Syltavik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°05′4.1″N 7°01′41.4″E

Utsyn frå Ljøen på vestsida av Sunnylvsfjorden, inn over Geirangerfjorden med Lundanes til venstre i biletet. Om lag midt på biletet kan ein lengst inne skimte tunhusa på Syltavik nede ved fjorden.
Foto: Sept 2011

Syltavik eller Syltevik i Stranda (dialektisk: syltavikja), matrikkelgard nr 127 i Stranda kommune, er ein nedlagt gard ved Geirangerfjorden i Møre og Romsdal fylke.

Om namnet: Oluf Rygh[1] trur at namnet skriv seg frå ordstammen sult, og dermed kan sikte til ein lavtliggande, fuktig stad (ein liten sump). Jamfør: Sylte i Vanylven. Lokalt er namnet gitt ei meir folkeleg tyding, sjå side 21 og 22 i boka «Geiranger: en beskrivelse med billeder»[2]

Syltavik[3] ligg på sørsida av Geirangerfjorden, på motsett side av fjorden finn ein fossen Brudesløret og øydegarden Megardsplassen. Den næraste grannegarden er Blomberg som ligg om lag 400 m høgare i fjellsida bak Syltavik (sjå bilete). I «Beskrivelse over Fogderiet Søndmør»[4] (1766) er garden nemnt «Sylteviig» og er oppført med éin «gaardmand». I 1606 er det nemnt ein Peder Sylteuig[5], truleg den same personen som i 1611 vart utkommandert til Kalmarkrigen (1611-1613).

Tunhusa ligg om lag 30-40 m opp frå fjorden og ha vore mindre utsett for skred, men år om anna har det gått snøfonner snart på ei side av tunet og snart på hi. I 1855 tok ei snøfonn kvernhuset på garden og ein mann omkom[6]. Særleg ille var det i 1860-åra då garden vart råka av mange skred og ulykker, slik at folk ei tid ikkje turde bu der om vinteren[2][7].

Dei høge fjella bak garden stenger for sola, så Syltavik er ingen korngard, men der er god hamnegang for dyr og god naustplass. Frå 1738 vart øydegarden Sylteviklia brukt saman med Syltavik. Det vart slutt på gardsdrifta omkring 1960.

Den ideelle foreininga «Storfjordens venner»[8] har vore med på å setje i stand stovehuset på garden.

207 Geirangerfjord.jpg
Verne- og miljøstatus for Geirangerfjorden:
Landskapsvernområde Geiranger-Herdalen
UNESCO Verdsarv-liste Vestnorsk Fjordlandskap
Miljødirektoratet Søk i Naturbase for Stranda

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Norske Gaardnavne» av O. Rygh (Oslo, Børsum, 1969)
  2. 2,0 2,1 Geiranger: en beskrivelse med billeder av Edv. Hole (Christiania 1905), om Syltevik: side 21-23
  3. Sunnylven og Geiranger 2: Gard og ætt (om Syltevik: side 587) Stranda sogelag 1993.
  4. Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør av Hans Strøm (1766) - side 290
  5. Lensrekneskap 1606/07 for Sunnmøre avskrift 2004 v/Ivar S. Ertesvåg
  6. Skrednett NVE Snøskred i Syltavika 18.4.1855
  7. Skrednett NVE Snøskred i Syltavika 28.2.1868
  8. Storfjordens venner

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]