Altair

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Altair
Aquila constellation map.png
Altair in the stjernebilete of Aquila.
Observasjonsdata
Epoke J2000.0      Ekvinoks J2000.0 (ICRS)
Stjernebilete Ørna
Rektascensjon 19h 50m 46.99855s[1]
Deklinasjon +08° 52′ 05.9563″[1]
Tilsynelatande storleiksklasse (V) 0.77[2]
Karakteristikk
U−B fargeindeks +0.08[3]
B−V fargeindeks +0.22[3]
V−R fargeindeks 0.0[2]
R−I fargeindeks +0.14[3]
Variabel type Delta Scuti[2]
Astrometri
Eigarørsle (μ) RA: +536.23[1] mas/år
Dek.: +385.29[1] mas/år
Parallakse (π) 194.95 ± 0.57[1] mas
Avstand 16,73 ± 0,05 ly
(5,13 ± 0,01 pc)
Absolutt storleiksklasse (MV) 2.21
Detaljar
Masse 1.79[4] M
Radius 1.63 to 2.03[4] R
Luminositet 10.6[5] L
Overflategravitasjon (log g) 4.29[6] cgs
Temperatur 6,900 to 8,500[4] K
Metallisitet [Fe/H] −0.2[4] dex
Rotasjon 8.9 hours[5]
Rotasjonssnøggleik (v sin i) 240[4] km/s
Alder < 1[7]  mrd. år
Andre namn
Atair, α Aquilae, α Aql, Alfa Aquilae, Alfa Aql, 53 Aquilae, 53 Aql, BD+08°4236, FK5 745, GCTP 4665.00, GJ 768, HD 187642, HIP 97649, HR 7557, LFT 1499, LHS 3490, LTT 15795, NLTT 48314, SAO 125122, WDS 19508+0852A.[2][3]
Databasereferanse
SIMBAD data

Altair (Alfa Aquilae, Alfa Aql, α Aquilae, α Aql, Atair) er den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet Ørna og den tolvte mest lyssterke stjerna på nattehimmelen. Ho ligg fortida i G-skya.[8][9] Altair er ei hovudseriestjerne klasse A med ein tilsynelatande storleiksklasse på 0,77 og er ein av toppunkta i Sommartreknanten (dei to andre toppunkat er markert av Deneb og Vega).[2][7][10]

Altair roterer raskt, med ein snøggleik kring ekvator på kring 286 km/s.[4] Rotasjonsperioden er berre kring 9 timar.[5] Til samanlikning bruker sola 25 dagar på ein full rotasjon. Ei undersøking med Palomar Testbed Interferometer avdekte at Altair ikkje er kulerund, men flattrykt på polane på grunn av den store rotasjonssnøggleiken.[11] Andre interferometriske undersøkingar med fleire teleskop innan infraraudt spektrum, har stadfesta dette fenomenet.[4]

Altair

Altair ligg 16,7 lysår (5,13 parsec) frå jorda og er ein av dei næraste stjernene som er synlege med det nakne auga.[12] I lag med Beta Aquilae og Gamma Aquilae, dannar ho ei kjend linje av stjerner som stundom vert kalla Aquilafamilien eller Aquilaskaftet.[13]

Satellittmålingar i 1999 med Wide Field Infrared Explorer synte at lysstyrken til Altair varierer svakt, mindre enn ein tusendel.[14] Som følgje av dette vart ho i 2005 identifisert som ei Delta Scuti-variabelstjerne.[15]

Namn og kultur[endre | endre wikiteksten]

Namnet Altair har vore nytta sidan mellomalderen. Det er ei forkorting av det arabisk omgrept النسر الطائر, an-nasr aṭ-ṭā’ir (Den flyande ørna). Namnet Al Nesr Al Tair finst i katalogen til Al Achsasi Al Mouakket, som vart omset til latinsk som Vultur Volans.[16] Dette nament vart av arabarane nytta om ein asterisme av α, β og γ Aquilae og går truleg attende til den gamle babylonarane og sumerarane, som kalla α Aquilae ørnestjerna.[17] Skrivemåten Atair er òg blitt nytta.[18] Astrolabium frå England og Vest-Europa avbilda Altair og Vega som fuglar.[19]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 van Leeuwen, F. (November 2007), «Validation of the new Hipparkos reduction», Astronomy and Astrophysics 474 (2): 653–664, doi:10.1051/0004-6361:20078357, Bibcode2007A&A...474..653V 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 NAME ALTAIR -- Variable Star of delta Sct type, database entry, SIMBAD. Henta 22. mars 2015.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 HR 7557, database entry, The Bright Star Catalogue, 5th Revised Ed. (Preliminary Version), D. Hoffleit and W. H. Warren, Jr., CDS ID V/50. Henta 22. mars 2015.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Imaging the Surface of Altair, J. Monnier et al., Science 317, #5836 (July 20, 2007), s. 342–345, doi:10.1126/science.1143205, Mal:Bibcode, Mal:PubMed. Henta 22. mars 2015.
  5. 5,0 5,1 5,2 Resolving the Effects of Rotation in Altair with Long-Baseline Interferometry, D. M. Peterson et al., The Astrophysical Journal 636, #2 (January 2006), s. 1087–1097, doi:10.1086/497981, Mal:Bibcode; see Table 2 for stellar parameters.
  6. Malagnini, M. L.; Morossi, C. (November 1990), «Accurate absolute luminosities, effektiv temperaturs, radii, masses and surface gravities for a selected sample of field stars», Astronomy and Astrophysics Supplement Series 85 (3): 1015–1019, Bibcode1990A&AS...85.1015M 
  7. 7,0 7,1 Altair, entry, The Internet Encyclopedia of Science, David Darling. Henta 22. mars 2015.
  8. http://interstellar.jpl.nasa.gov/interstellar/probe/introduction/neighborhood.html, Our Local Galactic Neighborhood, NASA
  9. http://www.centauri-dreams.org/?p=14203, Into the Interstellar Void, Centauri Dreams
  10. Sommartreknanten i The Internet Encyclopedia of Science, David Darling. Henta 22. mars 2015.
  11. Altair's Oblateness and Rotation Velocity from Long-Baseline Interferometry, Gerard T. van Belle, David R. Ciardi, Robert R. Thompson, Rachel L. Akeson, and Elizabeth A. Lada, Astrophysical Journal 559 (1. oktober 2001), s. 1155–1164, doi:10.1086/322340, Mal:Bibcode.
  12. p. 194, The Brightest Stars: Discovering The Universe Through The Sky's Most Brilliant Stars, Fred Schaaf, Hoboken, New Jersey: John Wiley & Sons, Inc., 2008, ISBN 978-0-471-70410-2.
  13. p. 190, Schaaf 2008.
  14. Buzasi et al., Altair: The Brightest [delta] Scuti Star
  15. Altair: The Brightest δ Scuti Star, D. L. Buzasi et al., The Astrophysical Journal 619, #2 (February 2005), s. 1072–1076, doi:10.1086/426704, Mal:Bibcode.
  16. Knobel, E. B. (June 1895). «Al Achsasi Al Mouakket, on a catalogue of stars in the Calendarium of Mohammad Al Achsasi Al Mouakket». Monthly Notices of the Royal Astronomical Society 55: 429. Bibcode:1895MNRAS..55..429K. 
  17. s. 17–18, A Dictionary of Modern Star Names, Paul Kunitzsch and Tim Smart, Cambridge, Massachusetts: Sky Publishing, 2006, ISBN 978-1-931559-44-7.
  18. p. 59–60, Star-namns and Their Meanings, Richard Hinckley Allen, New York: G. E. Stechert, 1899.
  19. Mal:Cite doi/10.1111.2Fj.1749-6632.1987.tb37197.x

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: Sky map 19h 50m 46.9990s, +08° 52′ 05.959″