Europacupen i fotball 1983

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Europacupen i fotball 1983 var ei fotballturnering der vinnarane av 32 europeiske toppseriar i fotball var påmelde, attåt tittelforsvarar Aston Villa FC. Turneringa var den 28. i rekka. I finalen 25. mai 1983 i Athen vann vesttyske Hamburger SV med 1-0 over Juventus frå Torino. Det var Hamburger SV sin fyrste og einaste triumf i Europacupen i fotball.

Europacupen 1983 var ei rein utslagsturnering. Ved lik målskilnad etter dobbelkamp talde bortemål dobbelt. Turneringa tok til med ei forrunde 25. august og 1. september 1982 der rumenske Dinamo București slo ut norske Vålerenga IF etter siger 3-1 heime og tap 1-2 i Oslo. Etter to ordinære cuprundar i september-november vart kvartfinalane og semifinalane avvikla i mars-april 1983.

Vinnarlaget frå Hamburg slo etter tur ut Dynamo Berlin, Olympiakos Pireus, Dynamo Kiev og Real Sociedad frå San Sebastian. På ferda mot finalearenaen eliminerte Juventus fyrst danske Hvidovre IF og deretter Standard Liège, tittelforsvarar Aston Villa og polske Widzew Łódź.

Lagoppstillingane i finalen

Finalen[endre | endre wikiteksten]

73 500 tilskodarar såg finalen på Olympiastadion i Athen 25. mai 1983. Felix Magath si skåring i det åttande minutt skulle vise seg å verte den einaste. Og dermed enda europacup-finalen med 1-0 for sjette gongen på rad.

Hamburger SV sitt vinnarlag bestod av: Uli Stein, Manfred Kaltz, Ditmar Jakobs, Holger Hieronymus, Bernd Wehmeyer, Wolfgang Rolff, Jürgen Groh, Felix Magath, Lars Bastrup, Jürgen Milewski og Horst Hrubesch (kaptein). Thomas von Heesen kom inn i det 56. minutt, ut gjekk Bastrup.

For Juventus spelte: Dino Zoff (kaptein), Claudio Gentile, Gaetano Scirea, Sergio Brio, Antonio Cabrini, Massimo Bonini, Marco Tardelli, Michel Platini, Roberto Bettega, Paolo Rossi og Zbigniew Boniek. Domenico Marocchino tok plassen til Rossi i det 56. minutt.

Nicolae Rainea frå Romania dømde kampen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]