Ørna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ørna
Ørna
Latinsk namn Aquila
Forkorting Aql
Genitivsform Aquilae
Symbologi Ørna
Rektasensjon 20 h
Deklinasjon +5°
Areal 652 kvadratgrader
nr. 22 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
3
Sterkaste stjerne Altair (α Aql) (0,77. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +85° og −75°

Ørna (frå latin Aquila) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula. Det ligg sør for Svana i den austlege greina av Mjølkevegen og er lett kjenneleg på stjerna Altair, som har storleiksklasse 0,8, og som ligg i rett linje mellom to svakare stjerner. Arabarane kalla desse tre stjernene den flygande ørna (Elnesr al-taïr). Omkring midten av juli står Ørna i sør ved midnatt.

Namnet representerer fuglen som bar Zevs/Jupiter sine lyn i gresk og romersk mytologi.

Ørna ligg berre nokre få grader nord for himmelekvator. Sidan han ligg langs linja til Mjølkevegen, ligg det mange hopar og tåker innafor stjernebiletet, men dei er lyssvake og det er berre få galaksar.

Ørna var eit av 48 stjerneteikn som vart skildra av Klaudios Ptolemaios på 100-talet. Det hadde tidlegare vore nemnt av Evdoksos på 300-talet fvt. og Aratus på 200-talet fvt. Det er i dag eit av dei 88 moderne stjerneteikna.

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Ørna, som ligg i Mjølkevegen, har eit rikt stjernefelt og har hatt mange novaer.[1]

α Aql (Altair) er den mest lyssterke stjerna i stjerneteiknet og ein av dei mest nærliggande stjernene til jorda som ein kan sjå med det nakne auget, berre 17 lyssår unna. Namnet kjem frå det arabiske uttrykket al-nasr al-tair, som tyder «den flygande ørna». Altair har storleiksorden 0,76.[1] Nokre andre kjende stjerner i Ørna er, β Aql (Alshain) og γ Aql (Tarazed).

Novaer[endre | endre wikiteksten]

To store novaer er observert i Ørna. Den første skjedde i 389 fvt. og vart omtalt som like lyssterk som Venus. Den andre (Nova Aquilae 1918) skein for ei kort stund meir lyssterk enn Altair.

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

Det ligg tre godt kjende planetære tåker i Ørna:

I tillegg finst fleire planetære tåker, kulehopar og opne hopar.

Ørna har òg nokre kjende ekstragalaktiske objekt. Eit av dei er den største enkelte massekonsentrasjonen av galaksar i det kjende Universet, Hercules–Corona Borealis store mur. Han vart oppdaga i november 2013 og har ein storleik på 10 milliardar lyssår. Det er den største og mest massive strukturen i det kjende Universet.

Anna[endre | endre wikiteksten]

NASA-sonden Pioneer 11, som flydde forbi Jupiter og Saturn i 1970-åra, er venta å passere nær stjerna Lambda (λ) Aquilae om kring 4 million år.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Delar av denne artikkelen bygger på «Ørna» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mai 2015.
  • Mal:EB1911
  • Levy, David H., Deep Sky Objects, Prometheus Books, ISBN 1-59102-361-0 
  • Makemson, Maud Worcester (1941). The Morning Star Rises: an account of Polynesian astronomy. Yale University Press. 
  • Ridpath, Ian, Stars and Planets, Illustrated by Wil Tirion (3rd utg.), Princeton University Press, ISBN 0-691-08913-2 
  • Ridpath, Ian, Stars and Planets Guide, Wil Tirion (4th utg.), Princeton University Press, ISBN 978-0-691-13556-4 
  • White, Gavin, Babylonian Star-lore, Solaria Pubs 
  1. 1,0 1,1 Ridpath 2001, s. 80–82
  2. Hardware, Leaving the Solar System:Where are they now? 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ørna


Dei 88 moderne stjernebilda
Akterstamnen | Alteret | Andromeda | Begeret | Berenikes hår | Bildehoggaren | Bjørnepassaren | Bordet | Delfinen | Den sørlege fisken | Den sørlege vasslangen | Det sørlege triangelet | Draken | Dua | Einhyrningen | Fiskane | Floda | Fluga | Flygefisken | Folen | Føniks | Gaupa | Gravstikka (Meiselen) | Gullfisken | Haren | Herkules | Indianaren | Jakthundane | Jomfrua | Kameleonen | Kassiopeia | Kefeus | Kentauren | Kjølen | Kompasset | Krepsen | Kusken | Kvalfisken | Luftpumpa | Lyra | Løva | Mikroskopet | Nettet | Den nordlege krona | Oktanten | Orion | Paradisfuglen | Passaren | Pegasus | Persevs | Pila | Påfuglen | Ramnen | Reven | Seglet | Sekstanten | Sjiraffen | Skjoldet | Skorpionen | Skytten | Slangeberaren | Slangen | Smelteomnen | Staffeliet | Steinbukken | Den store bjørnen | Den store hunden | Svana | Sørkrossen | Den sørlege krona | Teleskopet | Trana | Triangelet | Tukanen | Tvillingane | Tyren | Ulven | Uret | Vasslangen | Vassmannen | Vekta | Vêren | Den vesle bjørnen | Den vesle hunden | Den vesle løva | Vinkelhaken | Øgla | Ørna

Koordinatar: Sky map 20h 00m 00s, +05° 00′ 00″