Fyrste trollmannskrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fyrste trollmannskrig)
Fyrste trollmannskrigen
Morkets MerkeTMB2007.png
Dato ca. 1970 - 31. oktober 1981
Resultat Departementet og Føniksordenens allierte seier. Fyrst Voldemort forsvinner og det blir nedgang av dødsetere.
Omkomne m.a. Jakob Potter, Lilly Potter, Regulus Svaart, fleire kjemper.


«Sjå for deg at Voldemort har makt no. Du veit ikkje kven som er støttespelarane hans, du veit ikkje kven som arbeider for han og som ikkje gjer det, men du veit at han kan kontrollere folk slik at dei gjer forferdelege ting utan å kunne stoppe seg sjølv. Du er redd for deg sjølv, for familien din og for venene dine. Kvar veke kjem nyheiter om fleire dødsfall, fleire forsvinningar, meir tortur ... Magidepartementet er forvirra, dei veit ikkje kva dei skal gjere. De prøver å halde alt skjult for gompane, men i mellomtida blir gompar også drepne. Terror overalt ... panikk ... forvirring ... det er slik det har pleidd å vere.» -Sirius Svaart, om krigen.

Den fyrste trollmannskrigen er ein fiktiv krig i Harry Potter-serien av J.K. Rowling som varte frå ca.1970 og slutta brått 31. oktober 1981Fyrst Voldemort prøvde å myrde Harry Potter. Denne perioden vart merka som den opphavlege "regjeringstida" til Fyrst Voldemort.

Alt starta eigentleg med ein stor konflikt som går heilt tilbake til 1940-talet, men krigen starta offisielt i 1970 då Fyrst Voldemort gjorde opprør med hjelp av sine dødsetarar og vonde magiske vesen. Desse tente han og førte terror både i den magiske verda og i gompeverda. Dei blei motarbeidde av Magidepartementet og av Føniksordenen, ein organisasjon stifta av Albus Humlesnurr som spelte ei avgjerande rolle. Krigen gjekk for seg i trollmannsverda i Storbritannia.