). The Beatles Encyclopedia, Volume 2. ABC-CLIO. s. 846. ISBN 0313391726. 
  11. CHOBA B CCCP (Album cover). Paul McCartney. Melodiya. 1988. 
  12. «Paul McCartney Japanese Album Chart listings». Original Confidence. Henta 18. april 2011. 
  13. «Paul McCartney UK Album Chart listings». UK Albums Chart. Henta 18. april 2011. 
  14. «Paul McCartney – Chart history: Billboard 200». Billboard. Henta 23. mai 2018.