The Gilded Palace of Sin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Gilded Palace of Sin
Studioalbum av The Flying Burrito Brothers
Utgjeve Februar 1969
Studio A&M Studios i Hollywood
Sjanger Countryrock
Lengd 37:24
Selskap A&M
Produsent Henry Lewy, Larry Marks
The Flying Burrito Brothers-kronologi
The Gilded Palace of Sin Burrito Deluxe
(1970)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[1]
Rolling Stone(positiv)[2]
Encyclopedia of Popular Music5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[3]

The Gilded Palace of Sin er det første studioalbumet til den amerikanske countryrockgruppa The Flying Burrito Brothers, gjeve ut i 1969. Det fortsette Gram Parsons og Chris Hillman sitt arbeidd i moderne country, og blanda tradisjonell musikk som folk og country med andre former for populær musikk som gospel, soul og psykedelisk rock.

The Gilded Palace of Sin er inkludert på lista til Robert Christgau over «Grunnleggande platebibliotek» frå 1950- og 1960-åra, publisert i Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981).[4] Det er òg oppført som 192. plass på lista til magasinet Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene frå 2012.[5] På den oppdaterte lista frå 2020 var albumet flytta ned til 462. plassen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha teke The Byrds inn i spydspissen av country med det innverknadstunge Sweetheart of the Rodeo, vart Gram Parsons uvener med bandet då han nekta å bli med dei på turné til Sør-Afrika i 1968. To månader seinare slutta òg bassisten Chris Hillman i The Byrds og slo seg saman med Parsons for å skipe The Flying Burrito Brothers. Som fortalt i dokumentaren Beyond Nashville «var Gram Parsons lidenskapleg oppteken av den enkle poesien i countrymusikken. Han var like lidenskapleg oppteken av rocken. På ei tid då dei var milevis frå kvarandre, var han aleine om å bringe dei saman.»

Innspeling og komposisjon[endre | endre wikiteksten]

The Gilded Palace of Sin vart spelt inn i A&M Studios i Hollywood og var produsert av Larry Marks med Henry Lewy som lydteknikar. Fleire trommeslagarar spelte på innspelinga. I Parsons-biografien Twenty Thousand Roads fortalte A&R-mannen Michael Vosse til David M. Meyer at «Larry Marks var fast produsent hos A&M. Han var ein fin fyr, men han passa ikkje i lag med dei. Han var fullstendig oppslukt av oppførselen deira. Dei var mindre førebudd og brydde seg mindre om tid og pengar enn han var vant med. Mykje tid vart rota bort og det var mykje tull. Det var òg mange gode dagar.» Med harmoniar som synte at dei var påverka av Everly Brothers og Louvin Brothers var songane på plata eit forsøk på å blande country med soul-stilen til Otis Redding og andre Stax-Volt-artistar, og songarar som Percy Sledge.

Eit anna særpreg ved albumet er den uortodokse steelgitarspelinga til «Sneaky» Pete Kleinow, som går nesten kontinuerleg gjennom somme av songane. Gitaristen Bernie Leadon (som ikkje var medlem av bandet enno) forklarte til Meyer i Twenty Thousand Roads, «Sneaky spelte på ein uvanleg åtte-strengs Fender-steelgitar, stemt til B6 i staden for den meir vanlege C6. Han spelte vanlegvis meir jazz eller swing-aktig, i ein stil dei fleste andre spelarane bruker ei E9-stemming for. Grunngjevinga hans var: B er 'femmar akkord,' eller dominant akkord, i E. Dette førte til ein stil som var unik for Pete. Og det er ingen andre som tenkjer slik som han uansett.» Kleinow brukte òg ein fuzzbox og spelte instrumentet gjennom ein roterande Hammond Leslie-forsterkar, for eit psykedelisk tøtsj på fleire av songane.

Dei fleste songane vart skrivne av Parsons og Hillman i eit hus i San Fernando-dalen kalla «Burrito Manor». «Sin City», som var skriven av Hillman og Parsons og kalla ein «springande klagesong» og «åtvarande sørgjesong», nemner The Byrds-manageren Larry Spector («a gold plated door») og Robert F. Kennedy («tried to clean up this town»).[6] Han kan ha vore inspirert av The Louvin Brothers.[7] I dokumentarfilmen Gram Parsons: Fallen Angel frå 2004 fortel Hillman om då han skreiv songen med Parsons: «Gram låg og sov. Eg vakna opp og hadde ein idé. 'This old town's filled with sin, it'll swallow you in.' Eg fekk ned første verset og det meste av refrenget og så sa eg, 'Gram, stå opp! Eg har noko her.' Og han stod opp og me skreiv songen på kring ein halvtime. Han skreiv seg faktisk sjølv.» I den same dokumentaren sa bassisten Chris Etheridge «Eg sa til Gram at eg hadde nokre gamle melodiar frå tida då eg voks opp. Eg spelte dei for han og hans skreiv to songar den dagen: 'Hot Burrito #1' og 'Hot Burrito #2', og den kvelden gjekk me i studio og spelte dei inn.» «My Uncle» og «Hippie Boy» omhandla motkulturen på den tida: verneplikta og opprøra under det demokratiske landsmøtet i 1968. Parsons sa seinare til magasinet Fusion: «Me sa stadig at me må gjere ein song kalla 'Hippie Boy' om Chicago, og det må vere ein forteljande song, og Chris Hillman må gjere det. Det var den tøffaste utfordringa på albumet.» Dei to R&B-standardane på albumet, «Dark End of the Street» og «Do Right Woman», er døme på country-soul-blandinga som Parsons ofte omtalte som «kosmisk, amerikansk musikk.»

Nudie-dressen til Parsons i Country Music Hall of Fame i Nashville.

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget syner bandet i Nudie-dressar. Parsons hadde teke bandet til designeren Nudie Cohn for å få tak i spesiallaga paljettdressar for heile bandet. Dressen til Parsons var mest uvanleg med ei naken kvinne, raude valmuer på skuldene og mørkegrøne marihuanablad på fronten, og broderte Seconal- og Tuinal-piller spreidde andre stader. Paradoksalt nok bad Parsons om ein flammande raud kross omgjeve av stråler av blått og gull på baksida av jakka. Dresse heng i dag i Country Music Hall of Fame. Tom Wilkes, som leia kunstavdelinga i A&M på den tida, forklarte til regissøren Gandulf Hennig i 2004: «Me valde å ta dei med ut i ørkenen og gjere noko surrealistisk med Nudie-dressane. Og dei såg flotte ut uansett. Dei såg funky ut og litt country og litt rock. Eg følte den utsjånaden var flott. Dei trengde eigentleg ikkje Nudie-dressane.» Bileta vart tekne av Barry Feinstein.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

The Gilded Palace of Sin selde ikkje godt og nådde 164. plassen på Billboard 200. Då det kom ut skreiv John Firminger i Country Music Review at albumet «står heilt klårt som ein komplett definisjon av omgrepet countryrock, med ei tung instrumental tilnærming kombiner med countryrøter.» Allan Jones skreiv i NME: «Lat meg få snakke om den reine prakta som finst i mikrorillene på Gilded Palace of Sin.» I den originale meldinga til Rolling Stone om albumet kalla Stanley Booth det «ei av dei beste platene dette året» og den beste, mest personlege Parsons hadde gjort til då. Då Rolling Stone spurte Bob Dylan om han kunne kåre favoritt-countryrock-albumet sitt sa han «The Flying Burrito Brothers. Eg elskar verkeleg dei. Plata deira slo meg heilt ut.» Albumet har sidan blitt rekna som ei av dei mest banebrytande i 1960-åra. Rolling Stone inkluderte det på lista si over dei 100 beste debutalbuma gjennom tidene og skreiv at «på mange måtar held Gilded Palace fram der The Byrds' Sweetheart of the Rodeo slutta...I lag pønska den lunefulle Parsons og den rolige Hillman ei vanvittig samanhengande utgjeving med ironidrivne hillbilly-hymner, oppfinnsame coverversjonar og smertefull vakker harmonisong, alle understerka av den radikale pedalsteelgitaren til Sneaky Pete Kleinow.» AllMusic gav albumet fem av fem stjerner og Mark Deming skreiv «...ingen førte rock og country saman på same måte som The Flying Burrito Brothers, og dette albumet er framleis den største prestasjonen deira.» John Harris skreiv i Mojo at albumet «er framleis ei sann glede, basert på poesien som kom frå samanstillinga av ærlegheita i countrymusikken med songar som trekte mykje av inspirasjonen sin frå den syntetiske vidda i Los Angeles

Innverknad[endre | endre wikiteksten]

Som Sweetheart of the Rodeo, selde ikkje The Gilded Palace of Sin særskild godt. Albumet har til dømes ikkje selt til gullplate. Men påverknaden på musikken har vokse over åra, og påverka til dømes Eagles. I 1980åra var ein ny generasjon med countryartistar påverka av The Gilded Palace of Sin, med artistar som Travis Tritt, Vince Gill, Alan Jackson, Clint Black og Randy Travis. I dag påverkar framleis The Gilded Palace of Sin alternativ country. Band som Uncle Tupelo, Wilco, Son Volt, Whiskeytown og The Jayhawks, i tillegg til musikarar som Dwight Yoakam, Lucinda Williams, Emmylou Harris (den seinare duettpartnaren til Parsons) og Steve Earle har alle spelt inn musikk som har spor etter The Gilded Palace of Sin. Artistar utafor country som Elvis Costello har omtalt albumet som ein særskild favoritt og Costello spelte inn fleire av songane på albumet i løpet av karrieren. Dinosaur jr. spelte inn songen «Hot Burrito #2» på albumet deira Green Mind. I notisane for 1997-utgåva skreiv Sid Griffin at sjølv om Gilded Palace berre selde 50 000 eksemplar «...som den første plata til Velvet Underground, verka det som alle dei 50 000 gjekk ut og skipa eit band inspirert av det dei høyrde.»

I fleire år var det ikkje mogeleg å få tak i heile albumet på CD i USA. I 2000 kom albumet ut som ein del av ei dobbelplate, Hot Burritos! The Flying Burrito Brothers Anthology 1969–1972. I 2002 kom ei nymastra utgåve ut på ein enkel CD kalla Sin City: The Very Best of the Flying Burrito Brothers, der The Gilded Palace of Sin kom ut i lag med etterfølgjaren, Burrito Deluxe, i tillegg til nokre ekstra spor frå den same perioden.

I 2003 vart albumet rangert på 192. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Plata heldt plassen sin på den reviderte lista frå 2012.[8] På ei oppdatert liste frå 2020 fall albumet derimot ned til 462. plassen.

I 2013 vart albumet rangert på 99. plassen på lista til Rolling Stone over dei hundre beste debutalbuma gjennom tidene.[9] Albumet var òg med på ei anna Rolling Stone-liste frå 2014 over 50 rockealbum ein kvar countryfan burde eige.[10]

Albumet vart rangert på 620. plassen i tredje utgåva av Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums (2000). [11]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Christine's Tune»Parsons, Hillman3:04
2.«Sin City»Hillman, Parsons4:11
3.«Do Right Woman»Chips Moman, Dan Penn3:56
4.«Dark End of the Street»Chips Moman, Penn3:58
5.«My Uncle»Parsons, Hillman2:37
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Wheels»Hillman, Parsons3:04
7.«Juanita»Hillman, Parsons2:31
8.«Hot Burrito 1»Ethridge, Parsons3:40
9.«Hot Burrito 2»Ethridge, Parsons3:19
10.«Do You Know How It Feels»Parsons, Barry Goldberg2:09
11.«Hippie Boy»Hillman, Parsons4:55

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Flying Burrito Brothers

med:

  • Jon Corneal – trommer (spor 1, 3, 4, 5, 7)
  • Thomas «Popeye» Phillips – trommer (spor 8, 9, 11)
  • Eddie Hoh – trommer (spor 2, 10)
  • Sam Goldstein – trommer (spor 6)
  • David Crosby – korvokal (spor 3)
  • Hot Burrito Chorus – korvokal (spor 11)
Teknisk
  • The Flying Burrito Brothers, Larry Marks, Henry Lewy – produksjon
  • Henry Lewy – lydteknikar
  • Tom Wilkes – kunstnarisk leiar
  • Barry Feinstein – fotografi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Deming, Mark. The Glided Palace of Sin at Allmusic
  2. Booth, Stanley (17. mai 1969). «Records». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.). 
  3. Larkin, Colin (2007). Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. ISBN 978-0857125958. 
  4. Christgau, Robert (1981). «A Basic Record Library: The Fifties and Sixties». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 0899190251. Henta 16. mars 2019 – via robertchristgau.com. 
  5. «500 Greatest Albums: The Gilded Palace of Sin», Rolling Stone
  6. Boucher, Geoff (2007). «'Sin City' The Flying Burrito Brothers – 1969», LATimes.com.
  7. «'Sin City'», AllMusic.com.
  8. «500 Greatest Albums of All Time Rolling Stone’s definitive list of the 500 greatest albums of all time». Rolling Stone. 2012. Henta 9. oktober 2020. 
  9. «The 100 Best Debut Albums of All Time». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.). 22. mars 2013. 
  10. «The 50 Rock Albums Every Country Fan Should Own». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.). 12. november 2014. 
  11. Colin Larkin, red. (2000). All Time Top 1000 Albums (3rd utg.). Virgin Books. s. 205. ISBN 0-7535-0493-6.