Jab'a
- Denne artikkelen handlar om landsbyen i Bethlehem guvernement. For landsbyen i Jenin guvernement, sjå Jaba i Jenin.
al-Jab'a | |||
الجبعة, Jaba'a, Jab'aa | |||
kommune | |||
Namneopphav: Ås[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Bethlehem guvernement | ||
Koordinatar | 31°40′29″N 35°04′40″E / 31.67472°N 35.07778°E | ||
Areal | 10,1 km² | ||
Folketal | 896 (2007) | ||
Folketettleik | 89 / km² | ||
Jab'a 31°40′29″N 35°04′40″E / 31.674722222222°N 35.077777777778°E | |||
Kart som viser Jab'a.
| |||
Wikimedia Commons: Jab'a |
Jab'a (arabisk الجبعة) er ein palestinsk landsby sentralt på Vestbreidda, 17 kilometer nord for Hebron og 15 kilometer sørvest for Betlehem. Han ligg tre kilometer aust for den grøne linja, i separasjonssonen, omgjeve av israelske busetjingar i Gush Etzion regional kommune og Israel si sperring på Vestbreidda. Nærliggande palestinske byar og landsbyar er Surif like ved Jaba'a, Wadi Fukin og Nahalin i nord. Han er den nordlegaste busetnaden i Hebron guvernement. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Jab'a eit folketal på kring 896 i 2007.[2]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Jab'a er datert attende til kanaanittane. Det er òg gjort funn av bysantinsk keramikk.[3]
I 1596 stod Jaba oppført i osmanske skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på tre muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, oliven, og geiter eller bikubar.[4]
I The Survey of Western Palestine (1883) vart Jeba skildra som «ein liten landsby på ein høg, smal rygg, med ein bratt dal i nord. Husa er av stein. I aust er det grotter i klippene.»[5]
I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Al Jaba'a eit folketal på 122, alle muslimar,[6] medan han i folketeljinga i 1931 hadde eit folketal på 176, framleis alle muslimar, som budde i totalt 36 hus.[7]
I 1945 var folketalet i El Jab'a 210, alle arabarar, som eigde 5 593 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[8] 102 mål var plantasjar og irrigert land, 1 880 vart brukt til korndyrking,[9] medan 12 mål var utbygd (urbant) land.[10]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Palmer, 1881, s. 296
- ↑ 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.118.
- ↑ Dauphin, 1998, s. 921
- ↑ Wolf-Dieter Hütteroth and Kamal Abdulfattah (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. s. 112.
- ↑ Conder og Kitchener, 1883, vol 3, s. 25
- ↑ J.B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table V, Subdistrict of Hebron.
- ↑ E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine. s. 32.
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 50
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 93
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 143
- Denne artikkelen bygger på «Jab'a» frå Wikipedia på engelsk, den 28. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1883). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 3. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Claudine Dauphin (1998). La Palestine byzantine, Peuplement et Populations, Vol. III : Catalogue. BAR International Series 726. Oxford: Archeopress.
- Hadawi, Sami (1970). Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine. Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral.
- Wolf-Dieter Hütteroth and Kamal Abdulfattah (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.
- E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.