Horvadrag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°06′0.15022″N 7°04′39.00767″E

Fotografi av området ved fossefallet Dei sju systrene. Oppe på neset bak skipet, om lag 240 m over fjorden, kan ein på dette biletet skimte tunet på Horvadrag. Garden oppe til høgre på biletet, er Knivsflå.
Biletet er teke ein gong før 1920.
Bilete av området ved Horvadrag, datert 2011. Fjellet øvst til høgre, er Grautnibba (1260 moh).

Horvadrag (dialektisk: hørvadra’je), matrikkelgard nr 106 i Stranda kommune, er ein nedlagt fjellgard ved Geirangerfjorden i Møre og Romsdal fylke.

Garden og folket[endre | endre wikiteksten]

Horvadrag[Note 1] ligg på ei bratt fjellskråning, om lag 240 moh på nordsida av Geirangerfjorden, mellom fossefalla Dei sju systrene og Brudesløret. Garden har truleg vore i bruk heilt sidan mellomalderen. I 1606 er det nemnt ein Anntonnis Horuedrag[1] og i manntalet for 1701[2] er det nemnt at ein Peder bygsla bruket. Presten Hans Strøm nemner i «Beskrivelse over Fogderiet Søndmør»[3] at i tida omkring 1766 var der éin «gaardmand».

På garden var der stovehus, eldhus og løe, og på slutten av 1800-talet kunne dei vinterfore 9 storfe og meir enn 40 geiter og sauer[4]. Etter folketeljinga for 1875 budde der på Horvadrag ei familie på 9 personar: mann og kone, tre born, to tenestejenter og kårfolk.

Garden var særs utrygg for steinskred, og naturtilhøva gjorde at faren for slike skred var aukande. Ein gong før 1898 omkom ein person i ei skredulykke[5]. I 1899 tok eit skred halve stovehuset og der var berre eit lukketreff at ikkje nokon omkom. Folket på Horvadrag rekna garden for ein god stad å bu, og hadde slett ikkje noko ynskje om å flytte derifrå, men på grunn skredfaren såg dei seg likevel nøydd til forlate staden. Våren 1900 vart garden fråflytta. Den siste brukaren var Sølfest Andreassen Horvedrag (1870-1950) og han flytta med heile familien sin til garden Klokk i Ramstaddalen i Sykkylven[6]. Sidan har det ikkje budd folk på Horvadrag og ein liten rest av stovehuset, gøymd under ein bergrabb, er det einaste som i dag står att av gardstunet.

Garden var einbølt fram til 1872[7]; det vart då fråskild eit bruk som vart kalla Megardsplassen (Midgarden), som ligg litt vestanfor, og litt høgare enn tunet på hovudbruket.

Horvadrag er varig freda etter kulturminneloven, kulturminne id: 226913 (sjå lenke til kulturminnesøk nedanfor).

Muren ved Ytstehornet[endre | endre wikiteksten]

Horvadrag hadde sommarsæter høgt til fjells, i ein hamnedal mellom Grautnibba[Note 2] (1260 moh) og Ytstehornet (1153 moh). Staden ligg rett ovanfor garden, men der er så bratt at det ikkje er mogeleg å gå oppover. Sætrevegen var såleis særs lang og mødesam; krøtera måtte gå ned den bratte stien til sjøen, og dei vart deretter frakta med båt om lag 1,5 km til grannegarden Knivsflå. Derifrå gjekk dei den lange vegen over fjella til sommarstølen, truleg ein tur på meir enn 3 km i særs brattlendt terreng.

Ikkje langt frå denne sætrevollen, på om lag 1130 høgd over fjorden, finn ein i dag ein fint oppmurt steingard, over ein meter høg og nær 150 meter lang. Det heiter seg at det var Horvardragfolket og Knivsflåfolket som laga muren, men ingen har kunna seie noko pålitande om dette, heller ikkje om når muren skulle ha vore bygt. Det som er sikkert, er at det ein gong i tida vart lagt ned eit enormt arbeid med å bygge muren, og mange trur helst at han er særs gamal. Mest truleg vart han bygt for lang tid attende, kanskje som stengsel for jakt etter reinsdyr. Det er såleis litt av eit mysterium om kven som har bygt muren, når det vart gjort, og ikkje minst kva formål muren kan ha hatt. Sjå òg: Steingardar høgt til fjells (Steingardar i Noreg)

Muren, og sætrevollen, er per i dag ikkje blitt granska av arkeologar og kulturminne-registrering er ikkje gjort.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Etter «Norske Gaardnavne» av Oluf Rygh, har namnet samanheng med ordet «horvardrag», dvs fure etter ei horv, og her viser namnet til skred-furer eller liknande striper i fjellsida.
  2. «Grautnibba»: namnet er truleg ei nyare forvansking og namnet på fjellet skal truleg rettare vere «Grjothornet» eller «Grjotnibba» (av norrønt grjót).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lensrekneskap 1606/07 for Sunnmøre avskrift 2004 v/Ivar S. Ertesvåg
  2. Manntal for 1701 Horvedrag (Digitalarkivet)
  3. Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør av Hans Strøm (1766) - side 290
  4. Geiranger: En beskrivelse med billeder av Edv. Hole (Christiania 1905), side 26f
  5. NGU rapport nr 2006.039, side 9
  6. Folketelling 1900 for Ystehaug Klokk (Digitalarkivet)
  7. Sunnylven og Geiranger 2 : Gard og ætt (om Midgarden: side 455) Stranda sogelag 1993.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

207 Geirangerfjord.jpg
Verne- og miljøstatus for Geirangerfjorden:
Landskapsvernområde Geiranger-Herdalen
UNESCO Verdsarv-liste Vestnorsk Fjordlandskap
Miljødirektoratet Søk i Naturbase for Stranda