Fyrste trollmannskrigen
Utsjånad
Den fyrste trollmannskrigen er ein fiktiv krig i Harry Potter-serien av J.K. Rowling som varte frå ca.1970 og slutta brått 31. oktober 1981 då Fyrst Voldemort prøvde å myrde Harry Potter. Denne perioden vart merka som den opphavlege "regjeringstida" til Fyrst Voldemort.
Alt starta eigentleg med ein stor konflikt som går heilt tilbake til 1940-talet, men krigen starta offisielt i 1970 då Fyrst Voldemort gjorde opprør med hjelp av sine dødsetarar og vonde magiske vesen. Desse tente han og førte terror både i den magiske verda og i gompeverda. Dei blei motarbeidde av Magidepartementet og av Føniksordenen, ein organisasjon stifta av Albus Humlesnurr som spelte ei avgjerande rolle. Krigen gjekk for seg i trollmannsverda i Storbritannia.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2024) |