Sosialdemokratane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre parti med liknande namn, sjå Det sosialdemokratiske partiet.
Sosialdemokratane
LandNoreg
Grunnlagt1993
IdeologiSosialdemokrati Sjå dette på Wikidata

Sosialdemokratane (Sosialdemokratene) var eit parti som stilte til val i fem fylke ved stortingsvalet 2001.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Partiet oppstod som eit ubrytarparti frå Pensjonistpartiet, som stilte til val ved stortingsvalet 1993 under namnet Felles Framtid. I 1995 skifta det namn til Folkets Vilje, og i 1999 til Generasjonspartiet. I 2000 ville partiet skifta namn til Sosialdemokratane, men Arbeidarpartiet la ned protest mot dette. Protesten vart avvist 7. februar 2001.[1] Sjølv om Arbeidarpartiet anka,[2] gjekk endringa til slutt gjennom.

I 2003 søkte Sosialdemokratane til Brønnøysundregisteret om namneendring til Demokratane, men om lag samstundes registrerte Vidar Kleppe sitt nye parti Demokratane. Sosialdemokratane la ned protest til valstyra i alle fylke der Demokratane stilte liste, men fekk avslag. Sosialdemokratane har ikkje stilt til val igjen.

Stortingsvalet 2001[endre | endre wikiteksten]

Sosialdemokratane fekk i 2001 til saman 351 røyster, eller 0,01 % av røystene på landsbasis. I dei enkelte fylka fekk dei:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Merete Vikre. «Sosialdemokratene vant navnestrid». p4. Arkivert frå originalen 20. september 2003. 
  2. «Slåss om arv». Dagbladet. 21. april 2001.