Rettferdspartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rettferdspartiet
LandNoreg
Grunnlagt8. mars 1997

Rettferdspartiet (Rettferdighetspartiet) var eit politisk parti som vart skipa 8. mars 1997. Det stilte til val i Oslo ved stortingsvala i 1997 og 2001. Det stilte og ved kommune- og fylkestingsvalet 2003. Leiar og listetopp var taxisjåfør Ove Andre Johansen.

I 1997 fekk partiet 281 røyster, noko som utgjorde 0,1 % av røystene i Oslo. Ved neste val, i 2001 fekk det berre 138 røyster, eller 0,05 % av røystene i Oslo. Partiet har dermed aldri kome på Stortinget, og vart heller ikkje representert i bystyret i Oslo etter lokalvala i 2003.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.