Jakamarfuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Galbuliformes)
Hopp til navigering Hopp til søk
Jakamarfuglar
Rusthalejakamar (Galbula ruficauda) Foto: Flickr-brukar Mike's Birds
Rusthalejakamar
(Galbula ruficauda)
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Tetrapodomorpha
Orden: Jakamarfuglar Galbuliformes

Jakamarfuglar er ein biologisk orden, Galbuliformes, av små til mellomstore fuglar med lange halar som er nært i slekt med spettefuglar. Dei lever i regionen som inkluderer Sør-Amerika, Sentral-Amerika og delar av Mexico. Dei samlar to familiar, dovenfuglfamilien, Bucconidae og jakamarfamilien, Galbulidae.

Begge familiane har nært slektskap med spettefuglar, men formar ei eiga evolusjonær utviklingslinje.

Dette er insektetande fuglar som fangar byttet i lufta. Dei er skogsfuglar i lågtliggande område og er hòlerugarar med reir inne i bakken eller i termittuer i skogshabitat.

Det er ulike syn på den taksonomiske handsaminga av denne utvikligslinja. Clementslista versjon 6[1] nyttar Galbuliformes som ein sjølvstendig orden. IOC World Bird List reknar jakamarar og dovenfuglar som ein underorden Galbulae av ordenen spettefuglar, Piciformes.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (august 2011), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 25. september 2012 
  2. IOC-lista, listar jakamarar og dovenfuglar framføre Amerikanske skjeggfuglar innanfor Piciformes, lest 25. september 2012