Eddie Hoh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eddie Hoh
Phil Spector with MFQ 1965.png
Fødd16. oktober 1944
Død7. november 2015 (71 år)
DødsstadWestmont i Illinois
Alias«Fast» Eddie Hoh
OpphavForest Park i Illinois
Aktiv1964–1970
SjangerFolkrock, bluesrock, countryrock, poprock, psykedelisk rock
InstrumentTrommer
Verka somMusikar

Edward «Eddie» Hoh (16. oktober 19447. november 2015) var ein USA-amerikansk rocktrommeslagar, som var aktiv i 1960-åra. Sjølv om han hovudsakleg var studiomusikar, var Hoh original og ein showman som gjorde at han vart lagt merke til og er blitt mykje respektert av musikkritikarar.

Hoh har ofte vore nokså ukjend for publikum, men har spelt trommer på fleire kjende rockesongar- og album, for artistar som til dømes Donovan og The Monkees. Han spelte òg på Monterey Pop Festival i 1967 som medlem av The Mamas and the Papas. I 1968 deltok han på innspelinga av Super Session, som var eit samarbeid mellom Mike Bloomfield, Al Kooper og Stephen Stills. Tidleg i 1970-åra vart han langt mindre aktiv og var stort sett ute av søkelyset fram til han døydde i 2015.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]