Håvard Lie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Håvard Lie
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. mai 1975 (48 år)
Orkdal kommune
Idrett skihopping

Håvard Lie (fødd 21. mai 1975) er ein tidlegare skihoppar frå Orkdal, medlem i Byåsen Idrettslag.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Lie debuterte i verdscupen under eit renn på Lillehammer 3. desember 1995. Totalt deltok han i 32 verdscuprenn og hans beste individuelle plassering var ein fjerdeplass i Falun 13. mars 1997. Han var med i Noreg sin tropp til verdsmeisterskapen i Trondheim same sesongen, der han vart nummer ni i normalbakkerennet. Saman med Roar Ljøkelsøy, Espen Bredesen og Lasse Ottesen hoppa han Noreg til ein femteplass i laghoppinga under meisterskapen. 1997-sesongen var hans beste i verdscupen, totalt enda han då på 28. plass med 160 verdscuppoeng.

Dei følgjande sesongane hamna Lie langt nede på resultatlistene i verdscupen. Frå 2002-sesongen og fram til 2004, då han la opp, måtte han jamnast nøye seg med å delta i kontinentalcupen i skihopping. Berre sjeldan fekk han prøve seg i verdscupen, utan noko gong å ta verdscuppoeng.

Lie var sidan trenar i treningsgruppa Trønderhopp.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og verdscuprenn[endre | endre wikiteksten]

  • 1997: Nr 4 i storbakken i Falun. Nr 9 i normalbakken i VM i Trondheim
  • 1998: Nr 26 både i Engelberg og Oberstdorf
  • 2000: Nr 31 i Lahti
  • 2001: Nr 19 i Trondheim

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]