Stine Skogrand
Stine Skogrand | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. mars 1993 Bergen |
Idrett | handball |
Stine Ruscetta Skogrand (fødd 3. mars 1993) er ein norsk handballspelar frå Bergen som frå 2016 har spelt på den danske klubben Silkeborg. Kantspelaren vart verdsmeister med Noreg i 2015 og europameister året etter.
Skogrand spelte i yngre år på Fyllingen IL og deretter TIF Viking. Til sist melde ho seg til teneste for Tertnes IL, det leiande handballaget i Bergen. Sidan sommaren 2016 er ho aktiv i den danske toppserieklubben Silkeborg-Voel.
Skogrand fekk sin landslagsdebut den 20. april 2013 mot Sør-Korea. Ho måtte vente til handball-VM 2015 før ho fekk vere med i ei meisterskapsturnering, ein meisterskap som enda med norsk finalesiger og gullmedalje. Ho fekk ikkje plass i troppa til Sommar-OL 2016, men var på plass då Noreg vann europameisterskapen 2016 i Göteborg.
Merittar[endre | endre wikiteksten]
- VM 2015: Gullmedalje etter 31-23 mot Nederland
- EM 2016: Gullmedalje etter 30-29 mot Nederland
- EM 2020: Gullmedalje etter 22-20 mot Frankrike
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Stine Skogrand» frå Wikipedia på bokmål, den 14. januar 2017.