Harry Potter og dødstalismanene - del 1

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Harry Potter og dødstalismanene – del 1
Språk Engelsk
Sjanger Eventyr/Fantasy/Drama
Produsent David Heyman
David Barron
J.K. Rowling
Manus Steve Kloves
basert på ein roman av J.K. Rowling
Medverkande Daniel Radcliffe
Rupert Grint
Emma Watson
Ralph Fiennes
Helena Bonham Carter
m.fl.
Musikk Alexandre Desplat
Sjeffotograf Eduardo Serra
Filmformat 2,35:1
Oppfølgjar Harry Potter og dødstalismanene – del 2
IMDb-profil

Harry Potter og Dødstalismanene - Del 1 er ein britisk fantasyfilm frå 2010, regissert av David Yates.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg: Handlinga i del 2
Den flygande motorsykkelen Gygrid køyrer Harry i.
Huset som blir brukt som skjell-hytta i filmane.

I 1997 fortel Magiministeren Rufus Grimst trollmannsmedia at departementet fortsatt er sterkt og har makt, sjølv om fyrst Voldemort vinn styrke.

Severus Slur besøkjer Malfanghus og informerer Fyrst Voldemort og dødsetarane hans om Harry si avreise frå Hekkveien 4. Voldemort krev Lucius Malfang sin tryllestav, sidan Voldemort sin eigen tryllestav ikkje kan brukast til å drepe Harry, fordi dei er «tvillingar».

I mellomtida samlar Føniksordenen seg i Hekkveien og eskorterer Harry i tryggleik. Ved hjelp av Polyksir forvandlar seks medlemmar i Ordenen seg om til Harry-ar. I løpet av flyturen til familien Wiltersen sin heim, Hiet, blir alle tatt i bakhald av Dødsetarar. Dødsetarane myrdar Galøye Bister og Harry si ugle, Hedvig, og skadar Frank Wiltersen. I Hiet får Harry ein visjon om at stavmakaren Olivander blir plaga av Voldemort, som hevdar at Ollivander hadde loge for han ved å seie at den einaste måten Voldemort kunne drepe Harry var ved hjelp av tryllestaven til ein anna person. Harry prøvar å forlate Hiet tidleg av di han må finne malacruxane så kjapt som mogleg, men Ronny overtaler han til å bli ei stund til fordi dei vil trenge Hermine på ferda.

Grimst kjem til Hiet og gir Ronny, Hermine og Harry tre gjenstandar Albus Humlesnurr har testamentert til dei. Ronny får Humlesnurr sin Utslukkar, Hermine får ein kopi av Skalden Skurres historier, og Harry får den fyrste Gullsnoppen han nokon gong fanga i ein rumpeldunkkamp. Grimst avslørar at Harry var testamentert Griffingsverdet òg, men ministeren seier at Humlesnurr ikkje hadde rett til å gi bort sverdet, og at det uansett er sakna.

Nokre dagar seinare tar dødsetarane kontroll over departementet og myrdar Grimst. Dei brukar myndigheita si til å forfølgje gompefødde hekser og trollmenn. Så forstyrrar dei bryllaupet til Rulle Wiltersen og Fleur Delacour. Harry, Hermine og Ronny ekstiverar til London og finn ly i Grimolds plass 12. Der oppdagar trioen at "R.A.S." frå den falske malacruxmedaljongen er Regulus Arcturus Svaart, den yngre broren til Sirius Svaart. Krynkel, husnissen til familien Svaart fortel dei at Mundungus Styrfeder stal den verkelege medaljongen. Krynkel og Noldus pågrip Styrfeder, som avslørar at Dolorosa Uffert har medaljongen. Ved hjelp av Polyksir infiltrerer trioen departementet og klarar med hell å hente medaljongen. Trioen flyktar ut i villmarka for å ikkje avsløre Grimolds plass 12 for Jugullus, ein Dødsetar som heng seg på Ronny når trioen immiverar vekk frå departementet.

Huset i Lacock, England, som blir brukt som Potter-familien sitt hus.

Trioen veit ikkje enno korleis dei kan øydeleggje malacruxen, så dei byter på å gå med har for å svekke medaljongen si vondarta makt. Harry ser ein visjon av Voldemort som avhøyrer Gregorovitsj, ein kjend tryllestavmakar som hevdar at ein tenåringsgut hadde stole den legendariske Oldstaven frå butikken hans, og at han ikkje hadde den sjølv. Medan Ronny ber medaljongen, blir han overvelda av mistanka om at Harry og Hermine er forelska, og han forlèt dei i villmarka. Harry og Hermine bestemmer seg for å dra til Gudriksdal, der dei besøkjer grava til Harry sine foreldre, og huset der dei blei drepne. Dei besøkjer òg Bathilda Bang, som kan ha Griffingsverdet, som dei meiner kan øydeleggje malacruxane. Bathilda viser seg i staden å vere Voldemort sin slange, Nagini. Ho har vore inni liket av Bang. Hermine knekker ved eit uhell tryllestaven til Harry medan dei flyktar inn i Dean-skogen, der Hermine identifiserer den mystiske tjuven Harry har sett i visjonane sine om Gellert Grindelwald.

Når kvelden fell på, ser Harry ei dådyr-skytsverje som fører han til ein frossen dam. Han oppdagar at Griffingsverdet ligg under isen. Harry bryt isen og hoppar i for å nå sverdet. Medaljongen rundt halsen hans prøver på å kvele han, men Ronny kjem og reddar han. Medaljongen piner Ronny, og lagar hallusinasjonar om at Hermine kyssar Harry, før ein rasande Ronny smadrar malacruxen med sverdet. Harry og Ronny vender deretter tilbake til leiren, der Hermine prøver å banke opp Ronny før han forklarar at han fann dei ved at lyset frå utslukkaren «gjekk rett i hjarta mitt» og at han høyrte «ei stemme. Di stemme, Hermine».

Trioen besøkjer Xenophilius Lunekjær for å spørje om eit symbol dei har sett fleire gonger på ferda si. Dei finn ut at symbolet representerer Dødstalismanane: Oldstaven, oppstandelsessteinen og usynlegheitskappa. Lunekjær røper trioen til Dødsetarane i eit forsøk på å få att dotter si, Lulla, som har blitt kidnappa. Harry får ein ny visjon der Grindelwald fortel Voldemort at Oldstaven ligg hos Humlesnurr i grava hans.

Trioen flyktar ut i villmarka igjen, men Hukarar følgjer etter og jagar dei. Dei blir fanga og tatt med til Malfanghus. Bellatrix DeMons fengslar Harry og Ronny i ein kjellar der dei oppdagar Lulla, Olivander og gnomen Klotak. Bellatrix torturerer Hermine for informasjon om korleis dei fekk tak i Griffingsverdet. Etter at Noldus immiverer for å redde dei, følgjer ein kort kamp, der Harry duellerer og avvæpnar Draco. Noldus blir drepen av Bellatrix med ein dolk og hovudpersonane klarar å flykte til Skjellhytta. I mellomtida bryt Voldemort seg inn Humlesnurr si grav, tar Oldstaven og kastar ein trylleformel inn i himmelen som teikn på siger.

Roller[endre | endre wikiteksten]

Symbolet for Dødstalismanane.
Under innspelinga.
Rolle Skodespelar
Harry Potter Daniel Radcliffe
Ronny Wiltersen Rupert Grint
Hermine Grang Emma Watson
Fyrst Voldemort den store Ralph Fiennes
Bellatrix DeMons Helena Bonham Carter
Magiminister Rufus Grimst Bill Nighy
Severus Slur Alan Rickman
Alastor 'Galøye' Bister Brendan Gleeson
Rubeus Gygrid Robbie Coltrane
Remus Lupus David Thewlis
Petter 'Ormsvans' Pittelpytt Timothy Spall
Noldus Toby Jones
Lucifus Malfang Jason Isaacs
Draco Malfang Tom Felton
Narsissa Malfang Helen McCrory
Gulla Wiltersen Bonnie Wright
Frank Wiltersen Oliver Phelps
Fred Wiltersen James Phelps
Molly Wiltersen Julie Walters
Arthur Wiltersen Mark Williams
Rulle Wiltersen Domnhall Gleeson
Lulla Lunekjær Evanna Lynch
Xenofilius Lunekjær Rhys Ifans
Dolorosa Uffert Imelda Staunton
Nymfadora Dult Natalia Tena
Fleur Delacour Clémence Poésy
Krynkel Simon McBurney
Herr Olivander John Hurt
Gregorovitsj Rade Serbedzija
Fenris Vargar Dave Legeno
Rita Slita Miranda Richardson

Kjelde[endre | endre wikiteksten]