Filmen Harry Potter og ildbegeret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Harry Potter og ildbegeret
Språk Engelsk
Sjanger Eventyr
Produsent David Heyman
Mark Radcliffe m.fl.
Manus Steven Kloves
Musikk Patrick Doyle
Sjeffotograf Roger Pratt
Filmformat Cinemascope
IMDb-profil
Regissøren, Mike Newell.

Harry Potter og ildbegeret er filmatiseringa av boka Harry Potter og ildbegeret av J.K. Rowling i Harry Potter-serien. Han er regissert av Mike Newell og kom ut i 2005. Boka er den fjerde i serien om «Harry Potter», og den fjerde til å bli filmatisert. Hovudrollene blir som i dei andre filmen spelte av Daniel Radcliffe, Emma Watson og Rupert Grint.

Filmen er ein etterfølgjar til Harry Potter og fangen fra Azkaban og oppfølgjaren er Harry Potter og Føniksordenen.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Harry Potter, som no er 14 år, drøymer om ein gammal mann, Frank Brask, som blir drepen etter å ha overhøyrd Fyrst Voldemort diskutere planar med Petter "Ormsvans" Pittelpytt og Bart Kroek Jr.. Rumpeldunkcupen lar Harry kome på andre tankar enn mareritta, inntil Voldemort sine tilhengarar kjend som Dødsetere gjer eit terrorangrep etter kampen. Kroek Jr. maner fram mørkets merke, eit teikn som viser at Voldemort er på veg tilbake.

Galtvort introduserer rektoren Albus Humlesnurr ex-Svartespanneren Alastor "Galøye" Bister som elevane sin nye lærar i Forsvar mot svartekunster. I den fyrste skuletimen med faget lærar elevane om dei utilgivelege forbannelsene. Dei er Befalio, som får offeret til å lyde, Martyrio , torturforbannelsen, og den siste, Avada Kedavra, mordforbannelsen som drep offeret umiddelbart. Humlesnurr kunngjer at Galtvort dette året skal arrangere Tretrollmannsturneringa, som er ein konkurranse der ein elev frå tre magiske skular skal delta i tre farlege prøvar. Deltakarane blir vald ut av eldbegeret, eit magisk beger som kandidatar legg ein papibit med namnet sitt oppi. Fred og Frank Wiltersen prøvar å bruke ein aldringseleksir av di ingen under 17 år har lov å delta. Dei misslykkast. Fredrik Djervell frå Håsblås-huset, blir vald til å representere Galtvort, medan Viktor Krumm presenterar Durmstrang og Fleur Delacour blir vald frå Beauxbatons. Uvisst kvifor veljar begeret ut ein fjerde deltakar; Harry. Harry er mindreårig og ikkje kvalifisert til å konkurrere. Lærarar og elevar blir misstenksamme og dei fleste trur Harry har juksa seg inn i konkurransen. Dette driv Harry og Ronny frå kvarandre. Lærarane ber Humlesnurr om å få Harry ut av konkurransen, men alle deltakarane må delta grunna ein magisk kontrakt.

I den fyrste utfordringa i Tretrollmannsturneringa, må alle deltakarane få tak i eit gullegg vakta av ein drake. Galøye anbefalar Harry å bruke sitt talent for flyging til å overvinne draken. Harry brukar ein trylleformel til å tilkalle sopelimen sin, for så å fly for å få tak i egget som inneheld eit hint om den neste prøva. Elevane får snart vite at Juleballet skal ta stad, eit ball som er ein tradisjon i Tretrollmannsturneringa. Harry og Ronny sliter med å finne ein date, og når Ronny finn ut at Hermine går der med Viktor Krumm, blir han sjalu.

Som gjengjeld for ei tidlegare teneste, seier Fredrik at Harry burde prøve å opne gullegget sitt under vatn for å få høyre hintet til den neste utfordringa. Med hjelp frå Stønne Stina finn Harry ut at den andre prøven skal ta stad i Svartsjøen, der det er havfolk. Harry skal hente tilbake noko verdifullt som skal bli stelt frå han. Når han forbereder seg for prøva, foreslår Nilus Langballe Gjellegras, noko som kan la Harry puste under vatn ein heil time. Harry er den fyrste av deltakarane som finn den verdifulle skatten, som viser seg å vere Ronny, Hermine, Cho Chang og Fleur si syster, Gabrielle. Sjølv om Harry kjem i mål sist for å redde Ronny og Gabrielle, får han andre plass for "eineståande moralsk ånd", bak Fredrik.

Etter å ha pratet med Galøye, blir Bart Kroek Senior, som har høg stilling i departementet, funne daud av Harry. Det skjer like etter den andre prøva. Medan Harry ventar på Humlesnurr sitt kontor, kjem Harry over Humlesnurr sin tanetank, full av hans minner som Harry gjennomlev når han ser ned i den. Han ser på dødseteren Igor Karkaroff sin rettsak. Han oppgjer namn på nokre andre dødseterer, m.a. Severus Slur og Bart Kroek Jr. Humlesnurr forsvarar Slur, men Kroek Sr. blir forskrekka over sin son og, redd for at det vil påverke hans eigen høge stilling, sender han til Azkaban. Når Humlesnurr vendar tilbake i notida, fortel han Harry at han leitar etter hint i minna sine etter kvifor så mange underlege ting har skjedd sidan Tretrollmannsturneringa starta.

I konkurransen si tredje og siste prøve blir konkurrentane sendt inn i ein labyrint, der oppgåva er å finne Tretrollmannspokalen. Krum, som blir påført forbandelsen, går til åtak på Fleur og prøvar å gjere det same med Fredrik. Harry stoppar Fredrik før han går til åtak på Krumm, og dei to spring bort til pokalen. Fredrik bli fanga av levande lianar, men blir redda av Harry. Dei tek Tretrollmannspokalen saman.

Pokalen, som viser seg å vere ein Flyttnøkkel, transporterar dei to deltakarane til ein gravplass der Ormsvans og Voldemort ventar på Harry. Ormsvans myrdar Fredrik og fangar Harry. Deretter gjer han eit ritual som gir Voldemort ein ny menneskeleg kropp. Dette inneber å ta bein frå faren (Tom Venster senior), kjøt frå tenaren (Ormsvans kuttar av den eine handa si) og blod frå fienden (Harry) i ein eliksir. Voldemort tilkallar alle dødseterene (som inkluderer Draco sin far, Lucius) ved hjelp av Mørkes Merke. Dei blir vitne til ein duell mellom Voldemort og Harry. Voldemort torturerar Harry, og når dei duellerar oppstår ein forbining kalla Hexicus Historicus mellom tryllestavane deira. Dette får åndene etter dei som Voldemort sist har drepen til å kome fram, inkludert er Harry sine foreldre, Frank Brask og Fredrik. Harry blir så vidt beskytta av åndene og flyktar med Fredrik sin kropp, etter hans ynskje, ved å bruke pokalen.

Når Harry returnerar til Galtvort, fortel han Humlesnurr og Magiministeren Kornelius Bleouf at Voldemort har returnert og er ansvarleg for Fredrik sin daud. Galøye førar ein knust Harry opp i borga igjen, der han stiller spørsmål som gjer Harry mistenksam. Galøye avslørar at det var han som la Harry sitt namn i eldbegeret, assisterte Fredrik og Nilus i å hjelpe Harry, forheksa Krumm, osv. Humlesnurr, Slur og McSnurp komer og tvinger Verifiserum, ein eliksir som gjer at offeret snakkar sant, i Galøye. Han avslørar at han ikkje er den ekte "Galøye" Bister og at den ekte er fanga i den magiske kofferten til bedragaren, utanom det magiske auga og den falske leggen til den ekte Bister. Polyksiren forsvinn og den falske Galøye viser seg å vere Bart Kroek Jr., som viser eit pulserande Mørkes Merke på armen sin, noko som tydar at Voldemort er tilbake.

Like etter møtes elevane og personalet på Galtvort, Durmstrang og Beauxbatons i Storsalen for å seie farvel til Fredrik. Humlesnurr oppfordrar dei til å kjempe mot Voldemort, og elevane frå Durmstrang og Beauxbatons forlèt Galtvort.


Skodespelarar[endre | endre wikiteksten]

Rolle Skodespelar
Harry Potter Daniel Radcliffe
Ronny Wiltersen Rupert Grint
Hermine Grang Emma Watson
Fyrst Voldemort Ralph Fiennes
Albus Humlesnurr Michael Gambon
Severus Slur Alan Rickman
Rubeus Gygrid Robbie Coltrane
Alastor «Galøye» Bister Brendan Gleeson
Rita Slita Miranda Richardson
Sirius Svaart Gary Oldman
Fredrik Djervell Robert Pattinson
Viktor Krumm Stanislav Ianevski
Fleur Delacour Clémence Poésy
Cho Chang Katie Leung
Gulla Wiltersen Bonnie Wright
Petter Pittelpytt Timothy Spall
Draco Malfang Tom Felton

Reaksjon[endre | endre wikiteksten]

Billettkontor[endre | endre wikiteksten]

Ildbegeret tente 897 million amerikanske dollar over heile verda.

Kritisk mottaking[endre | endre wikiteksten]

Harry Potter og Ildbegeret fekk gode tilbakemeldingar. På Metacritic fekk filmen ein score på 81, som tydar «universell anerkjennelse».

Mellom anna Harry, Ronny og Hermine sin modenskap imponerte dei fleste kritikarar. I dei tidlegare filmane har karakterane blitt framstilt som born.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Filmen vann Blimp Award for Favoritt film på Kids Choice Awards i 2006.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Filmen Harry Potter og ildbegeret

Kjelder[endre | endre wikiteksten]