Hedysarum alpinum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hedysarum alpinum
Hedysarum alpinum
Hedysarum alpinum
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Erteblomordenen Fabales
Familie: Erteblomfamilien Fabaceae
Underfamilie: Faboideae
Stamme: Hedysareae
Slekt: Hedysarum
Art: H. alpinum
Vitskapleg namn
Hedysarum alpinum

Hedysarum alpinum er ein blomstrande planteart i erteblomfamilien. På engelsk er han kjend som alpine sweetvetch,iñupiaq er han kjend som masu. Arten har sirkumpolar utbreiing, og finst på nordlege breiddegrader på heile den nordlege halvkula. I Nord-Amerika er han utbreidd i Canada og i nordlege delar av USA, medrekna Alaska.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Blome av Hedysarum alpinum.

Planten er ein staude som dannar fleire opprette stilkar frå rota. Han når ei høgd på 70 centimeter (28 in). Pålerota er tjukk og vedaktig, og har jordstenglar som kan produsera nye stilkar. Blada er delte opp i fleire mindre delar som kan vera opptil 3,5 centimeter (1,4 in) lange. Blomestanden er ein tett klase av blomar.[1] Desse er rosa eller lyselilla av farge, og opptil 1,5 centimeter (0,59 in) lange.[2] Dei blir pollinerte av insekt som humler og honningbier. Frukta er ei flat belgfrukt som smalnar mellom frøa, og kan ha opptil 9 segment.[1]

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Planten veks typisk i subarktisk og nordlege tempererte klima. Han finst i tundra- og taiga-habitattypar, på elvesletter, grassletter og tørre skogar. Planten er godt tilpassa jordsmonn som inneheld mykje kalsiumkarbonat. Han er vanlegvis ikkje ein dominerande art, men er reknande som dominerande i fleire elvedelta og sletter i Alaska. Han er ein pionerart på elvesletter som nyleg er blitt skylte av vatn og is. Planten veks i lag med vier og bjørk lang vassfar og i skogar dominerte av gran. Han veks på grassletter i lag med grasartar som Schizachyrium scoparium, Poa compressa og Leymus mollis.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Planten er ei viktig matkjelde for mange dyreslag, som svartbjørn, grizzlybjørn, amerikansk bison, elg, tynnhornsau og karibu (rein). Bjørnar er flinke til å grava opp dei næringsrike røtene. Desse røtene er hovudnæringskjelda til grizzlybjørnar i nokre områe, som Banff nasjonalpark. I delar av Alaska er planten hovudnæringskjelde for tynnhornsau og karibu. Mange små pattedyr som smågnagarar og røyskattar et han, og ei rekkje fuglar hekkar i alpint habitat der planten veks.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Urfolk i Alaska har brukt og bruker framleis planten til mat, særleg dei tjukke røtene.[1] Desse skal smaka som unge gulrøter.[2] Inupiatfolk kallar planten vill potet, og får kostfiber frå røtene. Etter villfrukt er planten den viktigaste matkjelda for dena'inafolk .[1] Ein har også trent opp hundar til å finna rotlager som er blitt samla av myser.[2][3] Ein kan eta røtene rå eller tillaga på ulike måtar, som kokte, omnsteikte eller steikte i feitt. Ein kan lagra dei i smult eller olje og eta dei når ein går tom for annan mat.[1] Frøa bør ikkje etast råe, eller i store mengder, sidan dei inneheld L-canavanin. Dette er lagt fram som ein mogleg årsak til dødsfallet til villmarksbuaren Christopher McCandless.[4][5][6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Gucker, Corey L (2007). «Hedysarum alpinum». Fire Effects Information System, [Online]. U.S. Department of Agriculture, Forest Service, Rocky Mountain Research Station, Fire Sciences Laboratory. Henta 11-22-2011. 
  2. 2,0 2,1 2,2 S.G. Aiken, et al. 1999 onwards. Hedysarum alpinum var. alpinum. Flora of the Canadian Arctic Archipelago: Descriptions, Illustrations, Identification, and Information Retrieval. Version: 29 April 2003. Henta 11-22-2011.
  3. Hedysarum alpinum. Native American Ethnobotany Database. Retrieved 2016-12-10.
  4. Jon Krakauer (February 11, 2015). «How Chris McCandless Died: An Update». The New Yorker Blog: Page-Turner. 
  5. «Krakauer's wild theory on McCandless gives short shrift to science». Anchorage Daily News. 18 September 2013. 
  6. Treadwell, Edward M.; Clausen, Thomas P. (2008). «Is Hedysarum mackenziei (Wild Sweet Pea) Actually Toxic?». Ethnobotany Research & Applications 6: 319–321. doi:10.17348/era.6.0.319-321. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]