Elisabet Fidjestøl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elisabet Fidjestøl
FøddElisabet Odrun Øydvin
25. oktober 1922
Horten kommune
Død28. november 2013 (91 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar, arkitekt
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (1969–1973)
  • vararepresentant til Stortinget (1973–1977) Sjå dette på Wikidata

Elisabet Odrun Fidjestøl (25. oktober 192228. november 2013) var ein norsk arkitekt og politikar. Ho vert også omtala som Elisabet(h) Breen Fidjestøl. Det har samanheng med at ho i 1948 vart gift med Olav Andreas Findreng Breen (d. 1949) og i 1963 med Sigurd Fidjestøl.[1]

Arkitektvirke[endre | endre wikiteksten]

Fidjestøl (då: Øydvin) gjekk ut frå arkitektlinja på Noregs tekniske høgskole i 1947. Ho vart tilsett ved distriktsarkitektkontoret i Kirkenes i 1948 og var frå 1953 tilsett hos arkitekt Ole Bjønnes i Tønsberg, for seinare å etablere eigen arkitektpraksis. Over fleire tiår teikna ho eit drygt dusin kyrkjer, for det meste på Austlandet, som stort sett kan reknast som arbeidskyrkjer. Innanfor denne sjangeren blir ho berre overgått av Harald Hille når det gjeld produktivitet.[2] Av anna virke på arkitekturområdet kan ein nemna ei rekkje utvidingar og restaureringar av kyrkjer.

Politikarvirke[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til arkitektvirket var Fidjestøl aktiv i politikken, der ho representerte Kristeleg Folkeparti. Ho sat i bystyret i Tønsberg i tre periodar frå 1955.[3] Ho møtte som vararepresentant på Stortinget i periodane 1969–1973 og 1973–1977 og var fylkesvaraordførar i Vestfold i 1975–1983.[4] I tillegg hadde ho ei rekkje andre tillitsverv.[5]

Utvalde verk[endre | endre wikiteksten]

Solvang kyrkje
Foto: Peter Fiskerstrand

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Studenene fra 1941», s. 146.
  2. Kunsthistorie.com om norske kirkearkitekter.
  3. Nekrolog i Jarlsbergs Blad, 7. desember 2013, s. 17. Samme nekrolog er publisert i Tønsberg Blad og Sandefjords Blad.
  4. Vestfold kristelig folkeparti 50 år 1946–1996, særlig s. 9–11, 15 og 19.
  5. Forvaltningsdatabasen.
  6. Paal Even Nygaard: «Feirer 50 år i uferdighet», i Sandefjords Blad, 2. juni 2017.
  7. «Norges kirker»

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Tryggve Juul Møller, red. (1966). Studentene fra 1941. Bokkomiteen for studentene fra 1941. s. 146. 
  • Laila Riksåsen Dahl: «Elisabet Breen Fidjestøl til minne», i Tønsberg Blad, 11. desember 2013, s. 10.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Elisabet Fidjestøl