Håkjerringfiske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Håkjerring ved skutesida. Under kveitefiske har håkjerring vorte fiska og avliva for å avgrense skaden på kveitelina.
Foto: Ivar Arne Vartdal

Håkjerringfiske har vorte utført for å få tak i den oljehaldige levra. Håkjerring er ein haifisk som lever i nordlege havområde. Ho lever helst på mudderbotn der det er 200-600 meter djupt. Synet er dårleg men luktesansen god. Håkjerringa er treg i rørslene.

Fisket[endre | endre wikiteksten]

Det har vorte fiska håkjerring fleire stader i utbreiingsområdet.

Fiske i open båt[endre | endre wikiteksten]

Ein fire meter lang håkjerring vert dratt opp på sjøisen.

Island veit ein at det vart drive håkjerringfiske på 1300-talet. Truleg har fisket funne stad endå tidlegare.[1] Håkjerringfiske var havfiske. Det vart drive på bankane rundt heile øya. Det var viktigast for folk i vest og nord. Aktiviteten var størst i tider med høg tranpris, som til dømes på 1700-talet. Då vart trana brukt til lyse i København. Dette fisket la grunnlag for velstand mellom handelsmennene på vestkysten.[2] Bruken av parafin i lampane førte til sterk prisnedgang.

Vanlegaste reiskapen til håkjerringfiske var hákarlavaður, eit ekstra solid handsnøre. Mellom søkkjet og den store ongelen var det jarnkjetting. Dette for at håkjerringa ikkje skulle bite av snøret. Snøret kunne vere opp til 200 famner langt. Håkjerringa yter lite motstand når ho er fast på ongelen. Same sort onglar vart brukt på hákarlalað, som har fleire onglar, og liknar på eit grovt kveitevad. Lagvaður hadde flotørar i overflata. Over eit tungt søkke på botnen var to til seks onglar monterte på ei horisontal stang. Dei opne båtane som vart brukte hadde minst 9 mann, og var helst over 25 fot lange.[3]

I Noreg kjenne ein til håkjerringfiske på 1600-talet. Her var det helst noko større båtar, som fembøringar og sunnmørsottringar. Fiske har først og fremst vorte drive på bankane utanfor Troms og Finnmark. Reiskapen har vore omtrent som handsnøret på Island. Ein stor og grov juksa. På Sunnmøre har han vorte skildra slik:[4] «I snøret hadde dei ein stein på om lag 3 kg. Ongelen var heimegjord av herda stål med 10 tommar legg. Bukta hadde ei vidd på 4 tommar. Til agn brukte dei spekk av nise eller kobbe og agnet vog om lag 2 kg.» På Sunnmøre vart det fiska både på bankane og i dei djupe fjordane. Det ser ikkje ut som deltakinga var like stor som i Nord Noreg.[5] På 1800-talet fiska dei håkjerring på ettervinteren og våren i Troms. I Finnmark ser det ur til at det vart fiska mest om hausten.[6] På Sunnmøre finn ein at fisket starta i september.

Ved Grønland finn ein ofte håkjerring i stimar på grunt vatn. Dette har gjort at eskimoar har drive fangst frå kajakk. Reiskapen er då gjerne harpun. I mørke har det vorte brukt lys til å lokke opp fisken.[7] Mengda av håkjerring som vart fiska varierte på Grønland og. Gjennom siste del av 1800-talet auka fangstane jamt. Kring 1900 vart det fiska om lag 32 000 håkjerringar årleg.[8]

Dekka fartøy[endre | endre wikiteksten]

Håkjerringongel brukt til linefiske. Forsyn av kjetting.
Foto: Andreas Vartdal

Dei første forsøka med dekka fartøy til håkjerringfiske ser ut til å ha vorte gjorde frå Hammerfest.[9] I 1840 vart det starta eit interessentskap. Det vart innkjøpt to dekka fartøy frå Bergen. Det var truleg klikerbygde hardangerjakter. I tre sommarmånadar fiska dei på bankane utanfor Sørøya. Utbyttet vart så godt at det vart bygd 3 skonnertar som deltok i fisket året etter. Det vart og oppretta interessentskap i Alta og i Tromsø.

I 1841 var fiskeriet mislukka. I 1867 vart 49 dekka fartøy utrusta frå Hammerfest. 35 av dei høyrde heime i byen. I 1868 hadde samla fangst ein verdi på 54 000 spesidalar. Mot slutten av hundreåret minka fisket. Prisane var låge, og interessa minka. Håkjerringfiske gjorde Hammerfest til ein føregangsby med fiske frå dekka fartøy.

Ein oppdaga at håkjerringa var å finne over større område, og fisket gjekk føre frå Austisen til Svalbard. Det vart fiska med korte liner, gjerne med 12 onglar. Desse onglane, håkjerringkrokane, var noko mindre enn dei som hadde vorte brukte på handsnøre. Forsyna var framleis av kjetting.

Under første verdskrig var tranprisane høge, og håkjerringfisket tok seg opp. Særleg var det store kvanta i 1916 og 1917. Norske fartøy drog til havområda kring Island og Grønland og fiska der. Etter krigen fall prisane på ny, og fisket minka vekk.

Krok som vert brukt når ein tar håkjerring ombord i fiskefartøyet.
Foto: Andreas Vartdal

Frå 1927 tok fisket seg på ny opp att. Selfangstskutene i Danskestredet hadde med håkjerringliner og dampkjel til å dampe trana or levra. Når selfangsten var slutt, og stundom før han starta,[10] vart det fiska håkjerring. Det var med å gi betre lønsemd på selfangstturen. Selfangstskuten brukte langliner med håkjerringonglar og forsyn av kjetting. Til agn brukte dei selspekk og håkjerringkjøt. Dette fisket held fram til det måtte opphøyre under andre verdskrigen.[11]

Håkjerring vart fiska for levra. Lina vart hivd inn med linespel. Når håkjerringa låg ved skutesida, vart det krøkt ein stor krok under fremste ryggfinnen. Og fisken vart heist ombord. På store håkjerringar måtte det festast ei vaierstropp rundt kroppen i tillegg. Hangande over dekk vart ho oppsprett slik at levra rann ut og vart oppsamla. Resten av fisken vart kasta over bord.

Etter 2. verdskrigen tok fiskeriet seg opp. Prisane var gode nokre år. 1948 var toppåret, både i oppfiska kvantum og verdi. Mange fartöy drev fangst fra Austfinnmark etter krigen. Frå Vardø kjenner ein til at fartæy heilt ned i 35 fot dreiv fangst opp mot Novaja Semlja, og inn mot iskanten.

Kommersielt fiske vart i stor grad drive av selfangarar, som binæring under sommarturen til Danmarkstredet. Klappmyss vart sommar-freda frå 1961 og 1960 er det siste året fiskeristatistikken gjev opplysningar om håkjerringfisket. Då var utbyttet 101 tonn håkjerringlever til ein verdi av 95 000 kr. [12]

Håkjerring er ikkje freda. Det er likevel verdt å merke seg at ein annan stor hai-art, håbrand, er totalfreda i norske farvatn.[13]

Fangsten[endre | endre wikiteksten]

Håkjerringa vert fanga først og fremst på grunn av den oljehaldige levra. Stundom har ein òg nytta skinnet, kjøtet og skjelettet.

Levra[endre | endre wikiteksten]

Men ingen blant alt det der røres i Hav,
Er riger' paa Lever, hvor Tran giøres af,
End vores Haa-kiering hin gamle

Ein tidleg metode å vinne tran på var å la levra stå i opne kar til feittet, råtrana, skilde seg ut og flotna opp. Vatn, cellevev og anna avfallsstoff, kalla graksen, sakk til botnen. Tran kunne og verte framstilt ved brenning av tran i opa gryte. På Island vart levra samla i store trekassar på land. For å utvinne trana, vart ho kokt i store jarngryter.

Kring 1850 tok ein til å stime levra ved framstilling av medisintran. Ein lét då stim påverke levra direkte eller indirekte. Etter kort tid sprakk cellevevet i levra, og trana flotna opp. Etter dett vart bruk av damp viktigaste metoden for framstilling av håkjerringtran. Det vart òg teke i bruk ombord i fiskefartøya. Sidan mange av dei, som til dømes selfangstskutene, hadde dampmaskin, høvde dette godt. Levra vart då dampa så ho småkokte om lag ein halv time. Tranen vart så fløytt av og lagra på fat eller tankar. Botnfallet, graksen, gjekk over bord.

Ved landanlegg hadde ein plass nok til at levra kunne stå og gjære ei vekes tid. Då sprekk cellevevet lettare. Ho vart gjerne kokt 2–3 gonger under stadig høgre temperatur. Til slutt vart graksen pressa.

Etter andre verdskrigen byrja ein å bruke separator til å skilje ut tranen etter damping. Det vart òg vanleg å male levra. Ein kunne då bruke mindre damp, og få betre kvalitet. Ved effektiv utvinning kunne ein få 60 liter tran av ein hektoliter lever. Feittinnhaldet i levra varierer etter kvar håkjerringa har vorte fanga. Det gjer og mengda av vitamin-A i tranen. Dette kjem truleg av at håkjerringa lever av ulike fiskeslag på dei ulike fiskefelta. Vitamin-A innhaldet er størst der håkjerringa lever av feite fiskar som kveite, lange og brosme. Det gjer ho mellom anna på Storegga og ved Shetland og Færøyane. Dei som lever av mindre torsk og sei, som til dømes på Finnmarkskysten og i Barentshavet, har mindre vitamin-A.

Skinnet[endre | endre wikiteksten]

Skinnet på håkjerringa kan garvast til lêr som er vass- og lufttett. På Island har det vorte brukt til sko. Små hudtenner gjer at lêret ikkje vert glatt. Det har vorte brukt til pusseskinn, og til andre lêrvarer, som vesker og smykkeskrin. På 1930-talet vart det eksportert til Tyskland for garving. For at skinnet skal verte fint må det takast hand om straks fisken er fanga.

Kjøtet[endre | endre wikiteksten]

Mand skiær hendes Kiød udi Reklinge-Rad,
Dog bliver det ingen velsmagende Mad,
Førend den kand ars-gammel vorde

Medan levra utgjer om lag 12% av håkjerringa, utgjer kjøtet om lag 50 %. Det inneheld om lag 13,5 % feitt og 12,5 % protein. Kjøtet kan etast, men det har tradisjonelt vorte rekna som dårleg mat. I Noreg har ein særleg brukt håkjerringkjøt under dei to verdskrigane. Under første verdskrigen vert det salta og eksportert til Tyskland. Under andre verdskrigen vart det marknadsført som «kvit størje». I 1943 vart det ilandteke 72 tonn håkjerringkjøt som skulle brukast til konsum. Sal og konsum av håkjerringkjøt har og vore vanleg fleire stader i USA.

At håkjerringkjøtet ikkje er særleg ettertrakta, kjem først og fremst ammoniakklukt. Det har òg vorte hevda at det er giftig for menneske. Ein har i nyare tid funne ut at når fisken vert rett avliva, slik at blodet får renne or kjøtet, og kjøtet straks vert teke vare på, så inneheld det ikkje ammoniakk. Det kan då hurtigfrysast straks etter avliving. Kjøtet kan òg brukast til menneskeføde salta og isa.

Tørking av håkjerring på Island.
Kæstur hákarl er fermenterisert håkjerring. Dette vert selt i daglegvarehandelen på Island heile året. Smaken er prega av ammoniakk slik som hjå sterke ostar.

Om håkjerringkjøtet vert liggande før det vert teke vare på, utviklar det seg raskt ammoniakk. Då kan det vere giftig. Det kan føre til at den som et det vert «haifull», ein tilstand som liknar på alkoholrus. Dette gjeld både menneske og dyr. Om trekkhundar får slik mat, vil dei ofte sovne, og hundekøyraren må vente til dei har sove ut rusen.

Før ein kunne konservere kjøtet slik ein gjer i dag, vart det og nytta til mat. Det kunne verte tørka som rekling, om lag som det har vorte gjort med kveitekjøt. Dette kjenner ein til både frå Grønland, Island og Noreg. Det heiter gjerne at det måtte henge eit år. Frå Island kjenner ein til at folk let håkjerringkjøtet ligge i dunge eller verte nedgrave, før det vart hengt til tørking. Då hadde det gjæra.

Skjelettet[endre | endre wikiteksten]

Eskimoar har ete brusken i håkjerringskjelettet saman med varmrøykt håkjerringkjøt. På Island kunne brusken ligge i syra, sur myse, før han vart eten.

Sportsfiske[endre | endre wikiteksten]

Det vert drive sportsfiske etter håkjerring. Ein fiskar då i djupe fjordar. Særleg har Trondheimsfjorden vore populær. Norgesrekorden er på 1099,2 kg. Tidlegare vart fisken teken med til land og vegen. No måler ein lengd og omkrins, og reknar vekt ut etter ein tabell. Fisken vert oftast sleppt fri.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Taksdal s. 135
  2. Carlson s. 11
  3. Taksdal s. 136
  4. Moltu s 185
  5. Strøm
  6. Bygdebok for Karlsøy og Helgøy
  7. Carlson s. 14
  8. Carlson s. 14
  9. Solhaug s 238
  10. R. Berg
  11. Vollan
  12. http://snl.no/h%C3%A5kjerring
  13. http://www.aftenbladet.no/nyheter/lokalt/Hakjerring-er-ikke-fredet-1953757.html#.T-luiFL4JvU

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bergh, Richard: Engang ei ishavsbygd Herøy kulturstyre 1981
  • Carlson, Levy: Håkjerringa og håkjerringfisket. Fiskeridirektoratets skrifter 1958
  • Dass, Petter: Nordlands Trompet. Utgitt av Didrik Arup Seip. Oslo 1967
  • Taksdal, Turid: Trekk frå islandsk folkekultur. Universitetsforlaget 1986.
  • Moltu, Paul: Fiskarsoga frå Sunnmøre og Romsdal. Ålesund 1932
  • Solhaug, Trygve: De norske fiskeriers historie 1815-1880 Universitetsforlaget 1976
  • Strøm, Hans: Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør. I-II. Sorøe. 1762 og 1766.
  • Vollan, Odd: Ishavsfart Selfangsten fra Sunnmøre gjennem femti år. Ålesund rederiforening 1951
  • Karlsøy og Helgøy Bygdebok Periode X