My Brave Face

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
My Brave Face
Singel av Paul McCartney
frå albumet Flowers in the Dirt
B-side

«Flying to My Home» (7")
«I'm Gonna Be a Wheel Someday» / «Ain't That a Shame» (12")

Utgjeve 8. mai 1989 (Storbritannia)
27. mai 1989 (USA)
Innspelt Oktober 1988
Olympic Studios i London
Sjanger Rock
Lengd 3:19
Selskap
Låtskrivar(ar)
Produsent
Paul McCartney-kronologi 
«Once Upon a Long Ago»
(1987)
My Brave Face «This One»
(1989)


«My Brave Face» er ein song frå Paul McCartney frå 1989 på albumet Flowers in the Dirt. Han var skriven av McCartney og Elvis Costello og vart gjeven ut på singel. Songen nådde 18. plassen i Storbritannia ei veke etter han kom ut på singel, og 25. plassen i USA.[1][2] Det vart den siste songen til McCartney på Topp 40 på Billboard Hot 100 fram til 2014 og samarbeidet med Kanye West.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

«My Brave Face» vart først spelt inn av McCartney og Costello tidleg i 1988. Utdrag frå denne innspelinga vart sidan nytta i dokumentarfilmen Put It There. Den endelege versjonen av songen vart spelt inn same året i Olympic Studios i London, med produsenten Mitchell Froom.[3] Seinare la David Rhodes til ein «ebow-gitar» i Olympic Studios.[4] I følgje dokumentarfilmen Put It There bad Costello McCartney om å ta med den ikoniske Höfner fiolinbassen, som han ikkje hadde spelt på årevis, til innspelinga. I dag nytta McCartney framleis denne bassen.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7"-singel[endre | endre wikiteksten]

A-side:

  1. «My Brave Face»

B-side:

  1. «Flying to My Home»

12"-singel[endre | endre wikiteksten]

A-side:

  1. «My Brave Face»
  2. «Flying to My Home»

B-side:

  1. «I'm Gonna Be a Wheel Someday»
  2. «Ain't That a Shame»

CD-singel[endre | endre wikiteksten]

  1. «My Brave Face»
  2. «Flying to My Home»
  3. «I'm Gonna Be a Wheel Someday»
  4. «Ain't That a Shame»

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen for «My Brave Face» vart filma i april 1989, regissert av Roger Lunn.[6] Han var mykje å sjå på videokanalar det året og kom i 2007 ut på videosamlinga The McCartney Years.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1989) Plassering
Australian ARIA Singles Chart[7] 30
Den belgiske singellista (Flandern)[8] 16
Canadian RPM Top 100 Singles[9] 17
Canadian RPM Adult Contemporary[10] 29
Den nederlandske singellista[11] 15
Den franske singellista[12] 31
Irish Singles Chart[13] 6
Den norske VG-lista[14] 4
Den spanske singellista[15] 13
Den svenske singellista[16] 19
Den sveitsiske singellista[17] 25
UK Singles Chart[1] 18
US Billboard Hot 100[2] 25
US Billboard Adult Contemporary[2] 4
US Billboard Mainstream Rock[2] 12
Den vesttyske Media Control-lista[18] 29

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Paul McCartney > Artists > Official Charts». The Official UK Charts Company. Henta 22. mai 2018. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Allmusic: Paul McCartney: Charts & Awards». allmusic.com. Henta 22. mai 2018. 
  3. Chip Madinger & Mark Easter, Eight Arms To Hold You: The Solo Beatles Compendium (Chesterfield, MO: 44.1 Productions, 2000), 301-302.
  4. Luca Perasi, Paul McCartney: Recording Sessions (1969-2013), L.I.L.Y. Publishing, 2013, ISBN 978-88-909122-1-4, p.288.
  5. «Flowers In The Dirt». Graham Calkin's Beatles Pages. Jpgr.co.uk. Henta 20. august 2011. 
  6. Calkin, Graham (2008). «The McCartney Years». Graham Calkin's Beatles Pages. Henta 23. mai 2018. 
  7. «australian-charts.com Paul McCartney – Flowers in the Dirt» (ASP). Australian Recording Industry Association. Henta 22. mai 2018. 
  8. «ultratop.be Paul McCartney – «My Brave Face»» (ASP). Hung Medien (på nederlandsk). Ultratop. Henta 22. mai 2018. 
  9. «Top Singles - Volume 50, No. 12». RPM. 17. juli 1989. Henta 22. mai 2018. 
  10. «Adult Contemporary - Volume 50, No. 15». RPM. 7. august 1989. Henta 22. mai 2018. 
  11. «dutchcharts.nl Paul McCartney – «My Brave Face»» (ASP). Hung Medien. MegaCharts. Henta 22. mai 2018. 
  12. http://lescharts.com/showitem.asp?interpret=Paul+McCartney&titel=My+Brave+Face&cat=s
  13. «Search the Charts». Irish Recorded Music Association. Arkivert frå originalen (enter «Paul Mc Cartney» into the «Search by Artist» box, then select «Search») 9. juni 2009. Henta 22. mai 2018. 
  14. «norwegiancharts.com Paul McCartney – «My Brave Face»» (ASP). VG-lista. Henta 22. mai 2018. 
  15. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  16. «swedishcharts.com Paul McCartney – «My Brave Face»» (ASP). Sverigetopplistan. Henta 22. mai 2018. 
  17. «Paul McCartney – «My Brave Face» – hitparade.ch» (ASP) (på tysk). Henta 22. mai 2018. 
  18. «Single Search: Paul McCartney – «My Brave Face»» (på tysk). Media Control. Henta 22. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]