Sanna Solberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sanna Solberg

Sanna Charlotte Solberg 20141115.jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. juni 1990 (32 år)
Bærum
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2016, Handball under Sommar-OL 2016 – Kvinner, Handball under Sommar-OL 2020 – Kvinner

Sanna Charlotte Solberg (fødd 16. juni 1990) er ein norsk handballspelar som sidan 2014 spelar på Larvik HK. Ho har i tida 2014-16 vunne EM-gull, VM-gull og OL-bronse med det norske landslaget. Ved utangane av 2018 har ho delteke i 127 landskampar og skåra 225 mål. Kantspelaren er tvillingsyster til målvakta Silje Solberg.

Sanna Solberg spelte på Helset IF til 2010, då ho melde overgang til Stabæk IF i den norske toppserien. Sommaren 2014 flytta ho vidare til den suverene noregseinaren Larvik HK. Med Larvik-klubben vann ho NM-gull i 2014 og 2015, og vart seriemeister både i 2015 og 2016.

I juli 2010 var Solberg med på vinne junior-VM i handball. Same hausten, 21. september 2010, fekk ho sin landslagdebut mot Romania. Under handball-EM 2014 i Ungarn skåra ho mange mål frå venstrekanten, i ein meisterskap der Noreg kleiv til topps etter finalesiger 28-25 over Spania. Året etter var ho også med på det norske laget som vart verdsmeister under VM 2015. Under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro fekk ho auka medaljesamlinga med bronse, etter at Noreg tapte ein jamn semifinale mot Russland og deretter vann klart over Nederland i bronsefinalen.

Merittar landslag[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]